Berlin-lagnader i den kalde krigen
Ved å kombinere historiefaget og journalistikken meiner Astrid Sverresdotter Dypvik det er mogleg å få fram nye sider ved historia.
Blabla
historie
janh@landro.bergen.no
Tradisjonell historieskriving legg vekt på dei store hendingane og dei viktige vedtaka. Astrid Sverresdotter Dypvik, som i neste veke kjem med ny bok, hentar også fram personar og lagnader som viser konsekvensane av det dei mektige gjer. Men helst slike som – med eller mot sin vilje – også blei aktørar, eller som illustrerer rekkevidda av det makta vedtar.
– Kven som gav ordren til at Muren i Berlin skulle byggjast, er sjølvsagt viktig. Men like interessant er det å finne ut korleis dette påverka alle dei som blei råka av vedtaket, dei som over natta opplevde at liva deira tok ei heilt ny vending. Min generasjon voks opp med at den kalde krigen fanst og var svært definerande for korleis vi såg verda. Men medan vi framleis var born, fall Berlinmuren, og det vi visste om verda, blei brått annleis.
mastergrad i historie
Astrid Sverresdotter Dypvik (39) er frå Lensvik i Sør-Trøndelag. Ho har ei mastergrad i historie, der ho skreiv oppgåve om tyskarar som blei fordrivne frå Aust-Europa i åra etter 1945, og plassen deira i nyare tysk historieskriving.
Heile yrkeslivet har ho jobba som journalist, no i Nationen, men ho har vore tilsett i fleire aviser, mellom andre Dag og Tid. I 2012 gav ho ut boka Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land. I den nye boka, Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen, held ho seg på båe sider av Muren i tidsspennet 1945–1989.
Tysk historie har alltid opptatt henne. Ho har vore mykje i Tyskland, også budd der ein del, og ho har ein særleg kjærleik til Berlin – ikkje minst fordi byen er så rik på historie.
– Da arbeidet tok til, visste eg at det skulle bli ei bok om Berlin. Så blei det etterkrigstida. Og eg har jobba mykje med å finne historier som ikkje berre var menneskeleg interessante, men som òg fortel ei større historie. Til dømes skriv eg om Werner Stiller, som dreiv industrispionasje for DDR, men hoppa av og gav vesttysk etterretning ny, verdfull informasjon om korleis Stasi jobba. Dette forandra heile «etterretningskrigen» mellom dei to statane. Også reint menneskeleg er denne historia spesiell, for motivasjonen hans for å gjere det han gjorde, var at han kjeda seg som Stasi-byråkrat. Det er når du kan kople ei spektakulær hending med ei interessant indre drivkraft, at det blir spennande.
selektiv anger
– Kvar fann du desse historiene?
– Somme fann eg i bøker og avisartiklar, andre fekk eg tips om under arbeidet og nokre leitte eg opp på nettet. Eg hadde rammeverket 1945 til 1989, så galdt det å finne personar og hendingar frå desse tiåra som kunne passe til dei temaa eg hadde sett meg ut. Då var det naturleg å byrje med samanbrotet etter verdskrigen og finne ein som kunne fortelje om den opplevinga. Så ville eg ha ein som hadde røynt livet i fangeleirane russarane tok over etter nazistane i det austlege Tyskland, osv.
I boka fortel forfattaren tolv historier. To av «hovudpersonane» er døde, men dei ti andre fekk ho intervjue. Det var ikkje alltid like lett. Især var det vanskeleg å få avtale med den tidlegare terroristen Karl-Heinz Dellwo, som berre lét seg intervjue på visse vilkår. Dyvik forstod etter kvart at jamvel om han tok avstand frå ei flykapring som enda på flyplassen i Mogadishu hausten 1977, var det ikkje alt i «karrieren» han såg tilbake på med like stor anger.
– Om vi ser bort frå Berlin og den kalde krigen, kva har desse historiene elles til felles?
– Dei handlar alle om å vere menneske i si tid og korleis ein steller seg til det. Desse menneska blir sette inn i ei verd som kanskje ikkje passar dei, eller som dei ikkje er komfortable med. Så er det psykologi eller tilfelle som styrer vala deira. Mange i boka vel eit anna liv enn dei skulle hatt. Dei bytter side, svik landet sitt eller finn seg ikkje til rette i den verda dei er komne inn i. Det eg skriv, er i slekt med kvardagshistorie.
– Men dei du skriv om, er jo ikkje kvardagsmenneske, for fleire av dei har eksepsjonelle historier?
– Jo, men denne metoden gir likevel ein annan nærleik til tida enn du får om du les vanleg historie. Du får eit anna kjensleutbytte, du kan forstå korleis det var for andre å leve i ei anna tid.
– Ei form for alternativ historieforteljing?
– Ja, ein alternativ måte å lære om og forstå historia på.
«Blod-Hilde»
– Kven av dei du skriv om, har gjort sterkast inntrykk på deg, på godt eller vondt?
– Det er vanskeleg å seie. Freya Klier beundrar eg for det ekstreme motet og uthaldet ho viste ved å vere einsleg dissident og hardt politisk forfølgd. At ho valde å stå imot DDR-regimet, hadde svært store kostnader personleg og i yrkeslivet. Ho er ein enormt karismatisk og sterk person.
Hilde Benjamin, «Blod-Hilde», gjer òg inntrykk med den rare historia si. Ho gjekk frå å kjempe mot Hitler-styret til å ende opp som nådelaus dommar og forsvarar av DDR-diktaturet.
– Har vi meir tysk i vente?
– Du skal ikkje sjå bort frå det. Eg kunne godt tenkt meg å skrive om Tyskland no. Det er eit politisk spennande land, både med Merkel, flyktningane og ein interessant energipolitikk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er når du kan kople ei
spektakulær hending med ei
interessant indre drivkraft,
at det blir spennande.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.