🎧 Svinepest over alle grenser
Medan vi menneske fryktar koronaviruset, er europeiske griser truga av ein annan virussjukdom. Afrikansk svinepest har kosta livet til kring halvparten av alle griser i Kina.
Griser samla i ei massegrav i Beihai i den kinesiske regionen Guangxi Zhuang etter at svin blei smitta av afrikansk svinepest i februar i fjor.
Foto: Yeoncheon Imjin River Civic Network / AFP / NTB scanpix
Villsvin
Ei av årsakene til at villsvin er så utbreidde i verda, er at dei er blitt flytta rundt av menneske. Dels som produksjonsdyr på gardar dei har rømt frå, dels som dyr sette ut for å bli jakta på.
Utstrekt jakt på villsvin i dei fleste europeiske land har ikkje redusert bestanden, men dempa veksten.
Dei første spora etter villsvin i Noreg er funne i Østfold og Rogaland og er om lag 9500 år gamle.
I dag finst villsvin i Noreg frå Åsnes i nord til Halden i sør.
Villsvin lever i familiegrupper med matriarken som leiardyr. Mens hodyra går i grupper, går hanndyra gjerne for seg sjølve.
I jaktåret 2018–2019 blei det registrert 310 felte villsvin i Østfold og Hedmark.
Villsvin i Sverige stammar frå nokre få individ frå innhegningar i midten av 1970-åra.
Kjelde: Handlingsplan mot villsvin 2020–2024
Afrikansk svinepest
Ein sjukdom som først var avgrensa til Afrika.
Smittar ville og tamme svin, ikkje menneske.
Smitten som spreier seg no, har utgangspunkt i eit utbrot i Georgia i 2007.
I 2014 nådde smitten dei baltiske landa og Polen, i 2017 Tsjekkia, Moldova og Romania.
I 2018 nådde smitten Ungarn, Bulgaria, Belgia og Kina. I 2019 Slovakia, Serbia, Mongolia, Vietnam, Kambodsja, Nord-Korea, Myanmar, Sør-Korea, Filippinane, Indonesia og Laos.
Grenselause svin
Ein serie om ville og tamme svin som tek med seg smitte over landegrenser og kan skade naturmangfald og dyrka mark.

Lytt til artikkelen:
Svin
christianejla@gmail.com
Svarte og rosa svin romsterer i ei enorm grop, dekt av svart plast, på veg til å bli ei massegrav. Gravemaskiner og menneske kledde i kvite plastdrakter ser ned på dei.
Ei elv, med blodsøl frå fleire titals tusen griser, nett avliva.
Dei to bileta er forstyrrande konkrete. Båe ber vitne om konsekvensane av ein smitte ingen ynskjer å få over landegrensa, for ikkje å seie nær dyra sine. Sjukdommen ber namnet afrikansk svinepest.
I denne artikkelserien skal vi sjå på dei ulike utfordringane dei grenselause svina fører med seg i Kina, Europa og Noreg.
Noreg er framleis heilt fritt for afrikansk svinepest. Det er ikkje gitt at det vil halde fram slik. I Europa er villsvin hardt råka av pesten. Døde dyr i naturen vekkjer uro blant bønder og styresmakter.
Dødeleg
Sjukdommen afrikansk svinepest smittar ikkje menneske, men for dei fleste svin inneber smitte ein sikker død. Sjukdommen er så smittsam at om ein gris i ein besetning er sjuk, må heile gruppa avlivast.
Massegrava for svin er knipsa i den autonome regionen Guangxi Zhuang i Kina for om lag eitt år sidan, etter eit sjukdomsutbrot der.
Griseblodet rann ut i ein del av elva Imjin i Sør-Korea, nær den nordkoreanske grensa i fjor haust, da masseslakt av svin som fylgje av eit utbrot av afrikansk svinepest, blei følgd av kraftig regnvêr.
Før det frykta viruset passerte landegrensa, stod Kina for om lag halvparten av svinekjøtproduksjonen i verda. FAO, landbruksorganisasjon i FN, anslo i august 2018 talet til 500 millionar griser.
I dag reknar ein med at om lag halvparten av alle dei kinesiske grisene er døde som fylgje av pest eller sanering. Det inneber i så fall om lag 250 millionar døde griser. Eller smak på denne: Ein av fire griser i verda er truleg døde som direkte eller indirekte fylgje av afrikansk svinepest.
Verdsmarknaden for svinekjøt er snudd på hovudet.
Ein varsla katastrofe
Blod, diaré, oppkast, raud hud, høg feber: Svina stryk med etter to til ti dagar. Fyrste gong nokon varsla om sjukdommen som fekk namnet afrikansk svinepest, var i Kenya i 1921. Derfrå spreidde pesten seg vidare til Angola og Sør-Afrika.
I 1957 kom pesten for fyrste gong til det europeiske kontinentet. Då nådde smitten Portugal, truleg frå Angola, ikkje berre éin, men to gonger. Då han kom i 1959, spreidde han seg også til Spania, før viruset reiste vidare til land i Karibia og Brasil, der herjingane fekk katastrofale følgjer for småbønder og bygder.
I land sør for Sahara har viruset halde stand. I Europa blei derimot sjukdommen utrydda i 1990-åra, med unntak for den italienske øya Sardinia.
Så i 2007 skjer det noko. Viruset dukkar opp i Georgia, denne gongen med ein litt annan og meir levedyktig genotype. Sidan har viruset fare både austover og vestover. I vest har smitten i stor grad, men ikkje berre, råka villsvin. I aust har han nådd tamgrisene i stort monn.
Viruset er oppdaga i villsvin så langt vest som i Polen, berre tolv kilometer frå den tyske grensa, melde nyhendebyrået Reuters i slutten av januar.
Då viruset nådde så langt aust som den russiske byen Irkutsk våren 2017, om lag 1000 kilometer frå den kinesiske grensa, lyste varsellampane i FAO. Kva om viruset spreidde seg til Kina – verdas folkerikaste land, der dei et meir enn 20 kilo svinekjøt i året per hovud og står for storparten av verdas svinedrift?
Det ville få øydeleggjande konsekvensar for dyrehelsa, mattryggleiken og -tilgangen. Det ville dessutan auke faren for at sjukdommen spreidde seg vidare også til den koreanske halvøya, skreiv FN-organisasjonen i ein risikoanalyse i mars 2018.
Fem månader seinare melde kinesiske styresmakter om det fyrste utbrotet av afrikansk svinepest. I dag har det vore sjukdomsutbrot i alle kinesiske provinsar.
Endrar marknaden
Konsekvensane kan vi sjå på bileta til denne saka: masseslakt. Mengder av griser på veg til å bli gravlagde. Akkurat kor mange griser som har lide ein liknande lagnad, er uvisst. Rabobank, som fylgjer den internasjonale handelen med svinekjøt tett, har meldt om 50 prosent nedslakting. Då Bondebladet i fjor haust intervjua den danske forretningsmannen Martin Hjorth Jensen, som sel råd om svineproduksjon i Kina, antyda han eit langt større tap, over 60 prosent.
Rabobank skriv i ein fersk rapport at sjukdom vil vere den største utfordringa på verdsmarknaden for svinekjøt også i 2020. Afrikansk svinepest held fram med å spreie seg i Kina, sjølv om tempoet har roa seg, skriv banken.
Smitte ute av kontroll
Korleis kan ein smitte som er så frykta, spreie seg til område som har så mykje å tape? Det er det ikkje eitt, men fleire svar på. Vi har å gjere med eit virus som ikkje lett lèt seg knekkje. Har du handla tørka kjøt eller kanskje frosne pølser utanlands og teke med varene heim? Er kjøtet infisert, vil viruset overleve.
Om ville eller tamme svin et infisert kjøt, er skaden skjedd. Vanleg menneskeleg transport av varer og utstyr kan bringe smitta langt av garde.
Og villsvin, som er eit av verdas vanlegaste pattedyr, kjenner som kjent ingen landegrenser. Dei et det dei finn på bakken, som matavfall og anna risikoføde. Dei kan òg snøfte rundt i nærleiken av tamgris og spreie dødsviruset til buskapar via blod og ekskrement.
Carl Andreas Grøntvedt, svinehelseansvarleg og forskar ved Veterinærinstituttet, seier til Dag og Tid at smitta i Kenya i 1921 kom då vortesvin smitta tamgriser. Utbrotet i Georgia i 2007 kom truleg fordi tamgriser blei fôra med matavfall frå internasjonal trafikk, fortel han.
I Kina har det vore rapportert om smitte frå villsvin, men ikkje mange, ifylgje Grøntvedt. FAO skildrar smittearbeid i Kina som komplekst, fordi svinenæringa er sett saman av alt frå små bakgardsbuskapar til store moderne svinebruk. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at det blir smugla kjøtvarer over landegrensene.
Forskarar i fleire land jobbar iherdig med å utvikle ein vaksine som kan hindre at viruset drep buskapar. Men arbeidet tek tid.
– Så vidt eg har forstått, er det langt igjen før ein vil kunne ha ein trygg og effektiv vaksine til bruk. Det kan ta fleire år. Og om ein får ein vaksine, er det ikkje dermed sagt at han blir teken i bruk. Det blir opp til dei enkelte kompetente styresmaktene å vurdere, seier Grøntvedt.
Prisvekst i EU-land
EU-land som Tyskland og Danmark nyt godt av rekordprisar på svineeksport til Kina, men Rabobank peikar på at det også i EU er risiko for lokale utbrot av den katastrofale sjukdommen.
Nortura-direktør Rolf Gjermund Fjeldheim, som har ansvar for bransje og marknad, trur ikkje pristoppen er nådd enno.
– Det har vore ein vekst i den europeiske prisen på minst 50 prosent sidan mars–april i fjor. I enkelte område har veksten vore så høg som inntil 80 prosent. Når det er sagt, har prisen vore svak i relativt lang tid, seier han.
Kor høg pris svineeksportørar får, heng i stor grad saman med kven dei handlar med. Den som har godt handelssamkvem med Kina, vinn på det i dag. På den måten har EU fått høgare prisar enn til dømes Russland, som eksporterer til andre marknader. USA og Canada har fram til no hatt avgrensingar i svinekjøteksport til Kina, men ei oppmjuking kan vere på gang.
I Kina oppmodar kinesiske styresmakter til produksjonsauke og omlegging, melder Rabobank.
Det kinesiske landbruket har i lang tid vore i endring. I 1970-åra var 70 prosent av svinehaldet små bakgardsbuskapar, jamført med 27 prosent i dag, ifylgje FAO.
No kan svinepesten endre landbruket drastisk.
– Produksjonen er spreidd på mange små buskapar. Dei vil no bli raderte ut, for no blir det sett kraft bak arbeidet med smitterisiko. Då vil store buskapar dominere marknaden. Om kort tid vil 20–30 aktørar ha kontroll over om lag 80 prosent av produksjonen i Kina. Det blir ei gigantisk endring, seier Fjeldheim.
Han trur bakgardsbuskapar av svin har vore ein av grunnane til at smitten blei spreidd slik han blei.
– Bønder tok levande dyr med seg, slakta dei og spreidde pesten vidare.
No er det dei store selskapa, som har betre biotryggleik og meir moderne utstyr, som satsar.
Nortura-direktøren trur det vil ta tid for Kina å byggje svinenæringa opp att.
– Ein må vere trygg på at det ikkje er smitte att før ein set i gang ny produksjon. Derfor vil det ta tid i Kina. Ein skal ha nye bygg som skal huse dyr, og ein skal ha biotryggleiken opp, seier han.
Dei store tala på døde husdyr er ei påminning om kor raskt matmarknaden kan endre seg. Kina har tidlegare supplert eigen produksjon med import. No er landet storimportør av høgt prisa svinekjøt.
Nationen skreiv nyleg at prisane no er så høge at det kan opne for norsk eksport av svinekjøt.
– Det er inga grunnleggjande forventing om å eksportere norsk svinekjøt, men det kan bli mogleg med eksport i kortare tid. Noreg har framleis eit høgkostlandbruk som skal forsyne eigen marknad, seier han.
Byggjer opp vern
EU-land som tener pengar på ein ny kjøtmarknad, kjenner òg på frykta for å få smitten over eigne grenser.
I perioden frå 21. januar til 13. februar varslar Verdsdyrehelseorganisasjonen om nye eller pågåande utbrot i 23 land, blant dei europeiske land som Bulgaria, Hellas, Latvia, Moldova, Polen, Romania, Serbia, Slovakia og Ukraina.
Viruset kan kome med turistar, jegerar, smuglarar og ikkje minst med eit dyreslag i vekst, villsvin.
I Noreg er villsvin rekna som ein framand art med høgt invasjonspotensial. I Sverige reknar dei derimot villsvinet som ein naturleg art, og populasjonen har vakse til heile 300.000. Stadig fleire av dei tek turen over grensa, og i Noreg reknar ein med at det er mellom 400 og 1200 villsvin.
Noreg har ei klar målsetjing: færrast mogleg villsvin på minst mogleg område.
I ein tysk risikoanalyse frå desember er risikoen for å få smitta villsvin i områda nær Polen eller Belgia oppsummert i eit lite, men dramatisk ord: høg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Så vidt eg har forstått, er det langt igjen før ein vil kunne ha ein trygg og effektiv vaksine til bruk.
Carl Andreas Grøntvedt, forskar
Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?