Bonden som vart oskeladd
ISLAND: Då vulkanen Eyjafjallajökull spydde oske utover halve verda, såg det svart ut for alle på garden Torvaldseyri på det sørlege Island.
Inga Julia Ólafsdottir har hatt jobb i turistbransjen i Oslo, men no har ho reist heim for mellom anna å selja oske frå vulkanutbrotet til dei mange tusen turistane som kjem til garden.
GARDSTURISME
ottar@dagogtid.no
Det var om natta laurdag 20. mars i 2010 det byrja. Raudglødande lava stod ende til vers frå Fimmvörduháls, som ligg litt unna Torvaldseyri. Mange måtte flytta frå gardane sine, men berre for kort tid. Det spektakulære fyrverkeriet vekte stor merksemd både på Island og i utlandet, og mange kom for å sjå. Turistselskap byrja å arrangera turar til området, og det vart skapt «vulkanturisme».
Den 14. april auka dramatikken. Eyjafjallajökul fekk eit utbrot og sende ei oskesky som kunne merkast over store deler av Europa. Dagane etterpå vart kring 100.000 flyavgangar kansellerte. SAS åleine hadde eit tap på 700 millionar kroner.
– Kvar dag kjem det folk hit til Torvaldseyri som fortel at dei vart sitjande oskefaste i 2010. Dei kom seg ikkje i bryllaup eller gravferd til slektningar. Mange vart sitjande fleire dagar i ein eller annan europeisk by. Eit par fortalde at dei møtte kvarandre på ein flyplass av di dei vart sitjande oskefaste, fortel bonden på Torvaldseyri, Ólafur Eggertsson.
TURISTATTRAKSJON
Torvaldseyri har for lengst vorte ein turistattraksjon, og hundrevis av bilistar stoggar kvar dag i vegkanten for å fotografera den vakre garden med det vidgjetne vulkanfjellet i bakgrunnen. Hit kjem folk frå både Kina, Japan, Australia og Europa, men dei fleste er frå England og USA. Blant dei er det mange skuleklassar. I fjor var 8000 skuleelevar på vitjing, og ein stor del kom frå England.
I vegkanten har bonden Ólafur Eggertson gjort om ein liten bygning til kino og suvenirbutikk for turistane. Der kan dei møta Ólafur, kona, dottera eller andre som hjelper til. Dei kan lesa om det som skjedde og kjøpa oske frå vulkanen på både små og digre glas. Like etter vulkanutbrotet byrja det å koma turistar til staden, og som suvenir tok dei med seg oske heim att i plastposar. Det inspirerte bonden til å gjera oska til salsvare.
Under og etter utbrotet vart det laga film om det som skjedde på garden under vulkanen. No vert den tjue minuttar lange filmen vist for turistar i den vesle kinoen heile dagen, og han er teksta på ulike språk. I fjor var 98.000 innom for å sjå han, og i år ligg det an til at besøkstalet vert endå høgare.
– Det er heilt vilt, seier Ólafur Eggertson.
Mor hans heitte Ingebjørg Nyhagen. Ho kom frå Valdres og møtte den islandske ektefellen sin i Noreg. Til garden under vulkanen kom ho i 1949, og ho budde der fram til ho døydde.
Denne maidagen er det sol og forsommar på garden, og bøndene spreier kunstgjødsel på markene. Men slik var det ikkje for nokre dagar sidan. Då snøa det, og vinden var sterk.
– Vêret kan vera hardt her, innrømmer Eggertson.
ALLSIDIG BONDE
Ólafur Eggertson har drive garden under jøkulen i 40 år. Han har 60 mjølkekyr og ein mjølkekvote på 360.000 liter, men verken sauer eller islandshestar. Men fjøset er moderne, og han har investert i mjølkerobotar. Heile eigedommen er på 10.000 mål, og av dette er 2000 mål dyrka mark og beite. 500 mål vert brukt til bygg og 100 mål til raps. Ein del av byggen vert seld både til mjøl og bryggeri i Reykjavik.
– Det har vorte betre klima her. I fjor slo me gras tre gonger, fortel Eggertson
– Har turismen vorte like viktig som gardsdrifta?
– Ja, planen var ikkje å driva med turisme, men etter vulkanutbrotet var det svært mange som ville koma på besøk, og det hadde me ikkje plass til. Difor laga me ein kinosal i eit gamalt hus ved vegen, og overraskande mange vil sjå filmen om livet under vulkanen. Då me laga filmen, var tanken at han skulle visa det som skjedde til komande generasjonar. For det er ikkje daglegdags med vulkanutbrot ved Eyjafjällajökull. Det førre utbrotet var på 1820-talet.
– Du trur ikkje på fleire i di tid?
– Det vart registrert jordskjelv i 18 år før utbrotet, men no er vulkanen heilt stille. Det er ingen skjelv lenger.
EIT GODE
I dei dramatiske dagane var det ikkje lavaen Ólafur Eggertson frykta mest.
– Det var vatn og flaum me var mest redde for. Lavastraumen brukar lang tid, men på nordsida av fjellet smelta lavaen isen. Første dagen var sprekken i jøkulen to kilometer lang, og me frykta at det skulle verta flaum nedover mot garden. Flaumen kom, men nådde ikkje fram til garden. No er det sett opp ein fire meter høg demning som skal stogga vatnet, og me kjenner oss trygge.
– Kor redde var de for eit vulkanutbrot?
– Geologane følgde med på jordskjelvmålingane, og i 2009 var det mange små skjelv kvar dag. Det var sett opp ein plan som fortalde innbyggjarane kva me skulle gjera om det vart eit utbrot. To dagar etter utbrotet kom me tilbake for å gje kyrne høy og vatn, men me budde borte i to veker. Det var oske i lufta, og det var ikkje så greitt å pusta. Det var midt i april, og alle dyra var inne, og der hadde me dei heilt til september.
– Korleis reagerte du då utbrotet kom?
– Me sa det var godt at det skjedde. Dei siste 18 åra hadde me levd med at det kunne skje, og det var ikkje bra. Me kunne ikkje reisa bort, og då utbrotet kom, visste me at det ville stogga. Det er mange vulkanar på Island, men ingen av same type. Her har det vore utbrot fem gonger dei siste tusen åra, og dette er nok ikkje siste gongen.
– Kan ein i ettertid seia at utbrotet har vore eit gode for deg?
– Ja, men me som bur her på Torvaldseyri, vil visa fram både staden og det som har skjedd. Her bur det folk i nærleiken av vulkanen, og me er ikkje redde. På Vestmannaeyar, ikkje så lengt herifrå, budde det 5000 menneske, og ingen døydde under vulkanutbrotet. Midt i katastrofen, om det no er vulkanutbrot, jordskjelv, flaum eller noko anna, er islendingane viljuge til å hjelpa. Skjer det vulkanutbrot her, er det mange som følgjer med, ikkje minst i Norden. Etter at utbrotet frå Eyjafjallajökul stogga i slutten av mai, etter seks veker, vart det mykje rydding kringom på garden. Me måtte få høy utanfrå til dyra, og mange kom for å hjelpa til med oppryddinga. Blant dei som hjelpte til, var norske bønder. Dei betalte løna til fem arbeidslause, slik at dei kunne vera med på oppryddinga. Det gjorde det mogleg for familien å reisa til Noreg på ferie, og det var flott.
Det tok to år å rehabilitera garden.
– Det kunne vera eit oskelag på fem centimeter, og noko av oska pløgde me ned, eller me lét graset veksa gjennom laget. Etterpå såg me at det vart mykje grønare i fjellet og utover den udyrka marka, og me såg at busker, krekling og bjørk voks litt raskare, fortel Eggertson.
Han har fått merka at det er travlare å arbeida i turistbransjen enn med gardsdrift, men han synest det er positivt og set pris på å treffa alle dei som vitjar garden.
STRAUM OG VARME
Til garden på Torvaldseyri høyrer det eit lite kraftverk som har vore ute av drift på grunn av oske i vatnet, men no er det laga ny turbin. Planen er å setja det i gang i sommar, og då kan ein selja vidare litt kraft.
På garden hentar dei også ut varmt vatn frå det indre av jorda. Dei har bora eit tusen meter djupt hol ved kraftverket. Vatnet dei hentar ut, held 66 grader, og det vert brukt til å varma opp alle husa på garden.
– På Island er me sjølvforsynte med mjølk, men ime mporterer ost. Me produserer altfor mykje lammekjøt, og ein del av det må eksporterast. Island har mykje jordbruksland som ikkje er i bruk, og me har ikkje behov for å produsera meir mat til oss sjølve. Men det er no 30.000 turistar i landet, og dei må også ha mat, seier Eggertson.
Han meiner at turistbransjen på Island veks altfor fort.
– Det går ikkje med ein vekst i turismen på 30 prosent per år. No har den islandske krona vorte så sterk at det har vorte stadig tyngre å selja turar hit. Turane har vorte dyre, og det same har prisen på mat og hotell. Ein må kanskje stogga veksten, og halda seg på det nivået ein er på i dag.
– Merkar du at det vert for mange turistar her på garden også?
– Ja, men me gjer ingenting for å få folk hit. Me har ingen brosjyrar, men turistane kjem likevel, og mange kjem om vinteren også. I mars kom det 6000, seier Ólafur Eggertson.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I fjor kom 98.000 turistar til garden for å sjå
filmen om vulkanutbrotet, og det vert endå
fleire i år.
Ólafur Eggertson, bonde og turistvert
Fleire artiklar
Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.
Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter
Side om side med Munch
Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.
Bra harepus
«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikktradisjon med moderne popproduksjon.
Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Foto: Overvakingspolitiet / NTB
UD-dokument finst i israelske arkiv
Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.