Den mystiske ministerposten
I fire år har Noreg hatt ein eigen EU- og EØS-minister. Effekten av denne nyskapinga er uklar, og framtida til ministerposten er høgst usikker.
Frank Bakke-Jensen (H) er Noregs tredje EU- og EØS-minister på fire år. Vert han også den siste?
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Politikk
eva@dagogtid.no
Han var nyvinninga i regjeringa Solberg, og hadde vore varsla månader før valet i 2013. «Vi bør samle EU-spørsmålene og ha en som koordinerer EU sterkere enn utenriksministeren gjør i dag. EØS- og EU-saker er innenrikspolitikk, men det må finnes én statsråd som har ansvar for å være tydelig pådriver for disse sakene», hadde Høgre-leiar Erna Solberg sagt i Stavanger Aftenblad.
Til å fylle rolla henta ho heim tidlegare statssekretær Vidar Helgesen (H), som hadde lang internasjonal erfaring og ein samarbeids- og kjennskapskrins som inkluderte fleire av dei dåverande EU-kommissærane. Han fekk rang over utanriksministeren, skulle ha eitt bein i Statsministerens kontor og eitt i Utanriksdepartementet, og han fekk den lengste tittelen i regjeringa: Stabssjef ved Statsministerens kontor og statsråd med ansvar for samordning av EØS-saker og forholdet til EU.
Lite synleg
Det fyrste Helgesen gjorde i regjering, var å byrje arbeidet med å samordne EU- og EØS-sakene mellom departementa. Regjeringa fekk eit eige europautval der ministrane skulle diskutere og samordne EU-saker, og arbeidet med eit tettare klimasamarbeid med EU vart starta. Mellom anna.
Utåt var han likevel lite synleg. På InFacts målingar for VG av tilliten til medlemmene i regjeringa kom EU- og EØS-statsråden ut med lågast score både i 2014 og 2015. «Er det noen som vet hvem Helgesen er, hvor han er eller hvorfor?» spurde Adresseavisen då ho trilla terning over ministrane. «Vidar Helgesen blir regnet som en av de skarpeste i Solberg-regjeringen. Men som statsråd kjemper han med en litt mystisk portefølje», skreiv Stavanger Aftenblad.
Uviss framtid
I dag er rolla som stabssjef og statsråd splitta, EU- og EØS-ministeren har flytta til Utanriksdepartementet på heiltid og har fått nytt mannskap to gonger. Spør du mannen i gata kven som har posten i dag, er sjansen god for at du ikkje får svar. (For ordens skuld: Rett svar er Frank Bakke-Jensen.) Om litt treng du kanskje ikkje å vite det heller. Ap-leiar Jonas Gahr Støre har varsla at han vil avvikle EU- og EØS-ministerposten dersom han vert statsminister, og KrF, som kan vere eit mogleg samarbeidsparti for Solberg, vil krevje det same, om det går i regjering.
Heller ikkje Solberg garanterer noko når Dag og Tid spør om ministerposten kjem til å halde fram:
«Nå har vi en helt spesiell situasjon med håndtering av brexit, så nå er det mange gode argumenter for å beholde denne posten. Organisering av regjeringen må sees i sammenheng med politiske saker og vil kunne endre seg over tid. Et eksempel er når vi midt i denne perioden etablerte en ny post som innvandringsminister fordi det oppsto en situasjon hvor dette var riktig», kommenterer ho i ei tekstmelding.
Var det ikkje stort behov for ein eigen EU- og EØS-minister likevel?
– Eit feilgrep
Nei, ikkje ifølgje Støre. Han meiner det var eit feilgrep å ta EU- og EØS-sakene frå utanriksministeren og gje han utviklingspolitikken i staden. Dette vil han reversere om han vert statsminister. Han meiner ordninga i dag svekkjar både utanriksministeren, europapolitikken og utviklingspolitikken.
– Heile konstruksjonen var feil, og at Solberg var nøydd til å flytte posten frå Statsministerens kontor og til Utanriksdepartementet, har berre forsterka dette inntrykket. Inst inne trur eg Solberg ser det sjølv også, seier Støre.
KrF kjem også til å stille krav om at EU- og EØS-ministeren skal erstattast med ein utviklingsminister om partiet kjem i regjering. Det seier generalsekretær Hilde Frafjord Johnson.
– Europapolitikken er blant dei viktigaste delane av utanrikspolitikken, så det er kunstig å skilje han ut. Ikkje minst no, i ein situasjon der vi har utfordringar med tanke på kva som skjer med amerikansk utanrikspolitikk, og det å styrkje både forholdet til EU og det bilaterale samarbeidet med EU-land er svært viktig, seier ho.
Ho synest ikkje det ser ut som EU- og EØS-ministeren sjølv har fungert etter føremålet heller.
– Han ser ikkje ut til å ha profilert europapolitikken betre, slik vi ser det utanfrå, i alle fall, seier ho.
Ein liten revolusjon
Organisasjonar og aktørar som jobbar opp mot EU-institusjonane, har eit anna syn på saka.
Paal Frisvold, som driv med norsk EU-rådgjeving i Brussel, meiner det har skjedd ein revolusjon av aukande engasjement for politikkutforminga i EU frå fleire departement.
– Fordelen med å ha ein eigen EU- og EØS-minister er at du får tvinga fagdepartementa til å jobbe europeisk i større grad. Det har vi sett fungere etter intensjonen og meir enn det. No har alle fagdepartementa kome opp med eigne strategiar for korleis dei jobbar med EU- og EØS-saker, seier han.
Hovudorganisasjonane i næringslivet merka også tidleg eit taktskifte i europapolitikken med Solberg-regjeringa.
– Erfaringa vår er at EØS-saker vart vigde meir merksemd i mange departement, og det skjedde ganske raskt etter at det kom ein eigen EU-minister på banen. EØS-saker vart lite prioriterte i mange departement under den førre regjeringa, og det gjorde at vi ikkje fekk førebudd oss og kome i gang tidleg når nye regelverk vart innførte, seier Jarle Hammerstad. Han er leiar for næringspolitikk i Virke, hovudorganisasjon for handels- og servicenæringa.
Nye tider
Direktør Knut E. Sunde i Norsk Industri meiner det ikkje går å jamføre europapolitikken til noverande og førre regjering. Til det har utviklinga i EU og temaa som har vore aktuelle i dei to regjeringsperiodane, vore for ulike. Han gjev Solberg-regjeringa honnør for å vie prosessen rundt den britiske EU-utmeldinga stor merksemd frå fleire statsrådar. Den store testen framover har ikkje å gjere med kva for minister som har ansvar for EU- og EØS-saker og ikkje, men om regjeringa klarar å unngå at det oppstår tomrom og uklare reglar den dagen britane trekkjer seg ut av EU, seier han.
Norsk Industri organiserer all fastlandsindustri utanom næringsmiddelindustrien, og fryktar følgjene når ein av dei største handelspartnarane trekkjer seg ut av EU.
– Om regjeringa har ein eigen minister som handterer brexit eller om det vert integrert i utanriksministerjobben eller anna er eitt feitt for oss, så lenge jobben vert gjort, seier han.
– Meir samordning
Målet med å ha ein eigen EU- og EØS-minister var å prioritere klarare kva EU- og EØS-saker som var viktigast for Noreg, og kome tidlegare inn når sakene vart handsama i EU. Helgesen meiner rolla har ført til ei meir overordna strategisk tilnærming til EU- og EØS-arbeidet. Han nemner særleg etableringa av europautvalet i regjering, der ministrane møtest for å samordne og diskutere EU-saker, som eit viktig grep.
Ein rapport Direktoratet for forvaltning og IKT la fram i fjor konkluderer med at forvaltinga stort sett brukte høve til å påverke EU i EØS-saker på ein god og meir systematisk, samordna og profesjonell måte då enn i 2001. Ifølgje rapporten hadde etableringa av ein eigen ministerpost også hatt effekt. Fleire departement meldte at auka merksemd om EØS-saker hadde gjort det lettare å tvinge fram prioriteringar.
Liten skilnad
Ein annan studie, bygd på undersøkingar blant tilsette i norske departement, syner at det har vorte mindre koordinering av EU- og EØS-saker mellom departementa den siste tiårsperioden. Samstundes har koordinering innåt i kvart enkelt departement auka. Det er professor Jarle Trondal ved Universitetet i Agder og ARENA Senter for europaforsking som har laga studien, saman med kollega Nadja Sophia B. Kühn.
Studien syner også at eit fleirtal av departementstilsette som opplever konflikt mellom eiga politisk leiing og krava i EU-lovgjevinga, søkjer å finne kompromiss.
Trondal ser funna som uttrykk for kor djupt integreringa med EU har sett seg i norsk sentralforvalting.
– Det understrekar utfordringane med politisk styring og med å setje ein minister som skal trakke over og koordinere sektorsaker der både fagstatsråd og tenestepersonane har langt meir innsikt og ekspertise, seier han.
Han understrekar at datamaterialet ikkje syner effekt av ein eigen EU- og EØS-statsråd, og det er heller ikkje spurt spesifikt etter det.
Det mest slåande funnet i undersøkinga er den store kontinuiteten materialet syner, meiner Trondal.
– Dette kan forklarast fyrst og fremst med stabiliteten i tilknytingsforma vår til EU og norsk forvaltingsoppbygging. Det er nokre marginale endringar hist og pist gjennom åra, men det meste av det skuldast utviding av avtaleverket vårt med EU, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Europapolitikken er blant dei viktigaste delane
av utanrikspolitikken, så det er kunstig å skilje
han ut. Ikkje minst no.»
Hilde Frafjord Johnson, KrF
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.