Den siste fiskehandlaren
I mange hundre år er det vorte handla med fisk i Ravnkloa. No er det slutt for den tradisjonsrike fiskehandelen.
Ketil Rismark viste prins Sverre Magnus råvarene då kongefamilien var på besøk i 2016.
Foto: Ole Martin Wold / NTB
Ravnkloa
Mest sannsynleg oppkalla etter Peder Raffnklau, som hadde ein gard her på 1600-talet.
Fisketorget vart etablert i 1896.
Har vore ein av dei sentrale marknadsstadene i Trondheim.
I 1945 vart det for første gong bygd ein fiskehall i Ravnkloa.
Kjelde: Store norske leksikon

Trondheim
jesper@dagogtid.no
I rett line midt mellom Nidarosdomen og Munkholmen, heilt nede ved Trondheimsfjorden, ligg Ravnkloa. I fleire hundre år har Ravnkloa vore sentrum for fiskehandelen i Trondheim. På 1800-talet føregjekk til og med mykje av torghandelen i byen her.
Då eg var liten, var det til Ravnkloa farfar og andre trondheimarar drog for å kjøpe fiskekakene sine. Men frå nyttår er det slutt for den tradisjonsrike fiskehandelen.
Ketil Rismark har drive fiskebutikken i Ravnkloa i over 40 år. Han er i ferd med å pakke saman utstyret då Dag og Tid ringjer.
– Sørgjeleg for byen, meiner han.
Grunnen til at Rismark legg ned, er enkel. Folk nyttar ikkje tilbodet lenger. Rismark meiner det er altfor lite interesse for god fisk blant folket.
– At folk har vorte så opptekne av lokal kvalitetsmat, er berre svada. Kanskje er det viktigare for folk å gå på fine restaurantar for å ta bilete av det til sosiale medium. Men dersom berre ein liten prosent av dei som gjer det, kom til oss, hadde vi enno kunna drive vidare, seier han.
Europeisk matregion
Det er ikkje Roar Hildonen, som eig restauranten To rom og kjøkken i Trondheim, samd i. Sjølv om han meiner det er trist at Ravnkloa forsvinn, er han klar på at trønderane er matglade folk.
– Du finn ikkje éin anna region i Norden med det mangfaldet av lokale matvarer som Trøndelag har, seier Hildonen.
Så gode råvarer har regionen å tilby at Trondheim og Trøndelag har vorte såkalla «europeisk matregion» i 2022. På nettstaden til prosjektet vert sjømat nemnt som noko av det viktigaste som «stolte konsumentar» i regionen kan få tak i.
– Korleis kan det ha seg at Trøndelag er europeisk matregion i 2022, medan ein fiskebutikk i Trondheim sentrum ikkje overlever?
– Folk i Trøndelag er villige til å bruke pengar på lokal kvalitetsmat. Det ser du kvar sommar på matfestival og bondens marknad. Men det er ikkje alltid det forretningsmessige stemmer. Folk er i tidsklemme, og daglegvarebutikkane er gode på å ta inn råvarer.
Likevel meiner han spesialhandelen kan tilby noko daglegvarekjedene ikkje kan, nemleg kunnskap. Difor bør folk framleis ta i bruk spesialhandlar, slik at ikkje kompetansen går tapt, meiner han.
– Det viktigaste er at vi som bur her, er stolte av det og tek det i bruk. Om ei bedrift som Ravnkloa legg ned, har det ringverknader ut over den reine drifta, som at læreplassar forsvinn. Dersom ikkje nye kjem til, forsvinn kunnskapen i regionen. Så det må vi passe på.
Mindre fisk
Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) fanst det 85 fiskebutikkar i Noreg i 2019. Og det talet har halde seg stabilt dei siste åra. Samanlikna med for ti år sidan er talet om lag det same. Samstundes syner den såkalla levekårsundersøkinga, som kartlegg nordmenns helsevanar, at vi et mindre fisk no enn før.
I 2008 oppgav 18 prosent av befolkninga at dei åt fisk og sjømat, anten som pålegg eller som middag, dagleg. I 2019 låg talet på berre 6 prosent. Nordmenn et rett og slett mindre fisk.
– Kulturen med norsk fisk på alle bord er borte vekk, meiner Rismark.
Fiskehandlaren er skremd over utviklinga. Han fortel om eit tilbod dei har hatt til barnehagar, som kan komme innom for å prøve seg fram med fisk.
– Ofte er det dei ungane som absolutt ikkje ville ha fiskekaker, som til slutt et mest. Men det føreset at det smakar godt.
Kongeleg vitjing
– Kva tenkjer du om at det ikkje går rundt for ein fiskebutikk i den tredje største byen i Noreg?
– Det er rett og slett ein skandale, spør du meg. Klart det skal vere ein fiskehandlar i kvar by. Ta til dømes Kristiansund. Der har dei både kjøtskjerar og fiskebutikk.
I Trondheim er det no berre éin ferskfiskbutikk att. På Heimdal. Fleire kilometer frå fjorden. Rismark kan enno hugse tider då byen husa fleire titals fiskehandlarar på kvart eit gatehjørne.
– Det er ei trasig utvikling, berre større og større leverandørar tek over.
Men det er ikkje berre siste fiskebutikk i sentrum som no går tapt. Ravnkloa er eit landemerke i bybiletet. Om sommaren myldrar det av turistar nede ved fiskeutsalet. Og Ravnkloa har gjerne vore ein stad å vise fram når det har komme staseleg besøk til byen. Kongefamilien har vore innom fleire gonger – til og med den japanske keisaren har vitja fiskebutikken til Rismark.
– Politikarane og de journalistar har klaga over kor trist det er for byen den siste månaden. Og at ein må gjere noko med det. Men eg har ikkje sett nokon av dykk her dei siste åra.
Fiskefôr og grateng
På spørsmål om kva som skil ein fiskebutikk frå fiskedisken i daglegvarehandelen, sparar ikkje Rismark på dei harde orda.
– For det første manglar dei kompetansen. For det andre kan ein daglegvarebutikk aldri ha det utvalet vi har. I tillegg har eg enno til gode å finne fisk eg synest smakar godt.
– Er det forskjell i kvalitet hjå deg og dei store daglegvarekjedene?
– Grunnlaget er det same, berre at fisken vandrar Noreg rundt før han kjem i disken. Pakking, skjering og oppbevaring skjer andre stader enn der fisken landar. Vi fekk fisk direkte frå helgelandskysten eller lokale leverandørar. No er fisken minst innom Oslo før han kjem i butikk.
– Kvifor vel folk då heller å gå i butikken for å kjøpe fisk?
– Det handlar mykje om tilgang. Folk seier det er grei kvalitet på det dei får i butikken. Men fersk fisk skal ikkje vere ok, han skal vere bra!
Rismark meiner daglegvarekjedene i tillegg kastar mykje av fisken dei tek inn.
– Vi har hatt under 1 prosent svinn. Dersom vi har fisk til overs etter ein dag, går det til andre ting, som fiskemat, gratengar og suppe.
Svinn
Blant dei største aktørane i daglegvaremarknaden er Norgesgruppen, som mellom anna Meny-kjeda tilhøyrer. I e-post skriv kommunikasjonssjef for konsern, finans og berekraft i Norgesgruppen, Ingrid Solberg Gundersen, følgjande til Dag og Tid: «Fisken er innom grossister som vi samarbeider med rundt om i landet før den treffer butikk. Her sampakkes all fisk til butikk.»
På spørsmål om kva som skjer med fiskesvinnet, skriv kommunikasjonssjefen: «I MENY ligger fisken maks 2 dager i fiskedisken. På dag 3, om det er noe igjen, produserer flere butikker fiskekaker eller steker/trekker fisken for å selge i varmeskapet. Dette hjelper oss med å unngå matsvinn.» I fjor låg svinnet på 6,56 prosent i Meny-kjeda.
Roar Hildonen meiner at utvalet i fiskedisken i daglegvarehandelen jamt over er av god kvalitet, men ikkje kan måle seg med opplevinga ein får av å gå i ein faghandel. Han seier at han sjølv dreg til grossistar for å kjøpe fisk til restaurantane sine.
– Grossistane er ikkje problemet. Styresmaktene har avgjort at det skal vere sånn. Det sikrar trygge varer og er ein garanti for både forbrukarar og oss som serverer maten, om at det vi kjøper, ikkje er farleg. Eg trur òg det gagnar fiskarane, som slepp å reise rundt for å få selt fisken sin.
Mathall
Utover den gamle handelsplassen i Ravnkloa skodar statuen «Den siste viking», laga av Nils Aas. Enno er det usikkert kva som skal skje vidare her. Roar Hildonen er blant dei som ivrar for mathall i Ravnkloa.
– Eg meiner ei større eining der folk kan få både god ost, kjøtt og fisk, hadde vore ei god løysing – eit større miljø der ein kan få eit mangfald av varer.
Kanskje vert Ketil Rismark den siste fiskehandlaren i Ravnkloa.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Klart det skal vere ein fiskehandlar i kvar by.
Ketil Rismark, tidlegare fiskehandlar
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?