Det kommunale samlingspartiet
Når mange bekkar små skal samlast i ei stor kommunal å, må kanalane vera opne og farbare.
Bjørn Arild Gram får toppvervet i interesseorganisasjonen til kommunesektorane. Den nye KS-leiaren vart vald på landstinget i KS onsdag. Her saman med avtroppande leiar Gunn Marit Helgesen.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
hompland@online.no
KS er ein hybrid plante i den norske organisasjonsfloraen. Dette veit Spaltisten ganske mykje om, etter at han saman med Jon Helge Lesjø skreiv historia om KS’ plass i det norske systemet gjennom hundre år. Boka heitte, rimelegvis, Konstante spenninger.
Byråsjefen meiner dette gjer Spaltisten delvis inhabil til å kasta eit sideblikk på KS. Av erfaring trur han at alle som på eit eller anna vis har vore nær KS, er smitta av organisasjonens oppskrudde sjølvbilete som ei viktig brikke mellom folket, forvaltninga, interesseorganisasjonar, næringsliv og statsmaktene i den norske styringsmodellen.
Slik Byråsjefen ser det, frå dei utøvande kommandohøgdene i den kunnskapsbaserte, saklege og nøytrale forvaltninga, er KS skurrande sand i eit rettferdig og effektivt maskineri. Denne forpurrande og utsettande makta er avhengig av at lokale og regionale politikarar frå alle parti i bygd og by, rådmenn i store og små kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak blir samde om noko som helst, og det skjer heldigvis sjeldan.
LANDSTINGET I KS var samla denne veka. Generalforsamlinga var pakka inn av kommunalpolitisk toppmøte, konsultasjonar med statsrådar og toppmøte for barn og unge (tidlegare Skoletinget). Pluss ei eiga samling for kommunaldirektørar (tidlegare rådmenn) som vil slå saman fleire kommunar og oppmodar kommunal- og moderniseringsministeren om å gjera det med tvang.
Samla skal desse arrangementa vera ein politisk verkstad og ei framsyning som «setter kommunesektorens samfunnsverdi på dagsorden, gjennom å vise lokaldemokratiets evne til å løse lokale, regionale, nasjonale og globale samfunnsutfordringer». I år var «bærekraftig utvikling» eit berande omgrep, utlagt som «å imøtekomme behovene til mennesker som lever i dag, uten å ødelegge fremtidige generasjoners muligheter til å dekke sine.» Grunnlagsdokumentet heitte «Mange bekker små».
EIN FORVITNELEG prosess i forkant krona Bjørn Arild Gram frå Senterpartiets kjerneland i Innherred i Trøndelag til ny leiar, etter semje med Høgre og Framstegspartiet. Han var nestleiar under Gunn Marit Helgesen (H, Telemark), for i KS er Senterpartiet eit borgarleg og hestehandlande ordførarparti og ikkje bestevenn med det jamstore Arbeidarpartiet.
Det overordna målet i KS er konsensus. Derfor blir leiarvalet sjeldan sett på den partipolitiske spissen, og etter valet er ikkje leiaren og formannskapet lenger partipolitikarar, men representantar for det sameinte norske kommunepartiet. Derfor er leiande verv i KS ofte ein blindveg i partipolitiske løp. Før Helgesens to periodar hadde Halvdan Skard (Ap, Bærum) vore samlingsfigur i ein mannsalder, gjennom skiftande politiske fleirtal.
Carl I. Hagen meinte at KS var noko tull som burde leggast ned. Men i skuggen av gamlekongen var KS ein viktig treningsbane for rekrutteringslaget i Framstegspartiet: Morten Høglund, Solveig Horne, Ulf Leirstein, Per Arne Olsen, Bård Hoksrud, Terje Søviknes, Helge Andre Njåstad. Gjennom verv i KS blei dei assimilerte i systemet og inkluderte i partiets elitestall. Dette løpet starta elles med eit valteknisk samarbeid med SV, som også blei halde utanfor av dei vaksne i KS. Alliansen gjekk under namnet «People’s Progressive Party».
EI VIKTIGARE SPENNING enn den partipolitiske har gått mellom den politisk valde og den administrativt tilsette leiinga. Sigrun Vågeng gjekk av som administrerande direktør i KS i 2013 etter å ha tapt kampen med den valde leiaren, Gunn Marit Helgesen, om å ha mest makt i organisasjonen og vera mest offentleg synleg.
I 35 år (1945–1979) var direktør Kjell T. Evers – «tevers», som han blei kalla – einevaldskonge i Kommunenes Hus med KLP og ymse andre avleggarar. Utan den personlege kunstinteressen hans hadde aldri dei optiske illusjonane av den fransk-ungarske modernisten Victor Vasarely pryda veggane i norske rådhus og andre kommunale bygg.
EIN FOTNOTE om namnet. KS var ei kortform av Kommunens Sentralforbund etter at dei i 2004 kvitta seg med namnet NKS (Norske Kommuners Sentralforbund), som i 1972 var ei samansmelting av Norsk Byforbund og Norges Herredsforbund, som i mellomkrigstida arbeidde saman i Kommunalt Sentralbyrå. (NS-regimet slo dei to saman til Norsk Kommunesamband.)
Somme kjende seg uvel med «sentral» og andre med «forbund» som namn på ein organisasjon som var basert på lokalt folkestyre. Dei fann kvarandre i konsensus: KS skulle rett og slett vera eit akronym og ikkje ei kortform av noko som helst.
Gjennom åra har dei prøvd seg med forklarande undertitlar: Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon, kamporganisasjon, utviklingspartner og medlemsorganisasjon. For tida styrer noko så nøytralt som «Kommunesektorens organisasjon» det interne retteprogrammet. Dei skal kjennast på gjerningane, ikkje på bokstavane.
Namnet skjemmer ingen, meiner Vertinna; det avgjerande er at KS ikkje gløymer å ta i bruk pensjonat og hotell over heile landet, men skjemmer seg ut med å legga landsting og konferansar til Stordalen-hotellet Clarion The Hub ved Oslo sentralstasjon.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Leiande verv i KS er ofte ein blindveg i partipolitiske løp.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.