JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

8661
20240614

Samtalen

Marianne Jahre, professor ved BI

Aktuell: Legemiddelmangel

8661
20240614

Samtalen

Marianne Jahre, professor ved BI

Aktuell: Legemiddelmangel

sofie@dagogtid.no

Marianne Jahre er professor ved Handelshøyskolen BI og forskar på legemiddelmangel og leveringskjedene for medisinar og vaksine. Ho leiar også forskingsprosjektet MIA (Measures for Improved Availability of medicines and vaccines), finansiert av Helsevel i Noregs forskingsråd, som skal avsluttast i desember.

– Kor sårbare er me når det gjeld legemiddelmangel?

– Noreg er sårbare på nokre medisinar, spesielt dei som blir kalla generiske (som har gått ut på patent). Men samanlikna med mange andre land har me pengar til å betale med. Sett på den måten er me mindre sårbare. Det er likevel ikkje enkelt å vere eit lite land med fem millionar innbyggjarar der voluma ein skal kjøpe inn, er små. Spesialisthelsetenesta har difor byrja å gå i kompaniskap med dei andre nordiske landa som brukar dei same medisinane som vi, for å få høgare prioritet og sikre at det blir relevant for produsenten å halde fram.

– Me kan lese at årsaka til legemiddelmangel er krig og konfliktar. Er det så enkelt?

– Langt ifrå. Legemiddelmangel har me jo i situasjonar også utan krig og konflikt. Men det blir meir synleg under kriser og pandemi. Så det er ikkje så enkelt, dessverre.

– Kva handlar det om då?

– Forsyningskjedene er globale, råvarer kjem frå heilt andre stader i verda, mykje frå Kina og India. Det er mange ledd i forsyningskjeda, og difor også mange stader det kan bli brot i dei ulike ledda. Medisinane skal ha emballasje og tilsetjingsstoff, ulike pakningsstorleikar, styrkar og merkingar på ulike språk. Det kan vere noko så enkelt som ei forseinking eller ein produksjonsstopp som fører til mangel.

– Er det ikkje nokon buffer i desse forsyningsledda?

– Faget mitt, logistikk, har i årevis fått verksemder til å tenkje just in time. Dei prøver å unngå å ha for mykje på lager fordi det er kostbart, og medisinar kan jo gå ut på dato om dei blir liggjande for lenge. Dette gjer at ein «slankar» forsyningskjedene og gjer dei sårbare for til dømes transportkriser eller flaum ein eller annan stad i verda.

Marianne Jahre er professor ved BI.

Marianne Jahre er professor ved BI.

Foto: BI

– Er nokre legemiddel meir sårbare enn andre?

– I MIA-prosjektet har me arbeidd mykje med antibiotika. På generiske legemiddel er prisane låge, då er det ikkje sikkert at det lønar seg å produsere dei. I tillegg er nokre land spesialiserte på kva for legemiddel dei ønskjer seg, då tenkjer eg til dømes på styrke. Altså må produsenten produsere spesifikt for desse landa, trass i at medisinen er den same. Det blir mindre interessant å produsere, og då kan produsenten forsvinne ut av marknaden. Står me att med éin eller to leverandørar, blir me sårbare dersom det for eksempel skulle oppstå brann på fabrikken eller andre forseinkingar. I eit tenkt scenario der det oppstår ein brann i ein fabrikk som produserer insulin, til dømes, kunne dette ført til alvorlege konsekvensar og dødsfall i den norsk befolkninga.

– Er det andre ting enn forseinkingar og kriser som fører til mangel?

– Etterspurnaden kan auke kraftig. Det skjedde med fleire legemiddel under pandemien. Det siste kjende eksemplet er vel Ozempic, som ein fann ut kunne brukast mot overvekt. Forsyningssystemet klarer ikkje å reagere fort nok til å produsere nok.

– Ein har arbeidd for å betre forsyningslinjene i fleire år, både i Noreg og i Europa. Kva er det viktigaste som har blitt gjort?

– Det blir jobba med betring i mange land, mellom anna ved å sjå på om det er mogleg å betale meir, garantere større volum til leverandørane og lage system for kontinuerleg overvaking, slik at eventuelle problem blir oppdaga tidlegare. Det er teke initiativ for å flytte noko av produksjonen tilbake til Europa, og ein arbeider tett med leverandørar og distributørar for å få til betre løysingar.

– Kva tiltak meiner du kan sikre stabil forsyningskjede?

– Ønsket er å få til meir samarbeid på tvers av landa i Europa, og her er ein i gang med mange initiativ. Kvart einskilt land kan ikkje tenkje ut sitt eige forsyningssystem, for me kjøper alle av mange av dei same leverandørane. Me har jo med oss erfaringane frå pandemien. MIA har gjennom ein av studiane sine vist at om landa hadde delt testutstyr for covid-19, i staden for at kvart land kjøpte opp alt dei kunne få tak i, så ville dette bidrege til å å flate ut kurva. Det andre er at me må tillate oss å betale meir for ein del av dei generiske medisinane. Det er faktisk låge prisar på mange medisinar i Noreg og andre land. Me må arbeide med regelverk som prøver å handtere problemet, ikkje berre symptomet.

– Kva med å auke lageret av legemiddel?

– Det er eit tiltak for å handtere symptomet, som også er eit viktig verkemiddel. Mange arbeider med dette, men det er for lite kunnskap om kva legemiddel som har størst risiko i forsyninga. Det blir særs kostbart å ha for mykje på lager. Ikkje minst må me samarbeide på tvers av landa, ha felles beredskapslager, til dømes. Me treng ikkje ha beredskapslager på medisinar der forsyningane er stabile. Kjenner ein forsyningssystemet, er det mogleg å klassifisere medisinane som er mest kritiske for pasienten og samstundes har sårbare forsyningssystem. For å gi nokre døme: Bestemmer Noreg seg for å leggje seks månaders vanleg etterspurnad på beredskapslager, altså kjøper inn seks gonger så mykje som ein vanlegvis gjer, og fleire europeiske land følgjer i same spor, då blir det jo mangel. Det er eit paradoks, men ganske openbert dersom ein tenkjer på det. Er det fare for mangel, kan det også føre til at apotek, sjukehus og styresmakter i dei landa som har råd til det, byrjar å hamstre. Eg har lese at under pandemien kjøpte Noreg inn nok munnbind og verneutstyr for dei neste 30 åra.

– Kvifor ikkje produsere medisinane sjølv i Noreg?

– Det er ekstremt kostbart. Det er svært høge krav til reinhald om me til dømes skal produsere antibiotika, mykje papirarbeid for å få løyve dersom me skal starte opp ny produksjon, og så treng me uansett desse verkestoffa som kjem frå dei same leverandørane, så det vil i liten grad løyse problemet. Kvifor ikkje byrje med heile kjeda sjølv, kan ein spørje? Kostnadene vil bli så store at Noreg må gå inn og subsidiere enormt, og det får me ikkje lov til av EU, dette har med konkurranseproblematikken å gjere.

– Mange grossistar sel legemiddel vidare, altså parallelleksport. Det høyrest ikkje så lurt ut?

– Det har blitt peikt på som eit problem, men viss me forbyr parallelleksport, kan fleire land gjere det same. Då får ikkje me parallellimportert heller dersom me manglar medisinar. Det er fleire døme på at styresmaktene vel løysingar som ikkje gir den verknaden dei ønskjer, nokre gonger blir det inga endring og nokre gonger kan ein til og med gjere situasjonen verre, til dømes ved ukritisk å byggje opp store beredskapslager, eller ved ikkje å sjå langsiktige konsekvensar av låge prisar og forbod mot parallelleksport.

– Synest du styresmaktene gjer nok for å førebygge legemiddelmangel?

– Eg synest det blir arbeidd utruleg hardt med dette. Men det er vanskeleg. Legemiddelbransjen er ein av dei bransjane der det er mykje rart hemmeleghald, det er vanskeleg å få ut data. Land er ikkje einige om kva som er dei viktigaste årsakene, og det er gjort lite for å analysere kva dei kostnadseffektive løysingane er på lang sikt. Du høyrer alltid frå forskarar at det trengst meir forsking, men her er det eit reelt behov for meir kunnskap og bevis på kva som er dei smartaste løysingane, slik at me får mest verdi for dei pengane ein set inn.

– Når ein hentar medisinar på apoteket, kan det vere at ein får større pakning enn ein treng. Har apoteka også ein jobb å gjere for å avgrense mangelen ved å berre gi ut akkurat så mange tablettar som ein skal ha?

– Før «trilla» ein pillene på apoteket, som det heitte, då fekk ein akkurat det ein trong. Det er det ikkje mykje att av. Det handlar om økonomi og å sikre kvalitet på medisinane. Men det er mykje som kunne vore gjort annleis. No har ikkje eingong apoteka lov til å sende medisinar til eit anna apotek.

– Har legemiddelmangelen blitt verre eller betre dei siste ti åra, meiner du?

– Mange seier det har blitt verre, og det trur eg er rett på mange måtar. Som eg har nemnt, har alle delane i forsyningskjeda blitt meir sårbare. På den andre sida må me ta omsyn til at det er meir merksemd kring dette no. Snakkar du med folk i bransjen, seier dei at me ikkje kan samanlikne før og no. Me veit rett og slett ikkje kor mykje mangel det var før. Når me blir meir opptekne av eit problem, så verkar problemet større, iallfall på kort sikt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Eksplosjonar i hovudet

Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.

Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Vicky + Viggo

Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis