JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Ei kjernefysisk vekking over landet

Etter 50 år i dvale har den norske kjernekraftdebatten vakna til liv att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik ser Rolls-Royce for seg at dei små, modulære reaktorane deira kan sjå ut. Norsk Kjernekraft ønskjer å byggje modulære reaktorar i Noreg, men det kan ta ti år eller meir før dei kjem i handelen.

Illustrasjon: Rolls-Royce

9724
20230825
9724
20230825

Politikk

peranders@dagogtid.no

Inntil ganske nyleg var kjernekraftverk i Noreg heilt uaktuelt. Da den siste norske forsøksreaktoren vart stengd i 2019, såg det til at atomalderen var over for godt her i landet. Men i 2023 har biletet endra seg radikalt. Det går ei kjernefysisk bølgje over Noreg.

I energidebatten har det rett nok lenge vore røyster som hevdar at atomkraft er kuren for kraftmangel og klimakrise. Men no har kjernekraft blitt ei viktig lokalpolitisk sak i mange kommunar. Ordførarar frå Vennesla i sør til Vardø i nord har vist interesse for å få kjernekraftverk til kommunen sin. Nyleg tok Narvik-ordførar Rune Edvardsen (Ap) til orde for å danne ei foreining kalla Norske kjernekraftkommuner, inspirert av Landssamanslutninga av vasskraftkommunar.

Men her i landet er skilnaden på desse formene for energiproduksjon langt større enn likskapane. Vasskraftverk har eit 140 år lang historie i Noreg og er knytte til lokale naturressursar. Kjernekraftverk i Noreg må byggjast på importert teknologi og brensel og er førebels ikkje meir enn ein luftig visjon. Kva er det som skjer?

Kraftkrisa

Noko av bakgrunnen for kjernekraftentusiasmen er lett å sjå. I fjor nådde straumprisen høgder ingen hadde sett før i Noreg, og både politikarar og industriselskap leitar etter måtar å skaffe meir kraft på. Det er avgrensa kor mykje meir straum vi kan få ut av vassmagasin, elvar og bekker, og den sterke motstanden mot vindkraft gjer det vanskeleg å få reist nye turbinar på land.

Samstundes kjem kraftbehovet berre til å auke: Noreg bør få på plass 40 terawattimar med ny årleg kraftproduksjon innan 2030, var rådet Energikommisjonen til regjeringa kom med sist vinter. Det vil seie ein auke på 25 prosent frå årsproduksjonen i dag. Gasskraftverk i Noreg er uaktuelt på grunn av klimapolitikken, medan kjernekraftverk ikkje slepper ut klimagassar frå drifta.

Alt dette gjer det skjønleg at kjernekraft har blitt aktuelt att i Noreg, for første gong sidan 1970-åra. Det pussige er at så mykje av entusiasmen kjem frå kommunane. Om Noreg skal satse på kjernekraft, er det ikkje nok at kommunane stiller med tomter – det krev eit strategisk lineskifte i den nasjonale energipolitikken. Og når andre land har satsa på kjernekraft, har det skjedd i statleg regi eller med sterk statleg involvering. Men i Noreg er det no altså lokalpolitikarane som er mest ivrige. Norsk Kjernekraft AS fortel at kring 40 kommunar har teke kontakt for å få vite meir om temaet.

Små reaktorar

Truleg er dette selskapet i seg sjølv ein viktig grunn til at interessa for kjernekraft har fått eit oppsving. Norsk Kjernekraft vart etablert i juli fjor, med milliardæren Trond Mohn som storinvestor. Dette er den første seriøse kommersielle aktøren på feltet i Noreg, og både administrerande direktør Jonny Hesthammer og kommunikasjonsdirektør Sunniva Rose har vore svært synlege i ordskiftet. Selskapet vil kjøpe såkalla små modulære reaktorar – SMR – og setje dei opp i Noreg. Desse anlegga skal vere omtrent på storleik med ein fotballstadion og ha effekt på nokre hundre megawatt. Den nye Olkiluoto-reaktoren i Finland har til samanlikning ein effekt på 1600 megawatt. Serieproduksjon skal gjere SMR vesentleg billegare enn tradisjonelle kraftverk – det er i alle fall planen.

Truleg har den mindre avskrekkande storleiken til SMR-kraftverka vore med å gjere dei interessante for norske kommunar. Men her er det ein hake: Slike reaktorar er ikkje å få kjøpt i dag. Ei rekkje selskap arbeider med å utvikle SMR-konsept for kraftproduksjon, men ingen ser ut til å vere klare før kring 2030.

Uansett er ikkje kjernekraft noka kjapp løysing på kraftproblemet for Noregs del. Slik energiproduksjon rekk ikkje å hjelpe til med å nå dei svært ambisiøse klimamåla for 2030. Straum frå kjernekraftverk er dessutan alt anna enn billeg. Kor dyr, er svært omstridd. Men selskapet Rolls-Royce meiner at dei modulære reaktorane deira kjem til å koste kring 27 milliardar kroner stykket. I så fall skal straumen frå kraftverka koste mellom 56 og 78 øre kilowattimen, skreiv E24 i mars. Det er omtrent det dobbelte av prisen for vindkraft på land, ut frå NVEs tal.

Treng kraft

Interessa og entusiasmen for kjernekraft er like fullt veksande blant norske lokalpolitikarar. Og langt framme i det kommunale atomkappløpet finn vi Hanne-Berit Brekken, Ap-ordførar i Aure på Nordmøre. Ho byrja å interessere seg for kjernekraft sist vinter etter å ha fått eit innspel om temaet frå forfattar og Ap-medlem Hogne Hongset, som truleg er mest kjend som vindkraftmotstandar. Brekken har vore med på å dreie haldninga til kjernekraft i Arbeidarpartiet.

– For meg handlar dette om at kommunen vår treng kraft for å utvikle seg vidare, seier Brekken.

Ho viser til at Aure treng meir straum til mellom anna metanolfabrikken på Tjeldbergodden, til lading av elektrisk hurtigbåt og til nye industriprosjekt. I ei folkerøysting i 2019 sa eit klart fleirtal av aurgjeldingane nei til vindkraftutbygging, dermed var den vegen stengd.

– Eg ville ikkje at vi berre skulle seie nei til alt, og ville sjå om det fanst andre måtar å produsere kraft på i Aure. Difor kontakta eg Norsk Kjernekraft for å få vite meir om kva planar og tankar dei hadde.

Etter å ha skrive om kjernekraft i eit Facebook-innlegg i januar vart Brekken invitert til Debatten på NRK og snakka om dette som ei mogleg løysing på kraftmangelen. Der møtte ho mellom andre Hadia Tajik, som kalla kjernekraft «ein dyr og utrygg omveg». Det synet var da i tråd med vedteken Ap-politikk.

– Eg trudde eg var ganske åleine om standpunktet mitt. Men sidan da har mange fleire kommunar vist interesse, seier Brekken.

–?Det er ikkje slik at eg er sikker på at vi skal ha kjernekraftverk i Noreg. Men eg meiner vi skal greie ut om det kan vere ei god løysing.

Legitimitet

I april inngjekk kommunane Aure, Heim og Narvik ein samarbeidsavtale med Norsk Kjernekraft. Avtalen slår fast at partane skal samarbeide om eit utgreiingsprogram for kjernekraft, «fortrinnsvis små modulære reaktorer». Selskapet skal stå for det meste av jobben, men kommunane skal mellom anna bidra med å «gi utredningsarbeidet legitimitet gjennom lokal politisk forankring».

– Det høyrest ut som kommunane skal drive eit innsal overfor lokalsamfunnet?

– Det vi meinte, var at ei utgreiing må forankrast politisk blant dei folkevalde i kommunestyret. Vi skal òg halde befolkninga orientert om det vi jobbar med, difor har vi mellom anna halde folkemøte om kjernekraft. Skal vi lukkast, må heile prosessen vere transparent.

– Det er ein litt rar prosess, dette. Eit kjernekraftinitiativ drive fram av ordførarar landet rundt?

– Det er ein rar prosess, men det har skapt rørsle i partia. Det er ikkje lett å få med politikarane på Stortinget. Men sidan januar har det skjedd noko, det har vore som eit lite kommuneopprør.

–?Kommunane som er interesserte i kjernekraft, fungerer som ei brekkstong mot Stortinget og partia sentralt?

– Ja, dei gjer det. Avstanden til Oslo kan vere stor, og det kan vere vanskeleg å nå fram. Men no er det mange kommunar som vil sjå nærare på dette.

På Ap-landsmøtet i mai talte Brekken for å få utgreidd kjernekraft i Noreg. Tre fylkeslag og fleire lokallag gjekk inn for det same før landsmøtet. Gjennomslaget var moderat, men formuleringa «vi er åpne for ny kunnskap om alternative energiformer, som for eksempel kjernekraft» vart i alle fall med i resolusjonen om energipolitikk.

Gjennomslag

Medan Ap så vidt er på glid, har dei fleste partia på Stortinget kome mykje lenger i den kjernefysiske omvendinga. I april vedtok landsmøtet til Framstegspartiet resolusjonen «Ja til kjernekraftsatsing i Norge». Høgre vil greie ut «hvilke forutsetninger og behov Norge har for kjernekraft», trass i at sjølvaste Erna Solberg har vore svært skeptisk.

Også i Høgre har Norsk Kjernekraft påverka debatten, skreiv Vårt Land i mars. Kjelder i Høgre skildra selskapet som eit kunnskapsnav og ein «game changer». «Diskusjonen var teoretisk fram til Norsk Kjernekraft AS. Det endret og revitaliserte debatten», sa Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til Vårt Land.

Kjell Ingolf Ropstad i KrF har òg hatt møte med Norsk Kjernekraft, går det fram av artikkelen. Ropstad er svært engasjert i temaet, og i april fekk han landsmøtet med seg: KrF vil at Noreg skal lage regelverk som legg til rette for kjernekraftproduksjon. Også Ola Borten Moe hadde lange møte med Norsk Kjernekraft medan han var forskingsminister og nestleiar i Senterpartiet, skreiv Vårt Land, og han har vist engasjement for temaet i fleire samanhengar. Som statsråd skaffa Moe ekstra studieplassar i faga kjernefysikk og -kjemi, og i mars i år fekk han fleirtal på landsmøtet for ein resolusjon om å satse meir på kjernekraftforsking i Noreg.

Ja-fleirtal

Trass i den veksande entusiasmen for kjernekraft – også i regjeringspartia – har stemningsskiftet ikkje endra norsk energipolitikk enno. I regjeringa har både olje- og energiminister Terje Aasland og klima- og miljøminister Espen Barth Eide vore svært avvisande til kjernekraft i Noreg. I mai røysta Ap, Sp og SV ned eit forslag i Stortinget om å greie ut kjernekraft i Noreg fram mot 2050.

Spørsmålet er kor lenge den bastante motstanden vil vare, for også folket er i rørsle i dette spørsmålet. I ei meiningsmåling Opinion gjorde i februar, sa 51 prosent av dei spurde seg samde i at Noreg bør byggje ut kjernekraft, medan 37 prosent var usamde. Berre blant veljarane til Senterpartiet og SV var det fleirtal mot norsk kjernekraft. I ei meiningsmåling VG fekk gjord i 2007, var 63 prosent negative til atomkraft i Noreg, medan 16 prosent var positive. Det er nye tider.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis