JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

EU-bøndene har fått nok

Europeiske bondeprotestar handlar om langt meir enn nye klima- og miljøkrav og import frå Ukraina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bondeprotestar har spreidd seg til mange europeiske land. I Tyskland vart protestane utløyste av eit vedtak om å fase ut subsidiar på landbruksdiesel.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP

10581
20240223
10581
20240223

Matproduksjon

eva@dagogtid.no

Det verkar nokså fjernt no, men det er ikkje mange år sidan EU og USA var i intensive forhandlingar om det som skulle verte verdas største frihandelsavtale: Transatlantic Trade and Investment Partnership (TTIP), som kunne kome til å omfatte ein tredjedel av verdshandelen. Planane vart lagde på is med det same då han som hadde varsla at han ville rive i stykke USAs handelsavtalar, vart vald til president i USA.

Nokre år etter kom pandemien og avdekte kor sårbare globale handelsliner kunne vere. Og etter at Russland invaderte nabolandet, er det få som snakkar om grenselaus handel som noko mål lenger. For amerikanarane er det friendshoring som gjeld, det vil seie at handel og utanlandsk produksjon skal konsentrerast til vener og land ein delar verdigrunnlag med. Også EU styrkar kontrollen med eksport og inn- og utgåande investeringar.

Når europeiske bønder no køyrer fram traktorane, dumpar gjødsel og hyttar med høygaflar i land etter land, i det som truleg er det største bondeopprøret i EU nokon gong, kan det innebere endå eit tilbakeslag for tanken om ein global handel.

Eskalerande opprør

Opprørsbølgja starta i Nederland, der traktorkolonnar har vore på vegen fleire gonger dei siste åra, i protest mot nasjonale miljøtiltak som vil ha store følgjer for bønder og landbruksproduksjon.

I fjor demonstrerte bønder i Polen, Bulgaria, Slovakia, Romania og Ungarn mot EUs mellombelse tollfritak for landbruksvarer frå Ukraina, fordi store mengder billeg ukrainsk korn fløymde inn over grensene og skapte trøbbel for produsentane i landet. Og i år har det eskalert med opprør blant bønder i Tyskland, Frankrike, Belgia, Italia, Spania, Portugal, Irland og Hellas.

Portugisiske bønder har blokkert nokre av vegane til Spania, tsjekkiske bønder har markert misnøye utanfor landbruksdepartementet i Praha, polske bønder har sperra vegar mot grensa til Ukraina. Tyske bønder har skapt trafikkork i Berlin, og i Brussel sperra bøndene i starten av februar av gatene inn til EU-toppmøtet og okkuperte torget utanfor EU-parlamentet.

Bønder demonstrerte på torget utanfor EU-parlamentet i Brussel.

Foto: Yves Herman / Reuters

Ulike årsaker

Dei utløysande årsakene til protestane har variert frå land til land, men fleire stader er dei knytte til nye klima- og miljøkrav eller innstrammingar.

Medan nederlandske bønder protesterte mot nasjonale planar om nedlegging av gardsbruk og kraftig reduksjon i dyretalet som følgje av at nitrogenutsleppa i landet skal halverast fram mot 2030, er det vedtak om å fase ut skatte- og avgiftslette på landbruksdiesel som har fått franske og tyske bønder til å køyre ut i gatene. I delar av Spania har protestane retta seg mot restriksjonar på bruk av vatn som følgje av den langvarige tørken.

Det alle opprøra har sams, er at dei utløysande faktorane kjem på toppen av ein periode med auka kostnader og fallande prisar, samstundes som ekstreme vêrforhold med skogbrannar, flaum og tørke har påverka avlingane nokre stader.

Fleire av dei protesterande bøndene har samstundes synt til at dei konkurrerer med billegare importvarer, som ikkje er produserte etter same krav og standardar som europeiske varer. Ein fransk bonde seier det slik til CNN: «Vi er underlagde enorme avgrensingar, medan det er produkt som kjem inn frå utanfor Europa som konkurrerer med oss, utan å måtte følgje dei same reglane som vi er plikta til for å kunne produsere».

Krise på krise

Natalia Mamonova er seniorforskar ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking. Ho meiner bondeprotestane har vorte så store som dei har, nett fordi bøndene no er råka av fleire kriser på same tid, både økonomiske nedgangstider, klimakrise og ei geopolitisk krise, som følgje av Russlands krig mot Ukraina.

Nye miljøkrav frå nasjonale styresmakter og EU er, slik ho ser det, berre dropen som fekk begeret til å renne over for bøndene.

Mamonova meiner samstundes det ikkje er tilfeldig at alle krisene råkar bøndene hardt, men seier det heng saman med «den globaliserte nyliberale landbruksmodellen» i EU, som har omskapt bonden til ein kapitalistisk gründer på jakt etter konstant vekst og ekspansjon.

Systemet, slik ho ser det, pressar ikkje berre bonden til stadig utviding og intensivering, og i mange tilfelle også til å gjere seg meir og meir avhengig av mektige landbruksselskap, bankar og matvarekjeder. Det bidreg òg til auka klimautslepp og gjer både enkeltbonden og landbruket generelt lite fleksibelt til å handtere kriser, held ho fram.

Og når europeiske leiarar no prøver å fikse dei presserande klima- og miljøspørsmåla, brukar dei den same marknadskapitalistiske logikken som vart brukt til å skape problema, argumenterer ho:

– Dei fleste grøne prosjekt som tek sikte på å bidra til berekraftig utvikling og netto nullutslepp, følgjer vekstlogikken. Dei har som mål å utvide og styrkje marknader, er utelukkande baserte på økonomiske utrekningar og legg den tyngste børa på bøndene, seier ho til Dag og Tid.

Ho samanfattar slik:

– Så sjølv om bondeprotestane har oppstått som svar på ulike hendingar og politikk på lokalt, regionalt eller EU-nivå, er dei alle knytte til det same grunnleggjande problemet: fiaskoen til det nyliberale landbruket.

«Krisa kjem til å kome tilbake og ramme meir smertefullt neste gong.»

Natalia Mamonova, seniorforskar ved Ruralis

– Grensa er nådd

Christian Anton Smedshaug er dagleg leiar i Agri Analyse og fyrsteamanuensis ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Også han forklarar dei europeiske bondeprotestane som uttrykk for systemkritikk.

– Etter mitt skjønn er det no eit spørsmål om CAP – den felleseuropeiske landbrukspolitikken – har utspelt rolla si. Bøndene har vorte pressa så hardt og frå så mange kantar over tid at grensa er nådd. Det europeiske familiejordbruket ser ikkje ut til å tole ei vidare liberalisering og fleire klima- og miljøkrav, samstundes som det òg skal hjelpe Ukraina og konkurrere med billeg import, seier han til Dag og Tid.

I ein kronikk i Klassekampen nyleg synte han til at den økonomiske støtta til europeiske bønder er kutta og endra i fleire rundar sidan CAP vart utforma på 1960-talet, og at det har vorte meir og meir marknadsstyring for bøndene. Han åtvara samstundes om at «(v)erken EU eller verden tåler feilslått politikk som over tid svekker matoverskuddet».

– Men er det nokon teikn til at matproduksjonen i EU er i ferd med å svekkjast?

– Førebels ikkje, men det var ikkje mange som skjøna at energisituasjonen i Tyskland kom til å verte kritisk, før dei la ned kjernekrafta heller. Når det gjeld jordbruksproduksjon, snakkar vi om langsiktige og biologiske prosessar der ein er avhengig av stabilitet og å sikre nyrekruttering. Byrjar bøndene fyrst å slakte ned dyr, kan effekten verte uføreseieleg. Produksjonen i Europa ligg ikkje dårleg an nett no, men mjølkeproduksjonen er nokså utsett om det vert låge prisar over tid og investeringane fell. Så der kan det lett oppstå ein situasjon der voluma vert skadelidande, seier Smedshaug.

Drivstoffstøtte

Bondeprotestane har alt bidrege til nokre endringar. EU-kommisjonen har mellom anna utsett, i eitt år, eit krav om at 4 prosent av jordbruksarealet skal leggjast brakk, og trekt tilbake ei forskrift som sette mål om å halvere bruken av plantevernmiddel fram mot 2030. Kommisjonen har også gått tilbake på eit forslag i EUs klimaplan for 2040 om at landbruket burde redusere ikkje-CO2-utslepp med minst 30 prosent på 25 år. No heiter det i staden at landbruket «også kan spille en rolle i overgangen», ifølgje nettavisa Euractiv.

I tillegg har den franske presidenten bede EU stoppe frihandelsforhandlingar med den søramerikanske grupperinga Mercosur – inkludert Brasil, Argentina, Bolivia, Paraguay og Uruguay – som følgje av bondeprotestane.

På nasjonalt nivå har protestane også hatt effekt. Den greske regjeringa har ifølgje CNN utvida skatterabatten bøndene får på diesel, med eitt år, og i Portugal er bøndene lova ein krisepakke verd 500 millionar euro.

Den franske regjeringa både droppa den planlagde reduksjonen i dieselrabatten til bøndene, og har gått inn for å gje franske husdyrbønder 150 millionar euro i årleg støtte. Denne veka vart franske bønder i tillegg lova ein ny prislov som skal tryggje inntekta deira ytterlegare.

Tiltaka har roa ned protestane i nokre land no, men er ikkje nok til å gje ro på sikt, ifølgje Smedshaug og Mamonova.

– Kortsiktige tiltak

– Tiltaka så langt betrar ikkje situasjonen for bøndene, dei hindrar berre ei forverring, seier Smedshaug.

Han trur det kjem til å gå mot større endringar i landbrukspolitikken i EU etter europaparlamentsvalet til sommaren.

– Kor store endringane blir, er vanskeleg å seie no, men det er mykje som blæs i retning av reorientering mot meir nasjonale og regionale løysingar og eit oppgjer med den heseblesande globaliseringa, seier han.

Mamonova syner til at fleire av endringane som er innførte for å roe ned bondeprotestane, no bremsar EU i klima- og miljøpolitikken, og såleis heller ikkje er til fordel for bøndene sjølv på sikt.

– Dette kan gje kortsiktig betring, men krisa kjem til å kome tilbake og ramme meir smertefullt neste gong. Difor må vi i staden sjå på korleis vi skal endre heile systemet. Vi må revurdere ideane om konstant vekst, modernisering, ekspansjon og konsentrasjon og gjere mat- og landbrukssystemet meir mangfaldig, mindre avhengig av fossil brensle og kjemikaliar og meir sosialt og miljømessig berekraftig, seier ho.

Skilnader

Det er ikkje slik at bondeprotestane i Europa har stilna. Både i Spania, Hellas, Frankrike, Slovakia og Polen har det vore nye demonstrasjonar og vegblokkeringar denne veka.

Britiske bønder har òg byrja røre seg, og i Noreg har bøndene trua med å gjere det, om ikkje regjeringa snart legg fram eit nytt talgrunnlag for inntektsutviklinga i næringa.

Ifølgje Smedshaug er det vanskeleg å sjå at norske bønder skulle ha same grunn til å protestere som bøndene i EU.

– For det fyrste har jo klima- og miljøomstillinga ikkje vorte sett slik på spissen her. Noreg har òg ganske mange ordningar og verktøy i landbrukspolitikken som ikkje finst i EU, som marknadsregulering og eigne forhandlingsløysingar for inntekta i landbruket. Ja, det vart til og med halde tilleggsforhandlingar hausten 2021, då prisnivået endra seg mykje raskare enn tenkt. Så stressnivået er vesentleg lågare her. Det betyr ikkje at ikkje norske bønder òg har reelle utfordringar, og krava til regjering og Stortinget stig, men vi har ein annan politikk og dialog mellom jordbruket og styresmaktene, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis