JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

For skams skuld

Eit måleri der ei kvit kvinne held ein svart mann nede, kan ikkje henge kvar som helst, sjølv om det er frå 1762, meiner kunsthistorikar Siri Meyer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Enkelte politikarar vil fjerne 1700-talsmåleriet av Mathias Blumenthal frå bystyresalen i Bergen.

4716
20200612

SAMTALEN

Siri Meyer

Professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen

AKTUELL

Vil fjerne måleriet «Rettferda» frå bystyresalen i Bergen.

christiane@dagogtid.no

Det sterke sinnet etter at George Floyd blei drepen av politiet i Minneapolis, har ført til krav om at kunstverk, og særleg statuar av historiske menn, blir fjerna frå offentlege plassar. I London blei statuen av slaveeigaren Robert Milligan tysdag fjerna med kran frå sokkelen på kaia der han stod. Førre søndag dytta demonstrantar i Bristol ned statuen av ein annan slavehandlar, Edward Colston, og heiv han i elva like ved.

Her heime krev enkelte politikarar at eit måleri frå 1762, «Rettferda» eller «Justitia Majestata» av Mathias Blumenthal, må fjernast frå bystyresalen i Bergen. På biletet ser ein ei kvit kvinne som held ein svart mann nede med foten. I desse dagar kan motivet gje svært dårlege assosiasjonar. Ordføraren og direktøren for universitetsmuseet i byen meiner motivet på biletet ikkje er meint rasistisk og at det må få henge. Kunsthistorikar Siri Meyer vil ta det ned.

– Kvifor vil du fjerne måleriet?

– Fordi det er nett i bystyresalen. Hadde det vore ein annan stad, hadde det vore i orden. Det er ikkje slik at biletet skal gøymast vekk, men bystyret er ein representativ sal for eit demokrati der alle skal kjenne seg hjarteleg velkomne. Også dei som representerer parti som folk frå andre kulturar røystar på. Det må vere ei viss sømd i ein slik sal. Ein får heller dekorere med eit anna måleri og flytte dette måleriet til ein annan stad.

– Det er blitt framført at den mørkhuda mannen symboliserer vondskap og ukunne, ikkje ein verkeleg svart mann. Er ikkje det eit relevant poeng her?

– Det var ein vanleg symbolikk på 1700-talet, men det endrar ikkje at det er ein latent rasisme i biletet. At ein tenker på vondskapen som svart i staden for kvit, er i seg sjølv ladd med ein rasistisk fordom, meiner eg. Legg ein ikkje merke til at vondskapen er farga, seier ein at farge ikkje speler noka rolle.

– Statuar av historiske skikkelsar no blir kravd fjerna ei rekke stader. I London blei nyleg statuen av slaveeigaren Robert Milligan teke ned. Korleis ser du på det?

– Eg synest det er interessant, men òg problematisk. Ein person på ein sokkel kan vere noko meir enn berre ein som har ei meining om rasar. Tenk på Winston Churchill! Du kan ikkje ta frå han at han var ein stor mann under krigen, sjølv om han meinte ting om svarte menneske som ein ikkje meiner i dag. Ein må tenke seg om før ein krev statuar fjerna. Ein skal ikkje sette strek over rasisme, men ein kan tenke seg å sette opp ein plakett der det står noko om kvifor ein hyllar denne personen, som også hadde synspunkt som ikkje er akseptable i dag. Eg har forståing for at sinnet no rettar seg mot statuar, fordi dei skal vere førebilete i samfunnet.

– Du nemner Churchill – enkelte har jo kravd at også han blir fjerna frå sokkelen...

– Eg kan forstå det, men ein kan ikkje sjå berre éin ting i ein person. Ein har grunn til å hylle han av andre grunnar enn at han meinte ting om slavehandel som ein ikkje meiner i dag. Men det er viktig å diskutere kva personar som blir gjorde synlege som førebilete. Det gjeld også kjønn. I Bergen har ein vedteke å sette opp statuar av kvinner fordi kvinner knapt er representerte i det offentlege rommet.

– Historia er full av skikkelsar med heilt andre haldningar enn det som er akseptert i dag. Kor går grensa for kva som skal bli verna, og kva som skal bli fjerna?

– Eg meiner at ingenting skal bli fjerna, men ein må sjå på korleis ting blir viste fram. Er det i eit museum, i eit offentleg rom, i ein undervisningssal eller i ein privat heim? Det er viktig å ikkje underslå ting som blir rekna som tvilsame i dag. Det er viktig for oss kunsthistorikarar å ikkje berre hylle statuar fordi dei er skjønne, men også ta innover oss ubehaget i kulturen.

– Er det ikkje ei historisk læring i å møte heltar og skurkar frå tidlegare tider, slik at nye generasjonar kan forstå kunst og kulturuttrykk i lys av tida dei blei til i?

– Absolutt. Det er viktig å ha både fortida og notida med seg. Ein skal ikkje kvitvaske fortida, men heller ikkje svartlegge henne.

– Ser vi ei historieløyse når folk protesterer mot historisk kunst og historiske skulpturar?

– Det kan ein seie, men det er òg ein reaksjon på at rase som fenomen har vore usynleggjort. Det er eit oppdemt raseri. Det er no vi skal betale ein pris for at vi ikkje har teke dette alvorleg tidlegare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ein skal ikkje kvitvaske fortida, men heller ikkje svartlegge henne.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis