JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

14523
20240510

Bakgrunn

Myndigheten för
psykologisk försvar

Statleg etat, oppretta 1. januar 2022

Opererer etter årleg instruksbrev frå den svenske regjeringa

Har førebyggjande og operative siktemål

Skal avdekkje utilbørlege påverknadskampanjar frå utanlandske aktørar og styrkje forsvarsviljen i Sverige

14523
20240510

Bakgrunn

Myndigheten för
psykologisk försvar

Statleg etat, oppretta 1. januar 2022

Opererer etter årleg instruksbrev frå den svenske regjeringa

Har førebyggjande og operative siktemål

Skal avdekkje utilbørlege påverknadskampanjar frå utanlandske aktørar og styrkje forsvarsviljen i Sverige

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Forsvar

christiane@dagogtid.no

Ein kort spasertur frå Klarälven, som spreier seg i fleire delar og strøymer gjennom den värmlandske hovudstaden Karlstad, ligg eit raudt mursteinskompleks så firkanta og labyrintisk at det kunne vore bygd i Minecraft.

Karolinen, som det heiter, vart bygd i 1970-åra for å huse militære einingar, etter eit riksdagsvedtak om å flytte statleg verksemd ut i distrikta. Men Karolinen fortel den same historia som kald krig-museet eit kvartal unna. Frå 1980- og 1990-åra vart satsinga på det svenske forsvaret redusert, og i dag finn vi berre to einingar med band til svensk tryggingspolitikk i bygningen: Den svenske forsvarshøgskulen og etaten med det kryptiske namnet Myndigheten för psykologisk försvar (MPF).

Myndigheten för psykologisk försvar har hovudkontor i bygget Karolinen i sentrum av Karlstad.

Myndigheten för psykologisk försvar har hovudkontor i bygget Karolinen i sentrum av Karlstad.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

Det er til denne siste etaten eg, på vegner av Dag og Tid, har invitert meg til, etter å ha lese ei utgreiing frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) som tilrår regjeringa å opprette ein tilsvarande funksjon i Noreg. Ei utgreiing som vart skriven på oppdrag frå Forsvarsdepartementet i fjor, og som har vorte møtt med åtvarande røyster frå pressa.

Uklart ansvar

Røyndomsskildringa frå forskarar i FFI er eigna til å vekkje uro. I ein rapport frå 2023 vert det slått fast at det framleis er uavklart kven som har det overordna ansvaret for å førebyggje, oppdage, kartleggje, analysere og handtere påverknadsaksjonar.

I ein seinare FFI-rapport, også denne frå i fjor, kan vi lese at Noreg heller ikkje prioriterer den internasjonale kunnskapsdelinga på feltet på line med nabolanda våre, i forum som Natos senter for strategisk kommunikasjon og Natos Nordisk-baltiske koordineringsforum.

På same tid oppfattar både PST og E-tenesta påverknadsaksjonar som alvorlege trugsmål. I trugsmålvurderinga for 2024 held PST det fram som truleg at Russland og Kina vil gjennomføre påverknadsoperasjonar i Noreg.

Meiningspoliti?

Men er svaret å kopiere svenskane? Myndigheten för psykologisk försvar har i dag to avdelingar med ulike oppdrag:

● ei førebyggjande avdeling, som skal støtte den svenske befolkninga, styresmakter, kommunar, medium, forsvarsorganisasjonar og sivilsamfunn

● ei operativ avdeling, som skal identifisere, analysere og motarbeide det som vert kalla utilbørleg informasjonspåverknad og villeiande informasjon om Sverige, eller som strir imot svenske interesser, utført av framande aktørar

På veg gjennom dei lange korridorane i Karolinen (dei viser seg å vere på totalt 16 kilometer i heile komplekset) spør eg meg om ein norsk versjon av MPF kan verte eit slags meiningspoliti, som vil gjere det vanskelegare å kritisere avgjerder i Forsvaret eller i regjeringa dersom ein russisk kampanje kritiserer dei på same måte.

Som journalist er eg også overraska over at MPF har lista opp media som ein bransje dei skal støtte i det førebyggjande arbeidet sitt.

Sverige har bygd ned forsvaret sidan 1980- og 90-åra, men rustar no opp. Biletet er frå Brigademuseet i Karlstad, som tematiserer den kalde krigen.

Sverige har bygd ned forsvaret sidan 1980- og 90-åra, men rustar no opp. Biletet er frå Brigademuseet i Karlstad, som tematiserer den kalde krigen.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

Kjeldekritikk til kaffien

I kontorlokala til MPF vert eg møtt av fleire fargesterke installasjonar. «Sortera dine källor», står det på ei knallgul bossbøtte. Ho viser seg å vere del av ei utstilling som vandrar mellom ulike arbeidsplassar, som ein del av det førebyggjande arbeidet i etaten.

– Dette er ein del av det vi gjer for å nå fram til befolkninga, forklarar assisterande avdelingssjef Catrin Huss, som møter til intervju saman med senioranalytikar Andreas Edevald.

– Ein skal kunne ta seg ein kaffi med ein kollega og tileigne seg litt bakgrunnsinformasjon om demokrati og desinformasjon.

Catrin Huss og Andreas Edevald har begge sentrale posisjonar i Myndigheten för pyskologisk försvar.

Catrin Huss og Andreas Edevald har begge sentrale posisjonar i Myndigheten för pyskologisk försvar.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

Spelet om Nato

Huss og Edevald fortel at MPF starta opp i 2022 som eit resultat av at trugsmålsbiletet endra seg etter at Russland annekterte Krym i 2014. Svenskane vart opptekne av å byggje opp att det totalforsvaret som vart bygd ned etter at den kalde krigen tok slutt.

I Sverige er «psykologisk forsvar» eit etablert omgrep som har vore del av det svenske totalforsvaret sidan etterkrigstida. Det handlar kort sagt om å verne om motstandskrafta og forsvarsviljen i befolkninga. Det svenske folket skal føle at Sverige er verdt å forsvare. Opprettinga av MPF markerte at oppdraget vart utvida og tilført ressursar.

– Kva konkrete kampanjar har de avdekt?

– Russland har til dømes prøvd å påverke Nato-prosessen vår. Russland har hatt interesse av at Sverige ikkje går inn i Nato, og prøvd å påverke folkemeininga – korleis vi skal meine og avgjere om vi skal med i Nato eller ikkje. Det har til dømes vore ein styrkt retorikk om at svensk Nato-medlemskap vil destabilisere austersjøregionen, fordi Russland vil vere tvinga til å plassere atomvåpen nærmare Sverige, og at dette vil vere Sveriges skuld. Så det er eitt eksempel på at Russland aktivt har prøvd å påverke oss, men utan å lukkast, seier Edevald.

«Kampanjane har vore spelte ut mot personar busette i Sverige, men har også svekt biletet av Sverige i andre land.»

Andreas Edevald, Myndigheten för psykologisk försvar

Storming og drap

Ein annan kampanje har retta seg mot den svenske sosialtenesta.

– Her står ein ideologisk styrt aktør bak, og kampanjen er primært driven av nettstaden Shuoun Islamiya, men også IS og Al Qaida har hatt interesser her. Hovudbodskapen er at Sverige fører krig mot islam, at vi ikkje tillèt religionar, at vi kidnappar muslimske barn og vil gjere dei sekulære. Kampanjen omfattar også koranbrenning, og at politiet vernar om dei som brenn Koranen. Ein prøver å setje ulike grupper i Sverige opp mot kvarandre.

– Dette er to ganske tydelege eksempel på korleis ein har prøvd å agere mot Sverige og svenske interesser, seier Edevald.

Demonstrantar i Pakistan protesterer mot at Sverige tillèt at aksjonistar brenn Koranen i juli i fjor. Påverknadskampanjar mot Sverige har hevda at landet fører krig mot muslimar.

Demonstrantar i Pakistan protesterer mot at Sverige tillèt at aksjonistar brenn Koranen i juli i fjor. Påverknadskampanjar mot Sverige har hevda at landet fører krig mot muslimar.

Foto: Arshad Butt / AP / NTB

– Har kampanjane først og fremst vore førte for å påverke den svenske befolkninga eller for å svekkje biletet av Sverige i andre land?

– Begge delar. Kampanjane har vore spelte ut mot personar busette i Sverige, men har også svekt biletet av Sverige i andre land. At den svenske ambassaden i Bagdad vart storma, er eit døme på det. Vi ser også konsekvensen i at to svenske statsborgarar vart drepne i Brussel, tilsynelatande fordi dei hadde på seg svenske fotballskjorter.

– Og de knyter drapa i Brussel direkte til kampanjar mot Sverige?

– Drapspersonen følgde bestemte profilar i sosiale medium, som delte ein bestemt bodskap om Sverige. Han hadde også sjølv delt ein bodskap om at det var svenskar som var drepne, seier Edevald.

– Så er det også slik med desse sakene at ein sjeldan kan dra eksakte linjer, seier Huss.

Ordskiftet

Huss og Edevald pratar fritt om verksemda, men eitt punkt vil dei ikkje utdjupe nærmare: det operative arbeidet mot framande aktørar. Eg lurer på om nettopp dette arbeidet kan svekkje lysta til å ta del i det offentlege ordskiftet.

– Kva om ein svensk borgar er samd med mykje av det som vert sagt om koranbrenning, og som vert ført fram som del av ein kampanje mot Sverige. Personen deler vidare meldingar og tek del i debatten. Står personen då i fare for å hamne i eit arkiv?

– Vi ser ikkje på det som skjer inne i Sverige. Om du gjer deg skuldig i noko kriminelt, er det ei sak for politiet. Men at folk skal kunne meine og tenkje som dei vil, er jo ein verdi vi er sett til å forsvare. Det er nett denne demokratiske samtalen vi vil verne om. Derimot vil vi hindre at utanlandske aktørar er med på å påverke åtferda di og avgjerdene dine gjennom utilbørlege informasjonskampanjar, seier Edevald.

– Den personen vil vi heller prøve å nå ved å auke merksemda kring trugsmål. Her har vi i vinter og vår hatt ein kampanje kalla «Bli inte lurad», seier Huss.

«Bli inte lurad»-kampanjen rettar seg mot det svenske folket og gjev kjeldekritiske tips, til dømes om korleis ein kan kjenne att ein robotstyrt profil i sosiale medium.

Pressa og staten

Huss er oppteken av at ein etat ikkje kan stå for det psykologiske forsvaret av Sverige. Det psykologiske forsvaret består av motstandskrafta til heile det svenske folket. Det førebyggjande arbeidet kan til dømes innebere å hjelpe ein kommune med å utarbeide ein risiko- og sårbarheitsanalyse eller til å handtere utilbørleg informasjonspåverknad.

Men kva med media? Skal også bransjen som smykkar seg med tittelen «den fjerde statsmakt», få hjelp av ein statleg aktør?

– Det står i instruksen vår at vi skal kunne støtte media på førespurnad. Det er viktig for oss at vi ikkje kan nærme oss media utan at dei har bede oss om støtte, seier Huss.

– Kva om de oppdagar at journalistar har kontakt med framande aktørar bak informasjonskampanjar – vil vi kunne sjå for oss ei kjeldejakt?

– Nei, eg kan ikkje sjå kvifor vi skulle gjere noko slik. Om pressa publiserer saker og følgjer vanleg presseetikk, er jo det veldig bra. Det er viktig å understreke at vårt oppdrag er å verne om Sverige og det svenske demokratiet. Det handlar jo nett om den demokratiske samtalen der folk får meine og tenkje fritt.

– De står ikkje i fare for å styre den offentlege debatten?

– Nei, vi vil ikkje hindre debatt – då ville vi jo ikkje vere eit liberalt demokrati lenger. Meiner alle det same? Nei, om folk ikkje tør seie kva dei meiner, er vi jo ein totalitær stat. Vi vil absolutt ikkje prøve å påverke det offentlege ordskiftet på noko vis. Vi vil gjere merksam på korleis framande makter kanskje vil få oss til å tenkje på ein viss måte. Men om ein ønskjer å tenkje slik, så får ein gjere det. Vi har ytringsfridom i Sverige.

Koordinerte åtak

Eskil Grendahl Sivertsen, spesialrådgjevar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), er blant dei som har teke til orde for at Noreg bør få ein funksjon som tilsvarer MPF. Han trur ikkje det er nødvendig å opprette ein eigen etat, men meiner Noreg må opprette eit fagmiljø som kan jobbe på tvers av ulike sektorar.

– Vi snakkar om målbevisste forsøk på manipulasjon frå utanlandske aktørar som blandar seg inn i den offentlege samtalen i Noreg og prøver å påverke samfunnsutviklinga utan at vi ser det og kan gjere noko med det. Dette er ikkje berre ei samfunnsutfordring, men ei tryggleiksutfordring, slik det vert definert i EU og Nato.

Eskil Grendahl Sivertsen er spesialrådgjevar i Forvarets Forskningsinstitutt (FFI).

Eskil Grendahl Sivertsen er spesialrådgjevar i Forvarets Forskningsinstitutt (FFI).

Foto: FFI

– Då treng vi ein funksjon i statsapparatet som har ansvar for å ha situasjonsforståing, slik at vi kan fange opp slike trugsmål, sjå dei i samanheng med andre og setje inn verkemiddel. Ofte ser ein at forsøk på påverknad vert koordinert med andre verkemiddel. Vi må kunne sjå desse i samanheng og ikkje som isolerte hendingar, seier han.

Tenkt kampanje

I ein FFI-rapport Sivertsen er medforfattar til, er det presentert eit døme på ein tenkt påverknadskampanje mot Noreg:

Ein framandstatleg aktør prøver å skape inntrykk av at ei politisk avgjerd om ei stor forsvarsinvestering er teken av omsyn til USA, at investeringa ikkje vil gje operativ effekt, og at ho går ut over andre, viktigare innkjøp innanfor skule og helse. Om ein stor del av befolkninga trur på eit slikt narrativ, kan det trenere – og i verste fall hindre – eit viktig innkjøp for norsk forsvarsevne og svekkje tilliten til både norske styresmakter og politikarar og til Forsvarsdepartementet, Forsvaret og Forsvarsmateriell.

Spørsmålet som vert stilt i rapporten, er: Kven har ansvaret for å førebyggje at befolkninga trur på eit slik narrativ?

– Då regjeringa gjekk inn for å kjøpe nye jagarfly, vart det skrive ei lang rekkje kritiske artiklar om alt frå pris og kvalitet til industrisamarbeid. Eksempelet i rapporten får meg til å spørje om legitim kritisk journalistikk kan verte stempla som fiendtleg?

– I så fall har ein gjort noko heilt feil. Eg trur utgangspunktet i diskusjonen om ein slik funksjon må byggje på kva vi vil verne om. Vi vil verne om norske interesser og demokratiet. For å vere eit demokrati må vi ha ein open kritisk samtale. Vi må ikkje innføre antidemokratiske tiltak.

– Du fryktar ikkje ein slik effekt?

– Som i mange spørsmål om tryggleik vil det vere dilemma og vekting av ulike omsyn. Det er derfor eg lenge har ønskt meg denne debatten. Vi må merke oss fallgruver og unngå å gå i dei.

Nedkjølande effekt

Helje Solberg, nyhendedirektør i NRK, trur ikkje det er ein god idé å opprette ei styresmakt for psykologisk forsvar i Noreg.

– Styresmaktene må naturlegvis koordinere seg og ha ein tydeleg strategi for korleis dei skal møte spreiing av desinformasjon, propaganda og manipulering. Det er behov for å styrkje innsatsen på området. Men eg er kritisk til å opprette eit statleg organ om det på nokon som helst måte kan oppfattast som å forvalte kva som er sant og ikkje sant i det offentlege ordskiftet. Ein slik etat kan, berre ved å vere til, ha ein nedkjølande effekt på samfunnsdebatten, sjølv om det ikkje er intensjonen, seier ho.

Nyhendedirektør i NRK Helje Solberg.

Nyhendedirektør i NRK Helje Solberg.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

«Ein slik etat kan, berre ved å vere til, ha ein nedkjølande effekt på samfunnsdebatten.»

Helje Solberg, nyhendedirektør i NRK

– Kan det ikkje, i ein situasjon med spreiing av mykje løgner og villeiande informasjon, vere behov for å skilje sant frå usant?

– Å svare på korleis vi skal møte dette, er ei av dei største utfordringane i vår tid, men mange av svara ligg i media, universiteta og sivilsamfunnet. Vi lever i eit land med ytringsfridom og pressefridom, og vi må byggje på det som fungerer i Noreg. Noko av det viktigaste styresmaktene kan gjere for å styrkje den digitale motstandskrafta, er så sørgje for at folk har tilgang på uavhengige redaktørstyrte medium. Det handlar om rammevilkåra media har, og regulering av dei globale medieplattformene.

Straffbart å medverke

Regjeringa har den siste tida teke ei rekkje grep for å motarbeide utanlandske forsøk på påverknad. Om kort tid vil regjeringspartia, med støtte frå Høgre, røyste for eit forslag som gjer det straffbart å medverke til påverknadsoperasjonar på vegner av utanlandsk etterretning. Forslaget vil også gje PST høve til å førebyggje og etterforske slik ulovleg påverknadsverksemd i Noreg.

Frp, Venstre og SV har gjort det klart overfor NTB at dei ikkje støttar forslaget, fordi det går for vidt og kan kome til å svekkje ytringsfridommen.

Dag og Tid har sendt spørsmål til Forsvarsdepartementet om regjeringa vurderer å opprette eit statleg organ med liknande oppgåver som det MPF har, men ikkje fått svar.

Dag og Tid har heller ikkje fått svar på kven som har det overordna ansvaret for å førebygge, oppdage, kartleggje, analysere og handtere påverknadsaksjonar i dag.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén
Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge
Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis