Framande makter mot folkhemmet
Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?
Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.
Foto: Martin Meissner / AP / NTB
Les også
Illustrasjon: Rod Sanford / AP / NTB / Dag og Tid
Autoritære statar er ute etter å påverke det offentlege ordskiftet i Noreg. Samstundes har vi ikkje noko sentralt organ med ansvar for å hindre det.
Bakgrunn
Myndigheten för
psykologisk försvar
Statleg etat, oppretta 1. januar 2022
Opererer etter årleg instruksbrev frå den svenske regjeringa
Har førebyggjande og operative siktemål
Skal avdekkje utilbørlege påverknadskampanjar frå utanlandske aktørar og styrkje forsvarsviljen i Sverige
Les også
Illustrasjon: Rod Sanford / AP / NTB / Dag og Tid
Autoritære statar er ute etter å påverke det offentlege ordskiftet i Noreg. Samstundes har vi ikkje noko sentralt organ med ansvar for å hindre det.
Bakgrunn
Myndigheten för
psykologisk försvar
Statleg etat, oppretta 1. januar 2022
Opererer etter årleg instruksbrev frå den svenske regjeringa
Har førebyggjande og operative siktemål
Skal avdekkje utilbørlege påverknadskampanjar frå utanlandske aktørar og styrkje forsvarsviljen i Sverige
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Forsvar
christiane@dagogtid.no
Ein kort spasertur frå Klarälven, som spreier seg i fleire delar og strøymer gjennom den värmlandske hovudstaden Karlstad, ligg eit raudt mursteinskompleks så firkanta og labyrintisk at det kunne vore bygd i Minecraft.
Karolinen, som det heiter, vart bygd i 1970-åra for å huse militære einingar, etter eit riksdagsvedtak om å flytte statleg verksemd ut i distrikta. Men Karolinen fortel den same historia som kald krig-museet eit kvartal unna. Frå 1980- og 1990-åra vart satsinga på det svenske forsvaret redusert, og i dag finn vi berre to einingar med band til svensk tryggingspolitikk i bygningen: Den svenske forsvarshøgskulen og etaten med det kryptiske namnet Myndigheten för psykologisk försvar (MPF).
Myndigheten för psykologisk försvar har hovudkontor i bygget Karolinen i sentrum av Karlstad.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Det er til denne siste etaten eg, på vegner av Dag og Tid, har invitert meg til, etter å ha lese ei utgreiing frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) som tilrår regjeringa å opprette ein tilsvarande funksjon i Noreg. Ei utgreiing som vart skriven på oppdrag frå Forsvarsdepartementet i fjor, og som har vorte møtt med åtvarande røyster frå pressa.
Uklart ansvar
Røyndomsskildringa frå forskarar i FFI er eigna til å vekkje uro. I ein rapport frå 2023 vert det slått fast at det framleis er uavklart kven som har det overordna ansvaret for å førebyggje, oppdage, kartleggje, analysere og handtere påverknadsaksjonar.
I ein seinare FFI-rapport, også denne frå i fjor, kan vi lese at Noreg heller ikkje prioriterer den internasjonale kunnskapsdelinga på feltet på line med nabolanda våre, i forum som Natos senter for strategisk kommunikasjon og Natos Nordisk-baltiske koordineringsforum.
På same tid oppfattar både PST og E-tenesta påverknadsaksjonar som alvorlege trugsmål. I trugsmålvurderinga for 2024 held PST det fram som truleg at Russland og Kina vil gjennomføre påverknadsoperasjonar i Noreg.
Meiningspoliti?
Men er svaret å kopiere svenskane? Myndigheten för psykologisk försvar har i dag to avdelingar med ulike oppdrag:
● ei førebyggjande avdeling, som skal støtte den svenske befolkninga, styresmakter, kommunar, medium, forsvarsorganisasjonar og sivilsamfunn
● ei operativ avdeling, som skal identifisere, analysere og motarbeide det som vert kalla utilbørleg informasjonspåverknad og villeiande informasjon om Sverige, eller som strir imot svenske interesser, utført av framande aktørar
På veg gjennom dei lange korridorane i Karolinen (dei viser seg å vere på totalt 16 kilometer i heile komplekset) spør eg meg om ein norsk versjon av MPF kan verte eit slags meiningspoliti, som vil gjere det vanskelegare å kritisere avgjerder i Forsvaret eller i regjeringa dersom ein russisk kampanje kritiserer dei på same måte.
Som journalist er eg også overraska over at MPF har lista opp media som ein bransje dei skal støtte i det førebyggjande arbeidet sitt.
Sverige har bygd ned forsvaret sidan 1980- og 90-åra, men rustar no opp. Biletet er frå Brigademuseet i Karlstad, som tematiserer den kalde krigen.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Kjeldekritikk til kaffien
I kontorlokala til MPF vert eg møtt av fleire fargesterke installasjonar. «Sortera dine källor», står det på ei knallgul bossbøtte. Ho viser seg å vere del av ei utstilling som vandrar mellom ulike arbeidsplassar, som ein del av det førebyggjande arbeidet i etaten.
– Dette er ein del av det vi gjer for å nå fram til befolkninga, forklarar assisterande avdelingssjef Catrin Huss, som møter til intervju saman med senioranalytikar Andreas Edevald.
– Ein skal kunne ta seg ein kaffi med ein kollega og tileigne seg litt bakgrunnsinformasjon om demokrati og desinformasjon.
Catrin Huss og Andreas Edevald har begge sentrale posisjonar i Myndigheten för pyskologisk försvar.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Spelet om Nato
Huss og Edevald fortel at MPF starta opp i 2022 som eit resultat av at trugsmålsbiletet endra seg etter at Russland annekterte Krym i 2014. Svenskane vart opptekne av å byggje opp att det totalforsvaret som vart bygd ned etter at den kalde krigen tok slutt.
I Sverige er «psykologisk forsvar» eit etablert omgrep som har vore del av det svenske totalforsvaret sidan etterkrigstida. Det handlar kort sagt om å verne om motstandskrafta og forsvarsviljen i befolkninga. Det svenske folket skal føle at Sverige er verdt å forsvare. Opprettinga av MPF markerte at oppdraget vart utvida og tilført ressursar.
– Kva konkrete kampanjar har de avdekt?
– Russland har til dømes prøvd å påverke Nato-prosessen vår. Russland har hatt interesse av at Sverige ikkje går inn i Nato, og prøvd å påverke folkemeininga – korleis vi skal meine og avgjere om vi skal med i Nato eller ikkje. Det har til dømes vore ein styrkt retorikk om at svensk Nato-medlemskap vil destabilisere austersjøregionen, fordi Russland vil vere tvinga til å plassere atomvåpen nærmare Sverige, og at dette vil vere Sveriges skuld. Så det er eitt eksempel på at Russland aktivt har prøvd å påverke oss, men utan å lukkast, seier Edevald.
«Kampanjane har vore spelte ut mot personar busette i Sverige, men har også svekt biletet av Sverige i andre land.»
Andreas Edevald, Myndigheten för psykologisk försvar
Storming og drap
Ein annan kampanje har retta seg mot den svenske sosialtenesta.
– Her står ein ideologisk styrt aktør bak, og kampanjen er primært driven av nettstaden Shuoun Islamiya, men også IS og Al Qaida har hatt interesser her. Hovudbodskapen er at Sverige fører krig mot islam, at vi ikkje tillèt religionar, at vi kidnappar muslimske barn og vil gjere dei sekulære. Kampanjen omfattar også koranbrenning, og at politiet vernar om dei som brenn Koranen. Ein prøver å setje ulike grupper i Sverige opp mot kvarandre.
– Dette er to ganske tydelege eksempel på korleis ein har prøvd å agere mot Sverige og svenske interesser, seier Edevald.
Demonstrantar i Pakistan protesterer mot at Sverige tillèt at aksjonistar brenn Koranen i juli i fjor. Påverknadskampanjar mot Sverige har hevda at landet fører krig mot muslimar.
Foto: Arshad Butt / AP / NTB
– Har kampanjane først og fremst vore førte for å påverke den svenske befolkninga eller for å svekkje biletet av Sverige i andre land?
– Begge delar. Kampanjane har vore spelte ut mot personar busette i Sverige, men har også svekt biletet av Sverige i andre land. At den svenske ambassaden i Bagdad vart storma, er eit døme på det. Vi ser også konsekvensen i at to svenske statsborgarar vart drepne i Brussel, tilsynelatande fordi dei hadde på seg svenske fotballskjorter.
– Og de knyter drapa i Brussel direkte til kampanjar mot Sverige?
– Drapspersonen følgde bestemte profilar i sosiale medium, som delte ein bestemt bodskap om Sverige. Han hadde også sjølv delt ein bodskap om at det var svenskar som var drepne, seier Edevald.
– Så er det også slik med desse sakene at ein sjeldan kan dra eksakte linjer, seier Huss.
Ordskiftet
Huss og Edevald pratar fritt om verksemda, men eitt punkt vil dei ikkje utdjupe nærmare: det operative arbeidet mot framande aktørar. Eg lurer på om nettopp dette arbeidet kan svekkje lysta til å ta del i det offentlege ordskiftet.
– Kva om ein svensk borgar er samd med mykje av det som vert sagt om koranbrenning, og som vert ført fram som del av ein kampanje mot Sverige. Personen deler vidare meldingar og tek del i debatten. Står personen då i fare for å hamne i eit arkiv?
– Vi ser ikkje på det som skjer inne i Sverige. Om du gjer deg skuldig i noko kriminelt, er det ei sak for politiet. Men at folk skal kunne meine og tenkje som dei vil, er jo ein verdi vi er sett til å forsvare. Det er nett denne demokratiske samtalen vi vil verne om. Derimot vil vi hindre at utanlandske aktørar er med på å påverke åtferda di og avgjerdene dine gjennom utilbørlege informasjonskampanjar, seier Edevald.
– Den personen vil vi heller prøve å nå ved å auke merksemda kring trugsmål. Her har vi i vinter og vår hatt ein kampanje kalla «Bli inte lurad», seier Huss.
«Bli inte lurad»-kampanjen rettar seg mot det svenske folket og gjev kjeldekritiske tips, til dømes om korleis ein kan kjenne att ein robotstyrt profil i sosiale medium.
Pressa og staten
Huss er oppteken av at ein etat ikkje kan stå for det psykologiske forsvaret av Sverige. Det psykologiske forsvaret består av motstandskrafta til heile det svenske folket. Det førebyggjande arbeidet kan til dømes innebere å hjelpe ein kommune med å utarbeide ein risiko- og sårbarheitsanalyse eller til å handtere utilbørleg informasjonspåverknad.
Men kva med media? Skal også bransjen som smykkar seg med tittelen «den fjerde statsmakt», få hjelp av ein statleg aktør?
– Det står i instruksen vår at vi skal kunne støtte media på førespurnad. Det er viktig for oss at vi ikkje kan nærme oss media utan at dei har bede oss om støtte, seier Huss.
– Kva om de oppdagar at journalistar har kontakt med framande aktørar bak informasjonskampanjar – vil vi kunne sjå for oss ei kjeldejakt?
– Nei, eg kan ikkje sjå kvifor vi skulle gjere noko slik. Om pressa publiserer saker og følgjer vanleg presseetikk, er jo det veldig bra. Det er viktig å understreke at vårt oppdrag er å verne om Sverige og det svenske demokratiet. Det handlar jo nett om den demokratiske samtalen der folk får meine og tenkje fritt.
– De står ikkje i fare for å styre den offentlege debatten?
– Nei, vi vil ikkje hindre debatt – då ville vi jo ikkje vere eit liberalt demokrati lenger. Meiner alle det same? Nei, om folk ikkje tør seie kva dei meiner, er vi jo ein totalitær stat. Vi vil absolutt ikkje prøve å påverke det offentlege ordskiftet på noko vis. Vi vil gjere merksam på korleis framande makter kanskje vil få oss til å tenkje på ein viss måte. Men om ein ønskjer å tenkje slik, så får ein gjere det. Vi har ytringsfridom i Sverige.
Koordinerte åtak
Eskil Grendahl Sivertsen, spesialrådgjevar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), er blant dei som har teke til orde for at Noreg bør få ein funksjon som tilsvarer MPF. Han trur ikkje det er nødvendig å opprette ein eigen etat, men meiner Noreg må opprette eit fagmiljø som kan jobbe på tvers av ulike sektorar.
– Vi snakkar om målbevisste forsøk på manipulasjon frå utanlandske aktørar som blandar seg inn i den offentlege samtalen i Noreg og prøver å påverke samfunnsutviklinga utan at vi ser det og kan gjere noko med det. Dette er ikkje berre ei samfunnsutfordring, men ei tryggleiksutfordring, slik det vert definert i EU og Nato.
Eskil Grendahl Sivertsen er spesialrådgjevar i Forvarets Forskningsinstitutt (FFI).
Foto: FFI
– Då treng vi ein funksjon i statsapparatet som har ansvar for å ha situasjonsforståing, slik at vi kan fange opp slike trugsmål, sjå dei i samanheng med andre og setje inn verkemiddel. Ofte ser ein at forsøk på påverknad vert koordinert med andre verkemiddel. Vi må kunne sjå desse i samanheng og ikkje som isolerte hendingar, seier han.
Tenkt kampanje
I ein FFI-rapport Sivertsen er medforfattar til, er det presentert eit døme på ein tenkt påverknadskampanje mot Noreg:
Ein framandstatleg aktør prøver å skape inntrykk av at ei politisk avgjerd om ei stor forsvarsinvestering er teken av omsyn til USA, at investeringa ikkje vil gje operativ effekt, og at ho går ut over andre, viktigare innkjøp innanfor skule og helse. Om ein stor del av befolkninga trur på eit slikt narrativ, kan det trenere – og i verste fall hindre – eit viktig innkjøp for norsk forsvarsevne og svekkje tilliten til både norske styresmakter og politikarar og til Forsvarsdepartementet, Forsvaret og Forsvarsmateriell.
Spørsmålet som vert stilt i rapporten, er: Kven har ansvaret for å førebyggje at befolkninga trur på eit slik narrativ?
– Då regjeringa gjekk inn for å kjøpe nye jagarfly, vart det skrive ei lang rekkje kritiske artiklar om alt frå pris og kvalitet til industrisamarbeid. Eksempelet i rapporten får meg til å spørje om legitim kritisk journalistikk kan verte stempla som fiendtleg?
– I så fall har ein gjort noko heilt feil. Eg trur utgangspunktet i diskusjonen om ein slik funksjon må byggje på kva vi vil verne om. Vi vil verne om norske interesser og demokratiet. For å vere eit demokrati må vi ha ein open kritisk samtale. Vi må ikkje innføre antidemokratiske tiltak.
– Du fryktar ikkje ein slik effekt?
– Som i mange spørsmål om tryggleik vil det vere dilemma og vekting av ulike omsyn. Det er derfor eg lenge har ønskt meg denne debatten. Vi må merke oss fallgruver og unngå å gå i dei.
Nedkjølande effekt
Helje Solberg, nyhendedirektør i NRK, trur ikkje det er ein god idé å opprette ei styresmakt for psykologisk forsvar i Noreg.
– Styresmaktene må naturlegvis koordinere seg og ha ein tydeleg strategi for korleis dei skal møte spreiing av desinformasjon, propaganda og manipulering. Det er behov for å styrkje innsatsen på området. Men eg er kritisk til å opprette eit statleg organ om det på nokon som helst måte kan oppfattast som å forvalte kva som er sant og ikkje sant i det offentlege ordskiftet. Ein slik etat kan, berre ved å vere til, ha ein nedkjølande effekt på samfunnsdebatten, sjølv om det ikkje er intensjonen, seier ho.
Nyhendedirektør i NRK Helje Solberg.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Ein slik etat kan, berre ved å vere til, ha ein nedkjølande effekt på samfunnsdebatten.»
Helje Solberg, nyhendedirektør i NRK
– Kan det ikkje, i ein situasjon med spreiing av mykje løgner og villeiande informasjon, vere behov for å skilje sant frå usant?
– Å svare på korleis vi skal møte dette, er ei av dei største utfordringane i vår tid, men mange av svara ligg i media, universiteta og sivilsamfunnet. Vi lever i eit land med ytringsfridom og pressefridom, og vi må byggje på det som fungerer i Noreg. Noko av det viktigaste styresmaktene kan gjere for å styrkje den digitale motstandskrafta, er så sørgje for at folk har tilgang på uavhengige redaktørstyrte medium. Det handlar om rammevilkåra media har, og regulering av dei globale medieplattformene.
Straffbart å medverke
Regjeringa har den siste tida teke ei rekkje grep for å motarbeide utanlandske forsøk på påverknad. Om kort tid vil regjeringspartia, med støtte frå Høgre, røyste for eit forslag som gjer det straffbart å medverke til påverknadsoperasjonar på vegner av utanlandsk etterretning. Forslaget vil også gje PST høve til å førebyggje og etterforske slik ulovleg påverknadsverksemd i Noreg.
Frp, Venstre og SV har gjort det klart overfor NTB at dei ikkje støttar forslaget, fordi det går for vidt og kan kome til å svekkje ytringsfridommen.
Dag og Tid har sendt spørsmål til Forsvarsdepartementet om regjeringa vurderer å opprette eit statleg organ med liknande oppgåver som det MPF har, men ikkje fått svar.
Dag og Tid har heller ikkje fått svar på kven som har det overordna ansvaret for å førebygge, oppdage, kartleggje, analysere og handtere påverknadsaksjonar i dag.
Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.