JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fridomskamp under eineveldet

I den nye boka si om haugianarane går Trygve Riiser Gundersen bak det mytiske biletet av Hans Nielsen Hauge som er etablert i norsk kultur. Han bryt med denne overleveringa og fordjupar seg i kva som skjedde då rørsla oppstod.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9732
20220805

Bakgrunn

Hans Nielsen Hauge var ein norsk lekpredikant og industrigründer. Han grunnla den kristne rørsla haugianarane, også kalla Hauges venner eller lesarar, fordi dei las mykje både i Bibelen og i andre skrifter.

Fødd: 3. april 1771 i Østfold

Død: 29. mars 1824 i Oslo

Kjelde: Wikipedia

Historie

jan.h.landro@gmail.com

Det han då oppdagar, er ei historie med potensial til å endre synet vårt både på norsk folkekultur og på eineveldet. Ein hovudtese i boka er at det finst ein etablert politisk kultur i den norske allmugen som strekkjer seg langt tilbake i tid, og som opererer under overflata som eit uttrykk for den folkelege meininga.

Den 700 sider tjukke boka Haugianerne. Enevelde og undergrunn I: 1795–1799, ei blanding av kyrkjehistorie og kulturhistorie, politisk historie og allmennhistorie, er tenkt som det første av to bind om haugianarane og Hans Nielsen Hauge, og ikkje minst tida denne rørsla sprang ut av. Neste bind kjem venteleg i 2024 og tek føre seg åra 1800–1804. I 1804 blir Hauge fengsla, han sit inne i ni år, og rørsla som oppstår etter fengslinga, er radikalt annleis, den politiske konteksten endrar seg òg.

Riiser Gundersen skildrar det dansk-norske eineveldet som kanskje det strengaste i Europa. I København sat kong Kristian VII med absolutt makt og kunne stø seg på eit rigid lovverk. Det fanst knapt institusjonelle bremser for statsmakta, for her var både stat og kyrkje på kongens hand. Dette ser vi i både det religiøse og det politiske lovverket. Frå 1765 var det til dømes dødsstraff for folkelege forsamlingar, noko forfattaren kallar «barbarisk».

– Korleis kunne haugianarane under desse vilkåra på relativt kort tid byggje opp den landsfemnande verksemda si?

– Det er sjølve gåta. Og eitt enkelt svar finst ikkje. Her er eit samanfall av mange omstende. Den enklaste forklaringa har med pietismen å gjere, som jo opphavleg var kongeleg sanksjonert. Der låg eit ønske om auka fellesskap og ein masse ambisjonar om eigenaktivitet, som utfordra statens totalitære innretning. Denne ambivalensen i det statlege systemet gjorde at haugianarane kunne kile seg inn. Husandakten, som var eit sentral element i pietismen og ønskt av styresmaktene, var der forsamlingsforbodet i staten sprakk opp. Denne opninga nytta haugianarane aktivt.

– Systematisk utnytta ein dei lommene som fanst. For sjølv om staten var strengt autoritær og hierarkisk, hadde han ikkje eit maktapparat som det ein moderne stat rår over. Ofte kommuniserte allmugen meir effektivt enn staten sjølv gjorde. Det var sensur, men han var ikkje svært streng, især ikkje for småtekstar som kom ut i provinsane. Såleis tok det fleire år før ein plukka opp haugianartekstane.

Allmugen bøyer seg ikkje

At denne vekkinga likevel kunne oppstå, vitnar for Gundersen om at det fanst ein verksam politisk kultur i allmugen. Ein hadde eit apparat å møte den statlege undertrykkinga med.

– På seinsommaren eller hausten 1796, kort tid etter Hauges omvending, var det ei andaktssamling på garden Grålum i Tune som du legg særleg vekt på. Kva er det som gjer dette møtet så skjelsetjande?

– Det er første gong det lokale presteskapet og styresmaktene offentleg freistar konfrontere dei vekte i eit andaktsmøte. Heime på Hauge-garden har det alt vore nokre slike møte, utan at den skeptiske soknepresten har gripe inn. På Grålum er futen og to prestar til stades, altså ei massiv mobilisering av lokal makt. Dei syner til den berømte konventikkelplakaten frå 1741, som forbyr slike samkomer.

– Men her skjer det utrulege: Allmugen høyrer ikkje på makta. Sjølv om dei styrande nyttar sine mest autoritære grep, seier dei vekte kollektivt at styresmaktene har ikkje rett til å forby møtet. Det blir ein konflikt som eigentleg ikkje skulle kunne skje i dette samfunnet. Og etter møtet på Grålum held dei vekte fram med å halde møte som om ingenting har skjedd. Dei trassar påbodet frå dei styrande.

Trygve Riiser Gundersen ser det som skjedde på Grålum, som ein arketyp på konfrontasjonar som i aukande grad skjer etter som haugianarvekkinga breier seg. Prestar, futar eller lensmenn stiller opp på møta, prøver å forby dei offentleg, men mislykkast som regel. Motstandskrafta desse menneska syner, blir eit døme på ei politisk makt og handlekraft som finst i allmugekulturen, som set dei i stand til å seie nei i slike situasjonar, og som det ikkje er så enkelt å gripe inn mot.

– Frå perspektivet til styresmaktene, kor farleg var Hauge og haugianarane?

– Kjeldene er usamde om det. Meiningane i embetsstanden sprikjer, frå ufarleggjering til dei som meiner at sjølve staten var truga. Hovudsynspunktet er nok at rørsla er farleg, men ein er usamde om korleis det skal reagerast. Langsamt byggjer det seg opp eit press, som kulminerer sommaren 1804 då ein til slutt bestemmer seg for å gripe inn. Då verkar det som ein tek dette alvorleg, og at dette må sjåast som ei opprørsrørsle som kan bli verkeleg farleg om ho ikkje kjem under kontroll. Men det tek lang tid før den haldninga set seg.

– Var det Hauges evne til å mobilisere, meir enn det han preika, styresmaktene såg som det største trugsmålet?

– Det har vore vanleg å framstille det dansk-norske eineveldet som relativt fredeleg, konfliktfritt og vennleg mot undersåttane. Eg legg vekt på at sjølv om det er få opne konfliktar mellom styresmakt og allmuge, så er det eit kontinuerleg arbeid frå styresmaktene for å hindre alle typar samband og politisk fellesskap. At allmugen kjem saman, at dei byggjer nettverk og opprettar organisasjonar, er noko av det politisk farlegaste styresmaktene kan sjå føre seg. Nettopp her har haugianismen si mest revolusjonære kraft. I den dansk-norske historia finst ikkje noko allmugefellesskap som liknar på dette.

Haugianismen

Å definere haugianismen finn Gundersen vanskeleg. Han peikar på at rørsla endrar seg heile vegen i ein enorm dynamikk.

– Kanskje er det sjølve denne dynamikken og forandringskrafta som er det nærmaste vi kan komme ein kjerne i den tidlege haugianismen? Der vi har vore vane med å sjå folkekulturen som stilleståande, konservativ og forsiktig, skifter haugianismen form fleire gonger berre dei første åra. Og det held fram i åra som følgjer. Dette er det som skil den tidlege rørsla frå den som står opp att etter at Hauge blir sett fri i 1814. Det er ei sterk endringskraft der menneske søkjer saman, men også søkjer ut. Folk tek val, bryt radikalt med det dei kjem frå, og skaper i staden noko heilt nytt saman som på få år spreier seg over store delar av Noreg, seier forfattaren.

– Teologisk skil ikkje haugianismen seg radikalt frå statskyrkjelæra. Hauge og predikantane hans er heile tida opptekne av å definere seg gjennom det som har vore kjernetekstane til statskyrkja. Men dei nærmar seg denne teologiske felleskulturen på eit vis som bryt radikalt med måten han har vore brukt på fram til då, ikkje minst ved at dei sjølve forvaltar denne kulturen. Straks allmugen sjølv tek til å preike om Pontoppidan, har dei alt brote ut av rammeverket. Så er det drag ved forkynninga som òg utfordrar desse rammene, især den krasse kritikken av dei geistlege. Interesse for apokalypse og endetid, og ein meir mystisk dimensjon, får dessutan ein stadig sterkare plass i forkynninga deira.

– Vi må heile tida forstå denne allmugekulturen som ein systematisk dobbeltkommunikasjon, der noko ligg på overflata – slikt ein veit det er råd å formulere offentleg, så må ein heile tida anta at ting ligg skjult under. Slik kan ein spele ut det etablerte og dissentarposisjonar på same tid. Men samanlikna med andre sekter i samtida og seinare er haugianarane ganske konservative og ikkje i openberr konflikt med statskyrkja utetter.

– Då var det ikkje innhaldet i preikene, men trugsmålet mot autoriteten til prestane som fekk kyrkja og presteskapet til å reagere?

– Absolutt. Det er påfallande kor lita interesse dei synte for dei teologiske meiningane hans. Dei meinte at det var berre «børnelærdom» og dei konvensjonelle tinga han framførte, teologisk fann dei ikkje stort å reagere på. Så var dei vel ideologisk disponerte for å oppfatte slik allmugeforkynning som meiningslaust vrøvl. Problemet er det institusjonelle, at haugianarane sjølve tek ordet, at dei kjem saman og bryt talemonopolet til dei styrande. Det ligg ein konflikt her mellom eit presteskap som blir stadig meir prega av opplysingsverdiar og rasjonalistisk teologi, og haugianarane som held seg til meir tradisjonell ortodoks/pietistisk forkynning.

Desentralisert

– I kva grad, om nokon, organiserte Hauge direkte den aukande predikantverksemda som fann stad?

– Etter det eg kan sjå, organiserer han nesten ikkje verksemda dei første åra. Det tek jo litt tid før andre predikantar enn Hauge sjølv byrjar gå ut. Det som skjer, synest meir å vere spontane avgjerder av einskildpersonar enn organisert og planmessig. Ein desentralisert og demokratisk prosess. Når styresmaktene i København tek til å interessere seg for det som skjer, er det ikkje personen Hauge, men dei omvandrande predikantane som bekymrar dei. Men eit par år seinare blir Hauge ein tydelegare leiarskikkelse, ein som tek sentrale initiativ, ein folk vender seg til med spørsmåla sine.

Og då er det til slutt Hans Nielsen Hauge sjølv det gjeld om å stoppe munnen på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Samanlikna med andre sekter i samtida og seinare er haugianarane ganske konservative og ikkje i openberr konflikt med statskyrkja utetter.

Teologisk skil ikkje haugian­ismen seg radikalt frå stats-
kyrkjelæra.

Trygve Riiser Gundersen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis