JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gråsonene i mørket

Anders Behring Breivik var på ein gong galen, tilrekneleg og ideologisk motivert da han gjennomførte terroråtaka 22. juli 2011, meiner psykiater Randi Rosenqvist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Psykiater Randi Rosenqvist vitna i rettssaka mot Anders Behring Breivik 12. juni 2012. I rettssalen forklarte ho seg om observasjonane ho hadde gjort av Breivik i fengselet, og fortalde at ho ikkje oppfatta han som psykotisk.

Lise Åserud / NTB

10558
20210716

Randi Rosenqvist

Norsk psykiater med rettspsykiatri som spesialfelt

Fødd i 1951

Lang fartstid i Den rettsmedisinske kommisjonen, også som leiar

Har sidan 2009 arbeidd i kriminalomsorga, mellom anna med ansvar for risikovurderingar av alle forvaringsdømde

Møtte Anders Behring Breivik i Ila fengsel hausten 2011

Har seinare laga ei rekkje risikovurderingar av han

peranders@dagogtid.no

Etter terroråtaka for snart ti år sidan strevde mange av oss med å forstå korleis illgjerningane til Anders Behring Breivik var moglege. Somme tolka 22. juli som eit resultat av komplett galskap, andre såg på det som den ytste konsekvensen av ei ideologisk overtyding. Gjennom året som følgde, kom det ikkje klare svar frå psykiatrien. Diagnosane sprikte, og også rettspsykiatrane i saka mot Breivik var usamde. Men denne usemja var ikkje noko nederlag for psykiatrien, meiner Randi Rosenqvist.

– Eg synest ikkje det er så rart at vurderingane av ein så ekstrem person ikkje gav berre eitt svar. Dei fleste rettspsykiatriske observasjonar er ganske greie, men Breivik var eit ekstremtilfelle, seier Rosenqvist til Dag og Tid.

Galen og tilrekneleg

Få, om nokon, er betre kvalifisert enn ho til å meine noko om det store spørsmålet i rettssaka etter 22. juli-terroren: Var Anders Behring Breivik straffrettsleg tilrekneleg da han planla og gjennomførte ugjerningane som kosta 77 menneske livet? Etter dommen i 2012 har Rosenqvist laga risikovurderingar av Breivik kvart år, og ho har hatt ei rekkje samtalar med han. I tillegg er ho ein nestor i norsk rettspsykiatri. Og ulikt ein del kollegaer kom ho gjennom 22. juli-saka med omdømet sitt intakt.

Sjølv vart Rosenqvist tidleg overtydd om at Breivik var tilrekneleg. Ho møtte terroristen for første gong i Ila fengsel hausten 2011, der ho skulle vurdere han på vegner av fengselsdirektøren.

– Eg meiner jo at Breivik er galen. Men han er ikkje og var ikkje psykotisk i strafferettsleg forstand. Det er eg framleis sikker på.

Systemet verka

Det same meinte Oslo tingrett i 2012, og Breivik vart dømd til 21 års forvaring. Men framleis heng det ei uvisse att, og usemja om spørsmålet følgjer til dels politiske skiljeliner. Svaret er avgjerande for korleis vi skal forstå 22. juli-åtaka i ettertid. Om Breivik var utilrekneleg schizofren, kan ein sjå terroren som noko nær ein naturkatastrofe, utan politiske implikasjonar. Var han tilrekneleg, slik tingretten meinte, blir den ideologiske overtydinga hans ein viktig del av forklaringa.

Psykiatrien leverte argument til båe synspunkta i rettssaka i 2012. Dei to første rettspsykiatrane slo fast at Breivik var schizofren og utilrekneleg. Men da rapporten deira vart leken til pressa, hausta han svært hard kritikk frå både lekfolk og fagfolk. Eit nytt psykiaterpar vart kalla inn og kom til at Breivik var tilrekneleg. Men usemja var ikkje eit sjukdomsteikn for rettspsykiatrien, meiner Randi Rosenqvist i dag.

­– Saka var heller eit døme på at systemet verka. Det vart kalla inn to par med rettspsykiatrisk sakkyndige. Og domstolen gjorde ei sjølvstendig vurdering av erklæringane deira, slik det skal vere.

– ­Men om den første erklæringa ikkje hadde blitt leken til media, hadde det neppe blitt oppnemnt nye sakkyndige. Da ville det vore vanskeleg for tingretten å konkludere med at Breivik var tilrekneleg?

– Det er ikkje så sikkert. All merksemda om den første erklæringa auka nok presset mot domstolen for å hente inn nye sakkyndige. Men eg ringde sjølv til påtalemakta og sa frå så snart eg hadde lese erklæringa. Vi som hadde jobba med Breivik i Ila fengsel den hausten, var himmelfalne. Framstillinga var heilt annleis enn det vi hadde oppfatta han som.

– Var det bra at erklæringa vart leken?

– I prinsippet må eg vere motstandar av lekkasjar. Og eg trur altså uansett det ville ha blitt henta inn nye sakkyndige.

– Er det sannsynleg? Den rettsmedisinske kommisjonen gav tommel opp til den første erklæringa. Og riksadvokat Busch sa først at han ikkje såg noko behov for nye sakkyndige.

– Vi kan ikkje vite det sikkert. Men da eg las den første erklæringa, skjønte eg at konklusjonen ikkje kunne vere rett. Vi var fleire som sa frå om dette. Og eg trur det ville ha vore nok.  

Domstolens ansvar

– Denne prosessen styrkte ikkje nett tilliten til rettspsykiatrien?

– Det kan du seie. Men fagfolk kan vere usamde om både psykiatriske diagnosar og andre medisinske diagnosar. Og i ei rettssak var det og er det domstolen som skal ta avgjerda. I debatten om Breivik-saka vart det hevda at dei sakkyndige avgjorde om den tiltalte var tilrekneleg i mange saker. Men i så fall vil det seie at dommarane har abdisert.

– Korleis trur du vi ville sett på 22. juli i dag om Breivik hadde blitt kjend utilrekneleg og ikkje straffedømd?

– Om han hadde blitt erklært psykotisk og sperra inne som psykiatrisk pasient for resten av livet, trur eg det ville vore mindre diskusjon om han i åra etterpå. Om alt det han står for, vart stempla som galskap, ville det ikkje vore så mykje å debattere. Da ville det berre ha vore vrangførestillingane til ein psykotisk mann.

Kultur og galskap

Mykje av striden om psyken til Breivik har handla om tolkinga av det underlege verdsbiletet hans. Dei første psykiatrisk sakkyndige tolka idéverda hans som vrangførestillingane til ein psykotisk mann. Men alt i 2012 fekk dei kritikk for å oversjå at dei fleste av ideane hans var utbreidde på nettet. Og sidan da har det ikkje blitt mindre konspirasjonsteoretisk tankegods i verda.

– Mange rundt i verda trur til dømes på QAnon-fantasiane. Om eitt menneske bar på slike idear åleine, ville vi truleg tolke det som ein psykose?

– Det avgjerande spørsmålet er om vrangførestillingane kjem innanfrå eller er delte av andre i eit meiningsunivers. I dag florerer det av konspirasjonsteoriar. Og når mange er samde om konspirasjonsteorien, er det ikkje lenger ein psykose. Da er det eit kulturelt fenomen. Og kva kan ein seie om alle dei som trur på «Stop the steal»-kampanjen i USA – er det eit psykiatrisk fenomen?

– ­Å vere utilrekneleg er ei individuell sak. Ei gruppe eller ein subkultur kan ikkje kallast psykotisk eller utilrekneleg?

– Nei. Ta eit ekstremt tilfelle som Jonestown, seier Rosenqvist, og viser til kultrørsla kring amerikanske Jim Jones, som fek nærare 1000 menneske til å gjere kollektivt sjølvmord i Guyana i 1978.

– Kanskje var leiaren for den kulten psykotisk, for alt eg veit. Men alle dei som tok livet sitt, var det neppe. Du kan ikkje få ein populasjon til å bli psykotisk. Men svært mange menneske kan tru på noko det ikkje er grunnlag for.

Farleg inspirasjon

Dei underlege trekka ved røyndomsoppfatninga til Breivik var rimelege å tolke som realitetsbrest, men ikkje som psykose, meiner Rosenqvist.

– Det er rett nok ikkje veldig mange som meiner at muslimane er i ferd med å overta Europa. Men dei som meiner det, er ikkje psykotiske av den grunn.

– Men at konspirasjonsteoriar har blitt vanlegare, gjer dei ikkje mindre uhyggelege. Tvert om.

– Nei. Og ein heil del menneske har same forståing av verda som Breivik. Heldigvis er det ikkje mange av desse som meiner det er rett å skyte folk.

Men vi har jo sett drapa i Christchurch på New Zealand, der mordaren hadde Breivik som førebilete. Og her i Noreg vart denne Manshaus inspirert av mordaren i Christchurch til å gå til åtak på ein moske.

– Breivik ønskte å inspirere andre med ugjerningane sine. Det lukkast han med.

– Ja. Breivik har blitt ein inspirator for folk i land som Polen og Tsjekkia, Tyskland og Russland. Det finst grupper der ute som ser han som ein helt. Og det hender eg spør meg sjølv: Er det lurt å gje Breivik meir presse, når alt han vil, er å spreie bodskapen sin?

Dette dilemmaet gjeld ikkje berre Breivik, påpeikar Rosenqvist.

– Eg såg denne TV-serien til NRK om Philip Manshaus nyleg og tenkte: Er ikkje dette med på å hausse han opp?

– Eg lurte på det same. Kvifor lét dei han stå og posere med nazihelsinga si på fjernsyn?

– Det der var ikkje bra. Det største for mange menneske i dag er å bli kjend, å kome i media. Og for somme er ekstremisme ein måte å kome i media på.

Like overtydd

Ti år etter terroråtaka er det ingen teikn til at Breivik sjølv har endra utsyn. I ei risikovurdering Rosenqvist laga i 2016, heitte det: «Han er ganske pågående i sine politiske analyser, og han gleder seg stort over Brexit og Trumps valgseier. Han mener i større grad enn før at han har rett, og andre tar feil, mens han tidligere kunne lytte på motargumenter. Han mener fascistene er blitt undertrykt i 70 år, han ønsker å korrespondere med Vigrid og Nordfront og vil etablere et politisk parti med dem.»

– Den ideologiske overtydinga er ikkje svekt med åra?

– Nei. Men han har endra litt på innfallsvinkelen. Han seier no at han er ferdig med den militante fasen, og er i ein politisk fase. Han prøver å spreie tankane sine og skriv mange brev som han sender til avisene. Han kan òg ringje ut, og får 20 minutt telefontid i veka som han kan bruke til å ringje til godkjende telefonnummer.

Nye rundar

Ti år var minstetida med forvaring i dommen Breivik fekk. Snart har ti år gått, og Breivik har søkt om prøvelauslating. Forvaringa kan no berre halde fram så lenge det er fare for nye valdshaldningar. Rosenqvist skal lage ei ny risikovurdering av Breivik før prøvelauslatingssaka hans kjem opp, og det kan skje kring årsskiftet.

– Domstolen må da vurdere om han framleis kan vere farleg, ikkje kva han «fortener». Breivik seier at sidan han ikkje er militant lenger, er det ikkje grunn til at forvaringa skal haldast oppe. Dette er avgrensinga i ein forvaringsdom: Ein kan berre argumentere med fare for nye valdshandlingar. Sidan Breivik har sagt at han ikkje skal bruke vald igjen, meiner han sjølv at det bør vere greitt å lauslate han.

– Du er ikkje overtydd?

– Nei.

I dag har Noreg ei maksimalstraff på 30 år for terrorisme. Om den lova fanst for ti år sidan, ville Breivik kanskje blitt dømd til 30 års fengsel. Men ei lov har ikkje tilbakeverkande kraft.

– Det kjem nok mange rundar med dette i åra som kjem. Forvaring er noko ein alltid må diskutere, det er rom for skjønn, og det kjem heilt sikkert til å vere ulike oppfatningar, seier Rosenqvist.

– Same kor mykje ein kunne ønskje det, er vi ikkje ferdige med Breivik og galskapen hans?

– Nei. Vi er ikkje det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Om alt det han står for, vart stempla som galskap, ville det ikkje vore så mykje å debattere.

Randi Rosenqvist, psykiater

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis