Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Har satsa på ærfugl i hundre år

ISLAND: På Island er det mange som satsar på ærfugl.
På ein gard på Skaganeset, som strekkjer seg ut i Nord-Atlanteren, steller dei 3000 ærfuglreir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For vel 100 år sidan var det tre ærfuglreir på Hraun på Skaganeset. No er det om lag 3000, fortel Merete Rabølle.

7989
20170630
7989
20170630

ottar@dagogtid.no

Me bankar på døra til eit kvitt murhus. Der bur Merete Rabølle.

– Velkomen til verdas finaste stad, seier ho med eit smil, og inviterer oss inn.

Det er slutten av mai, himmelen er blå og klokka er tolv midt på dagen. Det er lemming på Island, og på Skagagarden er dei midt i lemminga. Merete Rabølle har nett stått opp, etter å ha sove ut etter ei lang vakenatt i sauefjøset.

ÆRFUGL OG SAUER

Island er større enn folk flest trur, og køyreturen frå Reykjavik til den nordlege delen av landet er lang. Langt nord har me svinga av frå ringvegen som ringar inn landet, og køyrd fleire kilometer endå lenger nord på ein grusveg full av hol. Det har ført oss utover langs den storslegne austsida av Skagafjördur og heilt ut på neset mot fyret. Her er det langt mellom husa, men på nordspissen ligg det ein gard og tre bustadhus. Midt i gardsvegen sit minst femti små, kvite og gråe skvatrande havterner, men dei lettar når me kjem nær nok. Havternene har ein lang tur bak seg. Dei trekkjer lengst – frå den sørlege halvkula og Antarktis og heilt opp mot Polarsirkelen. Fuglane ser fredelege ut, men Merete fortel at dei kan vera aggressive. Finn dei det for godt, hakkar dei laus i hovudet på folk som kjem gåande, og då hender det at blodet flyt.

Merete Rabølle og den islandske ektefellen Steinn Rögnvaldsson bur i det eine huset. Svogeren og svigermor til Merete bur i dei to andre.

Merete og Steinn har tre born. Rögnvaldur er gymnasiast med interesse for data, og heilt bestemt på at han aldri skal verta bonde. Herdis studerer biologi i Danmark, medan Karen har kjøpt nabogarden. Ein vakker dag slår ho kanskje saman dei to gardane og utvidar til tusen sauer. I dag lever familien bra på garden, med inntekter frå om lag 400 sauer, om lag 3000 ærfuglreir og ein liten fiskebåt.

Og sjølvsagt har dei hestar – ti islandshestar som går ute heile året.

– Det er ei herleg form for landbruk, slår Merete Rabølle fast.

– Og dette er den beste vinteren eg har opplevd her, slår Steinn fast inne blant alle sauene i sauefjøset.

På Skaganeset er temperaturen om vinteren kring null grader. Snøen vert sjeldan liggjande. Vinden feiar han vekk, men denne vinteren har vore stille, utan så mykje regn.

– Då eg kom hit, hadde eg ein draum om å få gå ski, men på desse åra har det berre vore éin vinter med snø nok til det, fortel Rabølle.

FRÅ GARD PÅ FYN

Ho serverer lunsj og fortel korleis ho hamna her på Hraun – det som kan verka som verdas ende. Den vesle øya Grímsey utgjer den nordlegaste delen av det islandske riket, og ho ligg midt på Polarsirkelen. Skaganes ligg litt lenger sør og vest.

Opphavleg kjem Merete Rabølle frå ein gard på Fyn. Eigentleg skulle ho verta sjukepleiar, men ho ville ha eit friår etter gymnaset. Midt på 80-talet vart ho utvekslingsstudent på eit mjølkebruk i Australia, og der møtte ho ein svenske som snakka entusiastisk om Island. Då ho kom heim til Danmark, valde ho å byrja på landbruksskule, og i samband med det vart ho praktikant på Skaganes på Island. Der møtte ho postmannen, som seinare skulle verta ektemann. Men først reiste ho heim og freista gløyma Island, men etter eit par år vende ho tilbake, og det enda med bryllaup.

Spør ein om det ikkje kan verta einsamt på ein plass som dette, så langt frå alle naboar, svarar ho nei, men legg samstundes til.

– Om sommaren kjem det fleire på vitjing her enn i Danmark, og då kan det vera godt å kvila litt ut om vinteren.

Borna på Skaganeset må reisa 56 kilometer for å koma på skulen. Spør ein om det ikkje kan vera litt einsamt for ungane å bu her, parerer Merete raskt med spørsmål om me ikkje kjem frå Noreg – eit av verdas mest grisgrendte land.

VERT TIL DUNDYNER

Kring heile den islandske kysten finst det over 300 som driv med ærfugl. Bestefar til Steinn byrja å samla dun frå ærfuglreir i 1914, og han starta med tre reir. Duna, som dei plukkar frå ærfuglreira, vert brukt i varme og dyre dundyner. For at ærfuglen skal få fred til å klekkja ut egga, må fienden – reven og minken – haldast borte. Får ærfuglen veksa opp, vender han tilbake til det gamle reiret år etter år.

– Men kjem det rev inn i fuglekolonien, kjem ikkje ærfuglen tilbake på fleire år. Difor har me gjerda inn så godt me har kunna for å hindra reven i å koma inn. Reven er ikkje freda her, og han er langt mindre redd folk enn han var før, fortel Merete.

Ho viser til at dunsamlinga vert til i eit samarbeid mellom menneska som bur her og ærfuglane. Fleire gardsbruk med ærfugl som ein del av næringsgrunnlaget, har vorte lagde ned dei siste åra, og på slike gardar har ærfuglen vorte heilt borte etter tre–fire år. Han kan ikkje leva med mink og rev kring seg, og må ha hjelp frå menneska til å halda dei borte.

FÅ ÆRFUGLAR VEKS OPP

Merete tek oss med ned mot sjøen der ærfuglen held til. Der trippar den vakre, svarte og kvite hannfuglen rundt mellom reira. Den brune hoa – ea – som ligg på egga i reiret på bakken, ser me ikkje før me nesten trakkar på henne.

Merete fortel at biologar som undersøkjer dei islandske ærfuglkoloniane, meiner at berre tre av hundre ungar veks opp. Det kan med andre ord ta svært lang tid å byggja opp ein ærfuglkoloni. I krigsåra kunne bestefaren til Sveinn henta ut om lag 30 kilo dun her. Får ein fuglane til å venda tilbake til det same reiret år etter år, kan det med andre ord vera mykje å tena på det.

I fjor var det rekordår på Skaganeset, og dei samla inn over 60 kilo dun. I år ser det dårlegare ut. Det har kome færre fuglar, og dei ventar spent korleis det kjem til å gå.

– Då eg kom hit i 1990-åra, samla me inn mellom 40 og 50 kilo dun. For to år sidan vart det 57 kilo. Berre éin gong tidlegare har me fått meir enn 60 kilo, men mykje kjem an på vêret. No har me berre hatt regn, og alle reira er våte i botnen. Det skulle ikkje overraska meg om me kjem ned i 50 kilo i år, seier Rabølle.

Dunfangsten varierer frå den eine staden til den andre. Her på nordkysten har fuglane rikeleg tilgang til mat. Loddefisken sørgjer for det, men dei tjue dagane ærfuglane ligg på egg, et dei ikkje.

På Island vert det til saman samla inn over tre tonn dun frå ærfuglane. Det trengst dun frå mellom 60 og 80 reir til éi dundyne. Kvaliteten avgjer kiloprisen, men han kan koma opp i 300.000 islandske kroner, fortel Rabølle.

Det vil seia om lag 25.000 norske kroner.

Merete Rabølle lagar dynene sjølv, men det er ikkje berre å putta dun inn i dei. Reinsinga er svært arbeidskrevjande. Først må duna tørkast i ei maskin. Så må fjørene skiljast ut i ei anna maskin, før sjølve handreinskinga byrjar. Det kan ta åtte timar om ein vil reinska eitt kilo god dun.

ISBJØRN PÅ VITJING

Det er ikkje isbjørn på det norske fastlandet, og dei fleste reknar ikkje med at det er isbjørn på Island heller, men det hender at han dukkar opp. På Skaganeset er ikkje isbjørnen daglegdags, og dei som bur der, fryktar han ikkje. Men det hender at han viser seg, og i 2008 krabba det i land to med 14 dagars mellomrom.

– Det rare no er at isbjørnane kjem hit om sommaren, seier Merete.

Den eine vart sett eit stykke frå garden, og han var så krakilsk at han sprang etter folk. Den andre, som var tynn og utsliten, dukka opp ikkje så langt frå bustadhusa midt på sommaren – den 16. juni. Ei av jentene var utandørs, og ho fekk eit glimt av han. Men ho hadde ikkje brillene på og trudde at det var den gråe hesten dei hadde på garden. Sjølvsagt vart ho skremt då ho litt etterpå oppdaga at det var ein isbjørn. Det enda med at begge isbjørnane vart skotne. Isbjørnane kom truleg med isen frå Grønland, og ekspertane meinte at den tynne og utslitne bjørnen truleg hadde ein vekelang symjetur frå isen bak seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kjem det rev inn i fuglekolonien,

kjem ikkje ærfuglen tilbake på fleire år.

Merete Rabølle, som bur på garden Hraun,
heilt nord på Skaganeset på Island

Emneknaggar

Fleire artiklar

Lærarløftet: Solberg-regjeringa gjorde lærarutdanninga lengre og meir akademisk. Her vitjar dåverande kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen Berg skule i Oslo i 2017.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtdanningSamfunn

Då læraren vart akademikar

Lengre utdanning med mastergrad skulle gjere lærarane betre. Lærarstudentane er i tvil om nytta.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.

Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter

KunstMeldingar
Eva Furseth

Side om side med Munch

Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Bra harepus

«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikk­tradisjon med moderne popproduksjon.

Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.

Foto: Overvakingspolitiet / NTB

PolitikkSamfunn
Vidar Ystad

UD-dokument finst i israelske arkiv

Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis