Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Les også
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Les også
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Les også
President Donald Trump held valkampmøte i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB
Få dagar før det amerikanske presidentvalet er det klart at Donald Trump kan bli vald.

Utanriks
peranders@dagogtid.no
Kva avgjer om Kamala Harris eller Donald Trump vinn presidentvalet på tysdag? Innvandring, abort, våpenlover, utanrikspolitikk, kriminalitet, høgsterettsutnemningar, klima, handelskrig med Kina? Alle desse tinga kan spele ei rolle. Men det er eitt politikkfelt som truleg har hovudrolla, i dette presidentvalet som i så mange val før. Og det er økonomien.
Om vi skal tru meiningsmålingane, er ingen andre politiske tema så viktige for amerikanarane for tida. Og dette lovar ikkje godt for sjansane til Kamala Harris. For det første føler over halvparten av amerikanarane at dei har fått dårlegare råd dei siste fire åra, og dette heftar ved visepresidenten og partiet hennar. For det andre seier eit fleirtal at dei har større tillit til Trump enn til Harris i økonomisk politikk. Dersom Trump igjen blir president i USA, trass i usamanhengande tale, alle skandalar, rettssaker og åtaket på Kongressen i januar 2021, er det truleg her nøkkelen ligg.
«Ekstremt viktig»
Kva fortel meiningsmålingane oss om prioriteringane til veljarane i USA? Analyseselskapet Gallup har i mange år spurt amerikanarane om kva tema som er viktigast for dei i valet, og funna i år er ganske klare. I haust seier 52 prosent av dei spurde at økonomi er «ekstremt viktig» når dei skal røyste, medan 38 prosent seier at økonomi er «svært viktig» for dei. Det vil seie at økonomi kan vere avgjerande for 90 prosent av veljarane i presidentvalet. (Dei to neste plassane på prioriteringslista til veljarane gjekk til «demokratiet i USA», som var ekstremt viktig eller svært viktig for 85 prosent, og «terrorisme og nasjonal tryggleik», som vart framheva av 83 prosent.)
Også meiningsmålingar med andre spørsmålsstillingar tyder på at økonomien veg tyngst. Ei undersøking for Bloomberg i vippestatane denne veka synte at 36 prosent av veljarane der meinte økonomi var det aller viktigaste for dei i valet. (15 prosent svarte at innvandring talde mest, medan 12 prosent meinte at abort var det viktigaste temaet.)
Inflasjon i USA 2020–2024. Det grå feltet viser nedstenginga da pandemien kom.
Illustrasjon: Bureau of Labor Statistics
Krisekjensle
Dette biletet er sjølvsagt ikkje statisk. Prioriteringane til veljarane kan endre seg ein god del over tid. Men i haust er det uvanleg mange amerikanarar som framhevar økonomi som svært eller ekstremt viktig. Vektlegginga av økonomien i undersøkingane til Gallup har faktisk ikkje vore større sidan finanskriseåret 2008. Dette er neppe tilfeldig. Også i år opplever svært mange amerikanarar at USA er i ei krise, og naturleg nok råkar dette kampanjen til Kamala Harris og Demokratane.
Rett nok har veljarane i USA langt større tru på Harris enn dei hadde på Joe Biden i økonomiske spørsmål. Gjennom det siste året scora Donald Trump mykje betre enn presidenten i meiningsmålingar som handla om tillit til den økonomiske politikken. Forspranget var ofte på kring 10 prosenteiningar.
Da Harris tok over som presidentkandidat for Demokratane i juli, jamna biletet seg ut. I august og september synte fleire meiningsmålingar at litt fleire hadde tillit til Harris enn til Trump på økonomifeltet. No er altså Trump i leiinga igjen. I ei måling utført for The New York Times sist veke svarte 52 prosent at dei hadde størst tillit til Trump i økonomiske spørsmål, medan 45 prosent hadde mest tru på Harris.
Reagan-knepet
Det forspranget Trump har i opinionen når det gjeld økonomi, treng ikkje ha så mykje å gjere med det han faktisk seier om den økonomiske politikken sin. Vi veit at han vil ha lågare skattar og høgare toll på importvarer. Men som på andre felt er bodskapane hans om økonomi oftast springande og uklare. Det han kan vise til, er at både veksten og lønsutviklinga var god i USA sist han var president, inntil pandemien kom og stogga samfunnet.
Men eit presidentval er ikkje minst ei evaluering av den siste fireårsperioden. Ronald Reagan stilte eit enkelt og elegant spørsmål til publikum i den siste debatten med president Jimmy Carter før valet i 1980: «Har du det betre enn du hadde for fire år sidan?» Svaret frå det amerikanske folket vart eit rungande nei. Inflasjonen hadde byrja å galoppere i USA under Carter. Reagan vann 44 delstatar, Carter berre seks.
Slike utfall er utenkelege i det polariserte USA av i dag, der det er gjeve kva parti som vinn i dei fleste delstatar. Men når 52 prosent av dei spurde i meiningsmålingane til Gallup seier at dei har dårlegare råd enn for fire år sidan, medan 39 prosent seier dei har fått det betre, lovar det ikkje godt for Harris. Denne misnøya er det verdt å sjå litt nærare på.
Vellukka
Om avtroppande president Biden kjenner seg urettvist behandla i opinionen, er det ikkje utan grunn. Den økonomiske politikken kalla «Bidenomics» var svært ambisiøs og vellukka ut frå fleire viktige målestokkar. Først handla det meste om å få i gang økonomien etter koronasjokket og nedstenginga i 2020. Biden nytta den krisa til å setje i sving ei stor oppgradering av energiforsyning og annan infrastruktur i USA. Arbeidsløysa i USA gjekk raskt ned att etter pandemitoppen i 2020, og har dei siste to åra vore på berre 3–4 prosent. Den høge sysselsettinga har òg bidrege til lønsvekst for folk flest, med ei viss omfordeling som heldig biverknad.
Veksten i USA har vore sterk i desse åra, i alle fall samanlikna med konkurrentane. BNP har vakse raskare enn i Europa, Japan og andre rike land sidan pandemitiltaka vart oppheva. Lenge spådde økonomane ei såkalla hard landing for amerikansk økonomi, men det har enno ikkje skjedd. Aksjekursane i USA har i haust sett nye rekordar, og bustadprisane har halde seg høge. Så kvifor har folk likevel vore så misnøgde med økonomien under Biden?
Svaret ser ut til å vere enkelt: inflasjon.
Stup
For folk under 50 var dette merkelege fenomenet ukjent, det var berre eit abstrakt tema for økonomistudentar og historieinteresserte. Men seinhaustes 2021 kom altså inflasjonen attende i USA, og i 2022 nådde prisstiginga 9 prosent, eit nivå som ikkje hadde vore sett sidan 1981.
At inflasjonen i hovudsak kom som følge av prisauke på olje og annan energi, pluss flaskehalsar etter pandemien, og at også resten av den rike verda vart råka, hjelpte lite for Biden. Tilliten til den økonomiske politikken hans stupte da inflasjonen tok av, frå 57 prosent til under 40 prosent, synte spørjeundersøkingane til Gallup. Av alle presidentar i nyare tid har berre George W. Bush hatt lågare tal enn Biden på dette feltet, med 34 prosent tillit i 2008. Og det var etter at finanskrisa fekk heile verdsøkonomien til å knele.
Misforstått
Det er ikkje rart at amerikanarane fekk noko av eit sjokk da prisane på mat, drivstoff og straum skaut i vêret i 2022. Mange lågtlønte måtte stramme inn livreima så det sveid. Likevel er det eit slåande sprik mellom oppfatninga av korleis det står til med amerikansk økonomi, og nokre av dei grunnleggande indikatorane. Til dømes har meiningsmålingar i år synt at eit fleirtal trur landet er i resesjon – det vil seie at BNP krympar i to kvartal på rad – medan realiteten er at USA som nemnt har hatt bra vekst i BNP. I mai trudde over halvparten av dei spurde at arbeidsløysa var den høgaste på 50 år, medan ho faktisk har vore svært låg dei siste to åra. I same undersøking sa 72 prosent at dei trudde inflasjonen framleis auka. I røynda hadde han falle frå 9 prosent i 2022 til 3,4 prosent i april i år.
Feil veg
Det fallet har halde fram. I september i år var inflasjonen komen ned i 2,4 prosent på årsbasis, altså eit heilt normalt nivå. Men pessimismen og mistrua til Biden og Harris varer ved. At Trump-tilhengarane meiner Demokratane har øydelagt økonomien i USA, er som ein kan vente i eit polarisert land. Men det er ikkje berre dei mest overtydde republikanarane som ser mørkt på økonomien og mistrur Demokratane i økonomiske spørsmål. Mistilliten og svartsynet er meir utbreidd enn som så. 62 prosent av amerikanarane meiner økonomien til USA er på feil veg, medan berre 32 prosent meiner det går rett veg, syner den seinaste undersøkinga til Gallup.
Om det er eit reelt kriseteikn i den amerikanske økonomien no, er det den svulmande statsgjelda, som for tida er på 36 billionar dollar. Men både demokratar og republikanarar, inkludert Biden og Trump, har jekka opp gjeldstaket til USA gjennom mange tiår, utan at opinionen har reagert nemneverdig.
Skuggen
I haust såg Robert Armstrong, seniorkommentator i Financial Times, nærare på det påfallande spriket mellom det folk i USA meiner om økonomien, og det indikatorane fortel. («Four economic truths that explain the US’s bizarre election», 17. oktober.) Psykologiske mekanismar kan forklare at Biden ikkje har fått utteljing for å ha fått ned arbeidsløysa, meiner Armstrong: Når folk får seg ein jobb, føler dei at det er takk vere deira eigen innsats og deira eigne evner. Det er ikkje noko dei vil takke styresmaktene for.
Men når prisane på bensin og mat skyt i vêret, fell det derimot naturleg å skulde på dei som styrer. Og det vekker sterke kjensler. Som Armstrong peikar på, hjelper det ikkje eingong at lønene for dei fleste har stige minst like mykje som prisane, slik at folk ikkje har mista kjøpekraft i desse to åra. Han viser òg til at amerikanarane shoppar omtrent like mykje som dei gjorde før pandemien kom i 2020. Men dei nominelle prisane er 25 prosent høgare enn i 2020, og det er dette som gjer inntrykk. «Det er ikkje effekten av inflasjon folk hatar. Det er sjølve inflasjonen», skriv Armstrong.
Kanskje kan inflasjonshatet i seg sjølv vere nok til å forklare det økonomiske svartsynet. Og kanskje kan det avgjere valet. Om det ikkje hadde vore for prisstiginga, hadde truleg Harris vunne ein klar valsiger no, meiner Robert Armstrong: «Men inflasjonen er ein skugge som heng over alt i dette valet.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.