JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Ei verd av virus

Eit nytt virus oppdaga hos griser i Kina vekkjer frykt. Forskarar søkjer svar på korleis ein kan hindre at potensielt farlege virus spreier seg frå dyr til menneske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kinesiske forskarar har oppdaga eit virus hos griser som liknar svineinfluensaviruset frå 2009. Viruset kan smitte menneske, men det er ikkje registrert smitte frå menneske til menneske.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

7217
20200710
7217
20200710

Virus

christiane@dagogtid.no

Nyhendet spreidde seg som eld i tørt gras då kinesiske forskarar førre veke varsla om eit nyoppdaga virus blant griser med eigenskapar som gjev det potensial til å utvikle seg til ein pandemi.

Det er kanskje ikkje så rart. Når verda er ramma av ein pandemi med alvorlege konsekvensar, er ein gjerne litt meir årvaken nå det blir meldt om nye virus.

Det nye viruset, som blir kalla EA H1N1, har fleire trekk som skil det frå dei fleste andre virus. For det første liknar det viruset bak svineinfluensaen, som tok om lag 575.400 liv på verdsbasis i 2009. For det andre er det påvist at viruset kan gå over frå gris til menneske. Det er ikkje funne teikn til at viruset har gått frå menneske til menneske. Frykta er at viruset kan mutere og på den måten få evna til å spreie seg frå eitt menneske til eit anna.

– Dette er ikkje eit overhengande trugsmål der vi ser infeksjonar, men noko vi må overvake, på same måte som vi gjorde i 2009 då svineinfluensaen braut ut, uttala direktøren for nasjonalinstituttet for allergi og smittsame sjukdommar i USA, Anthony Fauci, kort tid etter at forskinga vart publisert i det amerikanske tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences 29. juni.

Må skaffe oversikt

Korleis kan ein hindre at eit virus som EA H1N1 utviklar seg til ein pandemi? Dag og Tid spør forskar Hannah Joan Jørgensen, som mellom anna har fagansvar for zoonosar (infeksjonssjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske), ved Veterinærinstituttet.

– Ved å ha oversikt over virus og andre patogene mikroorganismar via forsking og andre undersøkingar kan ein føresjå ein del ting. Det er det som skjer her. Ein peiker på ein mogleg fare. Då kan vi setje inn kontrolltiltak som kan medverke til å hindre at viruset spreier seg. Det er ein strategi ein bør satse meir på globalt i tida som kjem. For når noko først skjer, som vi har sett med covid-19 i Kina, er viruset berre ein flytur unna. Ein må stoppe viruset før det kjem dit.

Jørgensen seier ein bør skaffe seg oversikt over risikosituasjonar og risikopopulasjonar, for på den måten å prøve å hindre at virus blir overførte frå ville dyr til husdyr eller menneske.

Menneskeleg aktivitet kan òg gje auka risiko for at virus oppstår og spreier seg.

– Mange aktivitetar menneske driv med, medverkar til at balansen i naturen endrar seg. Det blir mogleg for nye virus å oppstå, fordi virus møter kvarandre. Dei kan utveksle gen eller hoppe over til ein ny vert. Avskoging og konsumpsjon av bush meat er eksempel på handlemåtar som gjev risiko. Vi må verte mykje flinkare til å sjå konsekvensane av våre eigne handlemåtar.

Ei felles helse

Våren 2020 har folk flest fått auga opp for at dyrehelse og folkehelse heng tett i hop. Koronaviruset vart først oppdaga i den kinesiske byen Wuhan, med utspring i ein marknad der dei sel levande dyr. Det var altså eit virus som smitta frå dyr til menneske, for så å smitte vidare frå menneske til menneske. Internasjonalt bruker ein omgrepet One Health, ei felles helse, om samspelet mellom helsa til dyr, menneske og miljø.

Jørgensen minner oss på at det strengt teke ikkje finst tette skott mellom dyr og menneske.

– Menneske og dyr deler jo kloden og miljøet. Dyr verkar på menneske både psykisk og fysisk, og omvendt. Eg meiner det blir feil å trekkje klare skiljelinjer mellom dyr, menneske og miljø. Alle påverkar kvarandre gjensidig.

Det er ikkje uvanleg at smitte blir overført mellom dyr og menneske, men det er uvanleg at smitten utviklar seg til epidemiar og pandemiar. Vanlegare, i alle fall utanfor Noregs grenser, er det at ein bakterie som salmonella frå husdyr smittar menneske. Pandemiske virus kjem oftare opphavleg frå ville dyr.

– Desse kan utvikle seg til å bli reine menneskesjukdommar. Covid-19 er eit eksempel på dette. Det same er hiv. Ein del influensavariantar, nipahvirus og mersviruset er òg overførte frå ville dyr til menneske. Interaksjonen vår med desse dyra er risikodrivarar.

Avslører nye virus

Eystein Skjerve, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), kan fortelje at metodane for å påvise virus, bakteriar og parasittar hos dyr og menneske har utvikla seg enormt dei siste ti åra. Såkalla metagenomanalysar kan avdekkje arvestoff frå svært mange virus, bakteriar og parasittar frå ei enkel prøve.

– Ein kan for eksempel ta ei prøve frå ein gris og skanne den for alt som finst av virus. Alle dyreartar ber på skjulte virus, og ein kan finne mange som kan vere problematiske for oss. Dette vil verte eit stort forskingsområde, seier han.

I Noreg har det mellom anna vorte utført skanning av arvematerialet til flått. Dette blodsugande edderkoppdyret er frå før kjent som mogleg vert for borreliabakterien og ein type encefalittvirus som kan gje sjukdom hos menneske.

– Det er fleire titals virus som liknar andre alvorlege virus berre hos flått. Det er ei enorm verd vi står overfor. Ein god del virus som ikkje er kjende, har ville dyr som vertar, men òg mellomvertar som mygg og flått. Spesielt i tropiske strøk, men òg i nordlege strøk, seier Skjerve.

Han seier virus som smittar frå dyr til menneske, følgjer to hovudmønster:

* Ein har virus som finst hos ville dyr i tropisk jungel, og som kan overførast direkte eller via mellomvertar, som insekt.

* Ein har influensavirus lenger nord, som opphavleg stammar frå ville fuglar og er overført til tamme fuglar som høns, ender og gjæser. Også influensavirus som finst hos griser, kan bli aggressive for menneske.

Kunnskapsvekst

Med ny teknologi kjem ny kunnskap om nye virus. Det er eigna til å skremme. Skjerve reknar med at vi vil få fleire nyhende framover om virus som forskarar trur kan ha smittepotensial.

– Virologar har gjetta på at det finst om lag ein halv million virus som er i stand til å gå over frå dyr til menneske, seier han.

– Eg trur vi skal ta det litt med ro når det gjeld nyhende om nye virus, men vi må systematisk byggje opp kompetansen til å bruke slike data for å vere betre budde og kanskje kunne hindre nye virusepidemiar. Spørsmålet vert kva vi gjer med dette. Skal vi framleis ha masseturisme inn i sårbare tropiske skogar? Skal vi ha global handel med ville dyr og husdyr og kjøt frå alle delar av verda?

Diskusjon i FN

Diskusjonen om korleis smitte frå dyr til menneske kan hindrast, går for fullt internasjonalt. Førre fredag vart det kjent at Veterinærinstituttet vil delta i diskusjonen om samanhengen mellom naturmangfald og pandemiar i FNs naturpanel, som er samansett av i alt 15 deltakarar.

Panelet vil vurdere forsking som tek for seg opphavet til smittsame sjukdommar overførte frå ville dyr, samanhengen mellom pandemiar og biologisk mangfald, drivarane til pandemiar og handlingsalternativ knytte til biologisk mangfald og økosystemtenester.

Arbeidet blir sett i lys av utbrotet av covid-19 og korleis ein kan førebu seg på utbrot i framtida. Rapporten er venta i september.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi må verte mykje flinkare til å sjå konsekvensane av vår eigen handlemåte.

Hannah Joan Jørgensen, forskar ved Veterinærinstituttet

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis