Ein skrøpeleg balanse
Kor dødeleg er covid-19? Det er ikkje berre eit medisinsk spørsmål, meiner immunolog Anne Spurkland.
Sjukepleiar Maria Golding set den første covid-19-vaksinen i Noreg på Svein Andersen (67) ved Ellingsrudhjemmet i Oslo 27. desember. Det vil ta fleire månader før mange nok nordmenn er vaksinerte til at det kan bremse smittespreiinga.
Foto: Fredrik Hagen / NTB
Bakgrunn
Anne Spurkland
Immunolog og professor i medisin ved Universitetet i Oslo
Forskar på immunologi og autoimmune sjukdomar
Forfattar av boka «Immun. Kroppens evige kamp for å overleve» (2017)
Skriv òg bloggen «Immunglimt» om tema knytte til immunforsvaret vårt

Helse
peranders@dagogtid.no
«Jeg vil faktisk ikke ha COVID-19», skreiv immunolog og medisinprofessor Anne Spurkland i ein mykje lesen artikkel i nettmagasinet Harvest 4. april i fjor, og grunngav det slik: «Jeg vil ikke ha et virus inn i kroppen som gir så variabel sykdom som COVID-19. Jeg vil ikke ta sjansen på at mitt vanligvis gode medfødte immunforsvar klarer også denne oppgaven.» I artikkelen oppsummerte ho kunnskapen som da fanst om det nye viruset. No, ni månader seinare, kan Noreg vere på veg mot nye smitterekordar – rett før vaksinane kan stagge koronaviruset. Dag og Tid bad om eit intervju med Spurkland for å gjere opp status no når så mykje står og vippar.
– Lukkast du med forsettet om å unngå covid-19?
– Så langt trur eg ikkje at eg har hatt viruset, seier Spurkland og hostar.
– Hosta har eg gjort i femten år. Det er luftvegane mine som blir irriterte av støv, eg har neppe covid-19. Og nei, eg ønskjer framleis ikkje å få det.
– Vi er betre kjende med dette viruset no. Har du blitt mindre skremd sidan i fjor vår?
– Koronaviruset har vel oppført seg omtrent som det eg såg føre meg da. Vi veit at det er eit uføreseieleg virus, som kan setje i gang ukontrollerte immunreaksjonar hos somme menneske. Det kan både gå på lungene og på andre organ og kan i verste fall føre til død. I tillegg til betennelsane veit vi òg at koronaviruset kan føre til blodproppar, og det kan skje også med ganske unge folk.
Betre behandling
Sidan dei første koronasjuke dukka opp i fjor vår, har legane blitt betre til å behandle sjukdomen, påpeikar Spurkland. I mange tilfelle viste det seg at respiratoren gjorde meir skade enn nytte.
– No ventar ein i det lengste med å bruke respirator og tilfører heller oksygen via maske. Eg har inntrykk av at legane i Noreg har vore dyktige. Vi har hatt relativt få dødsfall blant dei som hamnar på sjukehus her, og det kan ha med behandlinga å gjere.
– Denne pandemien har arta seg ekstremt ulikt frå land til land. Over 350.000 koronasjuke er døde i USA, nesten 9000 i Sverige, og berre 452 i Noreg. Sjølv om ein justerer for folketal, er skilnadene slåande.
– Mykje av skilnaden har med politisk leiarskap å gjere. Der det har vore få mottiltak, har det vore mykje sjukdom. I USA er det utvist dårleg leiarskap, i tillegg er det mange der som ikkje trur at covid-19 finst. Det har vore ei absurd politisering der viruset har blitt eit spørsmål om tru. I Storbritannia nølte styresmaktene for lenge, og folk hadde òg mindre respekt for tiltaka. Og i Sverige trudde helsestyresmaktene på at immunitet skulle beskytte folk. Tegnell meinte at Stockholm var nær flokkimmunitet i fjor sommar. Men det slo ikkje til.
Arbeidsinnvandring
I sommar og tidleg på hausten såg det meste lyst ut: Livet var ganske normalt, smittetala var låge, og Anne Spurkland hadde tru på at Noreg kunne unngå ei andre bølgje med covid-19.
– Eg var ganske optimistisk i fjor haust. Eg trudde vi skulle klare å halde smitten nede. Men da var eg ikkje klar over at arbeidsinnvandrarar frå land med meir smitte fritt kunne reise til Noreg og gå på jobb utan testing og karantene. Om ikkje det hadde skjedd, trur eg at ting kunne gått mykje betre. Arbeidsinnvandrarane har jo kontakt med andre, og poff, så får du smitteutbrot. I tillegg undervurderte eg nok kor viktig årstida er. Vi er meir inne på vinteren og lufta er tørrare, og det har noko å seie.
– Kor mange i Noreg har hatt viruset no, om du skal tippe?
– I fjor sommar tydde blodprøver på at kring ein prosent av befolkninga hadde hatt covid-19, ifølgje ein rapport frå Folkehelseinstituttet. No er det openbert fleire, men eg tviler på at det er meir enn kring fire prosent av alle nordmenn som har vore smitta. Det er altså svært mange att som kan få viruset.
Misser tolmodet
Samstundes har trøyttleiken sett inn for mange etter ti månader med koronatiltak, påpeikar Spurkland.
– Dødelegheita er jo ikkje så høg, folk byrjar å bli utolmodige. Når så få døyr av dette, kvifor skal vi bry oss? Svaret er det same som før: Vi kan raskt kome i ein liknande situasjon som dei har i Storbritannia og USA no. Vi har klart å halde sjukehusa i gang i Noreg, alt fungerer, men det gjer det ikkje i Storbritannia eller USA. Så snart ein misser kontrollen med spreiinga, hamnar helsevesenet på randa av kollaps. Og da aukar dødstala både for dei covid-sjuke og andre pasientar. Når dødstala er låge på sjukehusa i Noreg, er det fordi vi har klart å halde smitten nede. Vi hadde jo ikkje overdødelegheit i Noreg i 2020.
– Noreg har hatt det motsette problemet. Eit gravferdsbyrå fekk koronastøtte på grunn av fall i omsetnaden i fjor.
–?Ja, det er interessant kva som skjer når vi ikkje smittar kvarandre som før. Koronatiltaka førebyggjer ikkje berre koronasmitte, men òg andre smittsame sjukdomar.
–?Men når dødstala er så låge, kjem spørsmålet stadig opp att: Kan det vere naudsynt med så drastiske tiltak mot ein sjukdom som er harmlaus for dei aller fleste?
–?Det er eit paradoks for politikarane og helsestyresmaktene: Når dei set i verk store tiltak, og ingenting alvorleg skjer, får dei hard kritikk. Men det er jo på grunn av tiltaka at det har gått bra. Om styresmaktene slepper opp, ser vi snart alvoret. Så er det jo flaks at koronaviruset er relativt lite farleg. Vi kunne fått ein pandemi med eit mykje meir dødeleg virus som var like smittsamt, som spanskesjuka.
Nedjustert fare
Anslaga for kor dødeleg viruset er for dei smitta – letaliteten – vart justert mykje i løpet av fjoråret: Frå Wuhan i Kina vart det først rapportert at over tre prosent av dei smitta døydde. Men alt i mars var anslaget frå Folkehelseinstituttet (FHI) ein letalitet på godt under ein prosent. Og i desember kom FHI med ein studie som tydde på at berre 0,12 prosent av dei koronasmitta i Noreg sidan 1. juni hadde døydd.
– Det siste anslaget frå FHI før jul verka merkeleg lågt. I eit land som Belgia er 0,17 prosent av heile befolkninga død av eller med covid-19, og alle belgiarar har neppe vore smitta?
– Det heng truleg saman med smittenivået. Når kapasiteten til sjukehusa blir sprengd, vil fleire av dei covid-sjuke døy. Det er nok ei forklaring på den låge dødsraten i Noreg. Så er det mogleg at legane her har vore flinkare, men det er spekulasjon. Anslaget på 0,12 prosent dødelegheit høyrest litt lite ut, men ut frå norske forhold kan det nok stemme.
– Letaliteten til covid er ikkje rein biologi, han har òg politiske og sosiale dimensjonar?
– Ja, det kjem an på mange ting: helsevesenet, alderen til befolkninga, den generelle helsetilstanden og ikkje minst tilstanden i eldreomsorga. Pandemien har til dømes sett flaumlys på den elendige eldreomsorga i Sverige, der ei rekkje mekanismar har fått smitten til å spreie seg på institusjonane.
Kva toler vi?
Spørsmålet om letaliteten til covid-19 er òg avgjerande for den politiske handteringa av pandemien, påpeikar Spurkland.
– Kor mange ekstreme tiltak er det rett å setje inn for å stogge ein sjukdom som kanskje tek livet av berre 0,12 prosent av dei som får han? I ein sesonginfluensa døyr typisk kring 0,1 prosent av dei smitta. Lat oss seie at covid-19 utan tiltak kunne ta livet av kring 5000 nordmenn, og det var heile historia. Det er omtrent 0,1 prosent av befolkninga. Hadde vi visst dette på førehand, er det ikkje sikkert at alle dei strengaste tiltaka hadde blitt gjennomførte. Men ein så omfattande smitte ville òg ha ført til at vi fekk 20 000 eller fleire alvorleg sjuke innlagde på sjukehus. I tillegg kjem det at ganske mange med relativt mild covid-infeksjon ser ut til å få ganske langvarige plager etterpå.
– Men om det kjem ein liknande pandemi i framtida, ville vi neste gong gjere like mykje som vi har gjort no? Tja, det er ikkje godt å vite. Vi tolererer jo at kring 1000 menneske døyr av influensa kvart år. Så igjen: Koronatiltaka er først og fremst meint å verne helsevesenet vårt. Det er ein del av samfunnskontrakten at borgarane skal kunne få legehjelp om dei treng det.
Mutantane kjem
– Både styresmaktene og folk flest veit mykje meir om viruset no enn i mars i fjor, og vi veit mykje om korleis vi avgrensar smitten. Likevel kan det hende at smittetoppen kjem først no?
– Vi har tilpassa oss det som skal til for å kontrollere viruset. Vi har halde avstand, unngått å møte mange på ein gong, kinoar og skjenkjestader er stengde, og så vidare. Så kom jula og nyttårsfeiringa og øydela mykje. Og no er mutasjonane i tillegg ein usikker faktor. Det som skjer i Storbritannia og Sør-Afrika no, tyder på at mutasjonane får smitten til å akselerere. Tiltaka våre er tilpassa det vi veit om viruset til no. No kan det hende at reglane endrar seg. Kanskje er ikkje ein meters avstand nok, kanskje må vi ha to og ein halv meter.
– Det blir hevda at den britiske mutasjonen kan vere 70 prosent meir smittsam. Korleis kan nokon vite det?
– Nei, det kan du seie. Om ein virusvariant er på rett stad til rett tid, kan han jo få stor spreiing heilt tilfeldig. Men vi ser at både Storbritannia og Sør-Afrika har langt større auke i smitten enn nabolanda, og dei to mutasjonane ser ut til å fortrengje andre variantar av viruset. Så det verkar klart at desse to variantane er meir smittsame. Heldigvis er det ingenting som tyder på at dei gjev meir alvorleg sjukdom.
– Kor stor fare er det for at viruset skal mutere så mykje at vaksinane ikkje lenger er effektive?
–?Da må det endre seg mykje. Ein mutasjon kan føre til at vaksinen blir litt mindre effektiv, men det skal mykje til for at koronaviruset skal mutere seg vekk frå heile immunreaksjonen som vaksinen har skapt. I alle fall kan vi gå ut frå at vaksinen gjev immunforsvaret eit forsprang på viruset, så kroppen lettare klarer å slå infeksjonen attende.
Rullar i gang
– Om storparten av dei eldste og mest sårbare blir vaksinerte dei neste månadene, kjem truleg tiltaka og disiplinen vår til å bli slakka. Da kan vi sjå for oss at smitten aukar raskt, og at vi berre lèt det stå til.
–?Det kan tenkjast. Eg trur ikkje vi vil halde på dei strenge tiltaka i mange månader etter at dei mest sårbare er vaksinerte. Kanskje blir det nokre avgrensingar på tilskodartalet på fotballkampar og konsertar, men samfunnet vil rulle i gang att. Det vil ha kostnader. Somme kjem til å ha uflaks og trekkje det kortaste strået. I land som USA har koronaviruset ført til overdødelegheit også blant yngre vaksne, og vi veit frå mellom anna Sverige at barn kan få eit livstrugande inflammatorisk syndrom på grunn av covid-infeksjon. Men dette vil råke så få at det neppe gjev grunnlag for å halde på dei strenge tiltaka. Målet må uansett vere å vaksinere alle, i alle fall ned til 18-årsalderen.
– Og på lang sikt må vi lære oss å leve med koronaviruset. Dette blir ikkje heilt borte?
– Ja, viruset kjem framleis til å vere der ute. Det tyder at somme iblant kjem til å få covid-infeksjon, og ein og annan vil døy. Så spørst det kor mykje viruset kan endre seg, og om det kan mutere seg vekk frå vaksinane? Ut frå andre koronavirus, dei som gjev forkjøling, veit vi at antistoff i blodserum frå kring 1970 ikkje vernar mot dei forkjølingsframkallande koronavirusa som finst i dag. Immunreaksjonane går altså ut på dato. Det kan skje også med covid-19, men truleg vil det vere mogleg å justere vaksinane. Eg ser ikkje på det som eit stort problem.
Pandemien kjem truleg til å gjere noko med perspektivet vårt også på lang sikt, trur Anne Spurkland.
– Koronaviruset har mint oss på at det finst infeksjonar som immunforsvaret vårt ikkje kan takle. OK, vi veit at vi kan få blodforgifting, og at russen kan få hjernehinnebetennelse, men i eit land som Noreg har infeksjonssjukdomar ikkje vore sett som ein trussel på lenge. For eit par generasjonar sidan var jo dette kvardagsleg. Slik sett har koronaviruset vore ei viktig påminning.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Så snart ein misser kontrollen med spreiinga, hamnar helsevesenet på randa av kollaps.
Anne Spurkland
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.