Spørsmål om tolking
For den muslimske innvandrargruppa er ikkje HL-senterets fordomsgransking representativ, meiner Statistisk sentralbyrå. For få har svara.
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter .
Foto: Erlend Aas / NTB
Les også
Hvilket vedtak er det Riksrevisjonen venter på?
Les også
Det faglige fundamentet
Les også
Synagogen på Bergstien, St. Hanshaugen, i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Sterke påstandar, svak undersøking
Bakgrunn
Fredag 20. januar skreiv Morten A. Strøksnes ein kommentar der han kritiserte granskinga «Holdninger til jøder og muslimer i Norge» som HL-senteret står bak.
Fredag 27. januar svarte forskargruppa til HL-senteret med innlegget «Sterk kritikk på sviktende grunnlag».

Spørjegransking
jon@dagogtid.no
For to veker sidan kritiserte Morten Strøksnes, som er journalist her i Dag og Tid, Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) for ein del av spørsmåla dei stiller i si store gransking av fordomar mellom personar som bur i Noreg. Strøksnes meinte at HL-senteret stilte leiande spørsmål. «Svar rett, og du blir vurdert som fordomsfull. Svar feil, og du er på dei godes side. Slik er det med fleire av påstandane i undersøkinga om nordmenns haldningar til jødar og muslimar», skreiv Strøksnes.
I eit svar frå forskargruppa til HL-senteret ved Vibeke Moe førre veke vart Strøksnes skulda for å koma med sterk kritikk på sviktande grunnlag, og senteret sa at Strøksnes trekte fram spørsmål som ikkje var ein del av den fordomsindeksen som HL-senteret utarbeider på basis av granskinga.
Frode Berglund er forskar ved Statisk sentralbyrå (SSB) og arbeider med spørjegranskingar og korleis dei bør lagast.
– Har de hatt noko med den siste granskinga å gjera?
– Nei, men HL-granskinga tok til i 2011. Då var vi i SSB inne og vurderte eit fyrsteutkast med spørsmål henta frå europeiske forskingsgranskingar. Vi testa det på ulikt vis og intervjua moglege personar frå relevante grupper av folkesetnaden, inkludert ei gruppe med jødisk bakgrunn. Det enda med at HL-senteret laga eit nytt skjema med nye spørsmål. Etter det har vi ikkje hatt noko med granskinga å gjera.
For få
40 prosent av dei etniske nordmennene som vart spurde om vera med på granskinga, har svart på spørsmåla, men berre 6 prosent muslimar med innvandrarbakgrunn har svart på spørsmåla. Då vert spørsmålet om ein så låg svarprosent mellom dei med ikkje-norsk bakgrunn, gjer granskinga såkalla representativ. Finst det gode metodologiske verktøy som kan korrigera for den låge svarprosenten?
– Av og til kan ein korrigera, av og til ikkje. Eg vil seia at 6 prosent er for lite til at vi kan kalla svara representative for den muslimske innvandrarpopulasjonen. Ein kan prøva å korrigera for kjende variablar, men på generelt grunnlag og utan å ha sett nærare på denne undersøkinga, meiner eg 6 prosent vert for lite.
– Kva gjer ein når ein korrigerer?
– Når ein nyttar såkalla enkel stratifisering, kan det til dømes vera slik at om du har få med låg utdanning som svarar, blæs du opp desse få og satsar på at dei er representative for alle i det segmentet, og gjer dei like store som dei er i folkesetnaden elles. Men då er føresetnaden at dei få med låg utdanning som har svart, er representative for dei om ikkje har svart. Problemet er at det kan vera haldningane til temaet som gjer at ein ikkje ynskjer å deltaka, og sidan desse ikkje er kjende, det er gjerne difor vi spør, er det vanskeleg å laga vekter på dei rette eigenskapane. Analysar av fråfall av persongranskingane til SSB syner at fråfall ikkje er tilfeldig fordelt på kjønn, alder og utdanning – eller andre kjende eigenskapar.
– Så det kan vera at den eller dei personane med låg utdanning som har svart, er særs open eller ikkje, særs intelligent eller ikkje, eller har mange fordomar eller ikkje?
– Ja, det kan du seia. Du kan til dømes enda opp med at ei gruppe vert tolka som mykje meir liberal enn gruppa der ute i samfunnet er. Eller motsett.
Endring over tid
HL-granskinga går over tid. Ho skal seia noko om fordomar her og no, men ho skal også kunna nyttast til å seia noko om korleis fordomar endrar seg i ulike grupper over tid.
– Når ein skal laga ei gransking over tid, vert det vel vanskeleg å taka ut grupper når svarprosenten vert låg, sjølv om ein kanskje burde det?
– Det skal eg ikkje meina noko om. Men eg meiner at dei burde ha vore meir varsame med bruken av svara frå den gruppa som skal representera innvandrarar. Når det er sagt, så er innvandrargruppa ein liten del av undersøkinga.
Granskinga har også eit jødisk utval. Også til det utvalet har Berglund ein kommentar.
– Det er ikkje eit utval av den jødiske folkesetnaden i Noreg. Dei har spurt medlemar av det mosaiske trussamfunnet, som er ei gruppe på nesten 500. Overslaget over kor mange det er i Noreg med jødisk bakgrunn, er ein stad rundt 1500. Men det er med jødar som det er med folk med kristen eller muslimsk bakgrunn, mange er sekulære og dimed ikkje medlemar av eit trussamfunn.
Eit av dei store problema når ein lagar spørsmål, er å vita om dei ein spør, svarar på det ein vil vita. Det gjeld særleg påstandsspørsmål.
– Ein må tenkja grundig gjennom korleis ein skal gjera spørsmål så forståelege som mogleg. Når du har kome fram til noko du meiner vil fungera, må du testa dei på moglege svarpersonar for å finna ut korleis dei forstår spørsmåla du har laga. Dette bør du gjera sjølv om spørsmåla har vore brukte tidlegare. Tidene endrar seg. Om vi tek bort retorikken og ein del av tolkingane til Strøksnes, oppfattar eg vel hans kritikk som ei påpeiking av at svara kan tolkast på ulike vis. Den kritikken meiner eg har noko føre seg.
– Så det burde ha vore meir testing på førehand?
– Om ein hadde testa spørsmåla på verkelege svarpersonar, trur eg ein hadde enda opp med å seia at det er vanskeleg å vita kva folk her svarar på, og kva grunn dei har til å gje dei svara dei gjev. Ting er ikkje så lette å tolka som ein av og til trur.
Svarpersonane vert mellom anna spurde om dei har «ein eigen sympati» for jødar eller muslimar.
– Eg tykkjer ordet sympati vert vanskeleg her. Det vert vanskeleg å tolka kvifor svarpersonane har svart det dei har svart. Her vil ein testa ut sympati med til dømes muslimar. Kva meiner ein med det? Er det norske muslimar? Er det sjiamuslimar? Sunni? Sufi? Eller det sekulære muslimar? Eller kanskje det er innvandrarar? For meg vert dette uklart.
Mange tal
I svaret frå HL-senteret til Strøksnes seier dei at dei spørsmåla som Strøksnes kritiserer, ikkje inngår i fordomsindeksen som HL-senteret utarbeider på basis av spørjegranskinga.
– Den tabellen dei presenterer, har svært mange tal. Det vert vanskeleg å få ein oversikt. Vi får vita at amerikansk utanrikspolitikk, som det vert spurt om, ikkje er med i indeksen, sjølv om det vert nytta ein del plass på amerikansk utanrikspolitikk i undersøkinga. Då lurer eg på kvifor amerikansk utanrikspolitikk er med i det heile. Å stilla spørsmål som ikkje er med i hovudanalysen, bidreg til å øydeleggja for det ein verkeleg er ute etter å få vita. Noko av det fyrste ein bør gjera når ein lagar slike granskingar, er å reinska bort det ein ikkje har trong for.
– Kvifor?
– Mellom anna av di det kan påverka seinare svar. Det er også slik at folk ofte i denne granskinga svarar at «dette er det umogleg å svara på». Det er ofte eit teikn på at spørsmåla er for vanskelege. Det er ikkje lett å svara på spørsmålet om jødar er meir intelligente enn andre. Eg vil tilrå at HL-senteret testar spørsmåla meir på personar i målgruppa for granskinga, for slik å sikra seg at svara som vart gjevne, var svar på det HL-senteret var ute etter å finna ut av.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eit av dei store problema når ein lagar spørsmål, er å vita om dei ein spør, svarar på det ein vil vita.
Frode Berglund, forskar ved Statistisk sentralbyrå
Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.