JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Köln-logo utan spir

Bystyret i Köln vil fjerne kyrkje­tårna frå by-logoen. Handlar det om digital forenkling eller om å viske ut sin eigen arv?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Köln-domen var det høgaste bygget i verda da han stod ferdig i 1880.

Foto: NTB scanpix

6290
20220422
6290
20220422

Dreg du til Köln, lyt du reise med tog. Sjølv var eg heilt ubudd første gongen eg kom til Köln Hauptbahnhof for om lag 15 år sidan. Då eg gjekk ut av stasjonsbygningen, vart eg overvelda. Her kneisa Köln-domen rett framom meg i all sin prakt som det fyrste eg møtte i byen. Om kvelden gjekk eg rundt katedralen i mørket, bøygde hovudet bakover og leita etter vasspyarar, skumle andlet i stein, gotiske djevlar og blomstrande ornamentikk.

Ein gong var dette gotiske meisterverket også verdas høgaste bygning. Det var før Washington-monumentet, den gigantiske obelisken til minne om USAs fyrste president, vart reist i 1884. Domen stod ferdig berre fire år tidlegare, men då hadde han vore under arbeid sidan 1248.

Landemerke

Köln-domen er landemerket i Köln, noko som vart særs konkret under andre verdskrigen. Då vart byen teppebomba og dei allierte bombeflya kunne navigere etter kyrkjespira. Sjølv om domen vart treft av bomber heile 14 gonger og vart delvis skadd, stod han likevel mirakuløst att i ruinane. Bileta av den øydelagde ruinbyen med den høgreiste kyrkja med dei to spira er ikoniske.

Dei to tårna har hatt ein sjølvsagd plass i den offisielle logoen til byen, saman med ei keisarleg dobbeltørn. Difor vart det rabalder då bystyret i slutten av mars bestemde seg for å droppe tvillingtårna i den nye versjonen av logoen, og det viste seg å ikkje vere aprilsnarr. Kor dramatisk er dette på ein skala frå udramatisk oppdatering til endetidsteikn?

Ikkje byvåpen

Før ein skrik opp, lyt ein vite at ein logo er noko anna enn eit byvåpen. Byvåpenet til Köln vert ståande slik det har vore sidan mellomalderen. Det er eit skjold med tre gullkroner over eit kvitt hermelinfelt med elleve svarte halar. Kronene peikar på dei heilage tre kongane, dei vi kjenner frå juleevangeliet.

Relikviane deira vart gjevne til byen av Fredrik 1. Barbarossa i 1164 og vert husa i eit fabelaktig gullskrin i katedralen. Dei elleve røyskatthalane peikar på dei 11.000 jomfruene som på 200–300-talet, ifølgje legenda, vart martyrar saman med den engelske prinsessa Ursula. På pilegrimstur til Roma reiste ho og følgjet hennar gjennom Köln, eller Colonia Agrippina, som den romerske provinsen heitte. Men korkje Ursula eller jomfruene hennar overlevde hunarane som hadde erobra byen. Dei kasta seg over kvinnene som glupske ulvar.

«Gammaldags»

Byvåpenet figurerer ofte med den tohovda keisarørna som bakgrunn, eit symbol med historie attende til Romarriket, som også var våpenbilete for den tysk-romerske keisaren i mellomalderen. Og i den offisielle logoen til Köln, den som bystyret no vil endre, har denne ørna, med byvåpenet klistra på magen, vore det eine symbolet. Det andre er dei to stiliserte kyrkjetårna, som teikn for domen sjølv. No vert kyrkjetårna fjerna, og ein forenkla versjon av ørna med byvåpen vert ståande aleine att ved sida av namnet på byen.

Argumentet for å fjerne dei to tårna kom frå ein marknadsanalyse som bystyret har betalt for. Her vart logoen med både byvåpen og kyrkjetårn analysert som «gammaldags, klumpete, uemosjonell» og «ovanfrå og ned». I tilegg speglar ikkje dagens logo byens sjølvbilete med ein «aukande servicekarakter», kva no det skal tyde. Logoen yter ikkje «rettferd til karakteren av ein livleg, særs attraktiv metropol». Til sist oppfyller han ikkje dei stadig meir komplekse krava til digitale kanalar.

Bønerop

Det er vanskeleg å sjå at dei to stiliserte kyrkjetårna vert råka av noko av denne kritikken. Og det er tilsvarande enkelt å sjå at folk som alt er skeptiske til utviskinga av den kristne kulturarven i Europa, får eit nytt moment på lista si. Köln var byen som i oktober i fjor tillét bønerop frå alle moskear. Borgarmeisteren, Henriette Reker, møtte kritikk med at Köln var ein kosmopolitisk by for mangfald, og tvitra: «Dei som kjem til hovudjernbanestasjonen, vert møtte av domen og kyrkjeklokker. Mange i Köln er muslimar, og for meg er det å tillate ropet frå muezzinen eit teikn på respekt.»

Vegen er ikkje lang til å tolke borgarmeisterens nye logo som eit ytterlegare teikn på respekt. Eller var det kanskje heller manglande respekt – for sin eigen kultur? Motstanden mot å fjerne spira kjem frå både politisk, kyrkjeleg og folkeleg hald. Folket har sterke kjensler knytte til domen, og tidlegare borgarmeister Fritz Schramma representerte mange då han kritiserte det han såg på som ei ukvalifisert, upresis vurdering frå eit reklamebyrå.

Kristen arv

Debatten i Köln er verd å leggje merke til ikkje minst fordi han syner korleis den kristne kulturarven er knytt til identitet, kjensler og symbol. Sjølv om bystyret skuldar på digital forenkling, vert spørsmålet kor mykje ein lyt viske ut for å vere ein religionsnøytral by. Lyt ein viske ut sin eigen arv?

Sjølv er eg ikkje i tvil. Eg meiner at det hadde vore eit viktig signal nettopp å bevare spira i bylogoen. På Unescos verdsarvsliste vert Köln-domen presentert slik: «I ein periode på 700 år vart den eine byggherren etter den andre inspirerte av den same trua og ein absolutt truskap til dei opphavlege planane. Ved sida av den eksepsjonelle eigenverdien han har, og det kunstnarlege meisterverket han er, vitnar Köln-domen om den varige krafta i den europeiske kristendomen.»

Ikkje berre for kølnarane sjølv, men for mange andre europearar, er Köln-domen eit av dei aller ypparste uttrykka for den kristne arven.

Verdispørsmål

Svaret på kor dramatisk det er å fjerne Köln-domen frå bylogoen, kjem an på kven du spør. Eit reklamebyrå med fokus på visuell reinleik vil seie at det er udramatisk, medan ein som kjenner sin europeiske og religiøse identitet truga, vil seie at det er eit klart steg vidare mot underkastinga frå Houellebecqs litterære univers.

Svaret heng med andre ord saman med kva verdiar ein meiner er viktige. Og spørsmålet bør stillast andre vegen: Kva verdiar veg så tungt at spira lèt seg fjerne frå byens logo? Eller: Kva for verdiar er borte, sidan spira kan fjernast så enkelt?

Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Motstanden mot å fjerne spira kjem frå både politisk, kyrkjeleg og folkeleg hald.

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis