Moral som styringsverktøy
Den nye morallova i Afghanistan inngår i ei rekkje markeringar mot det internasjonale samfunnet og innstrammingar overfor eigne borgarar.
Taliban-leiarar samla i 2023 i Kabul for å forsone haukar og meir moderate mørkemenn.
Ebrahim Noroozi / AP / NTB
Kommentar
redaksjonen@dagogtid.no
Morallovene er ledd i ei gradvis tilstramming over tre år, i motstrid til det diplomatane til Taliban lova under forhandlingane med USA. Dei konservative og tradisjonelt forankra religiøse leiarane i krinsen rundt emiren prioriterer å syne at dei etterlever sharia og nyttar religiøs makt til å styre ei etnisk og religiøst samansett befolkning. Og dei utfordrar internt dei som har vore ope kritiske til forbodet mot at jenter får høgare utdanning og det eineveldige styret til emiren.
Ikkje tilfeldig
Det er ikkje tilfeldig at innstramminga skjer no. Det inngår i eit mønster og kan også ha samanheng med at der er lita militær utfordring til makta deira. USA er tydeleg på at dei ikkje støttar ein ny militær konflikt. Taliban er då tryggare på eiga makt, det markerer dei og kritiserer innblanding i korleis dei styrer Afghanistan.
Her får dei støtte frå Kina, Russland og naboland som ikkje har menneskerettar som høgaste prioritet. Nyleg nekta dei FNs spesialrapportør for menneskerettar, Richard Bennett, å komme inn i landet. Dei var usamde i rapportane hans.
Dei testar ut det diplomatiske handlingsrommet, sjølv om det minkar sjansen for den anerkjenninga dei etterspør som legitime makthavarar. Det er ikkje berre FN og vestlege statar som minner dei på dette. Organisasjonen for islamsk samarbeid kritiserte Taliban for den kvinnefiendtlege politikken deira på siste møte, og sende dei på gangen då det skulle takast bilete av deltakarane.
Ironien er at då får dei konservative kreftene i Taliban synt at dei står imot internasjonalt press. Problemet er at mange afghanarar ikkje ønskjer å leve etter slike reglar, spesielt dei som har hatt ein mindre religiøst styrt livsstil i byane.
Etterleving og straff
Taliban kunngjorde like reglar på 1990-talet, men mange etterlevde dei ikkje då. Det er ikkje mogeleg for fleirtalet av kvinner som driv jordbruk, å dekkje til kropp og ansikt når dei arbeider. No har i tillegg mange mobiltelefonar tilgang til all den informasjonen og nyhenda Taliban vil forby.
Skal ein leite med lys og lykt etter noko positivt, er det ei meir forsonande tilnærming i straffeutmålinga i den nye lova. Ho legg vekt på formaning, tilsnakk, bøter og fengsel opptil tre dagar før strengare staffer kan utmålast.
Om desse straffene ikkje fører fram, er det pisking som ofte vert nytta. Steining vart godkjent i 2023, men har så langt ikkje vorte brukt. Offentleg avretting ved skyting kan vere dommen ved drap. Så langt har det vore fem avrettingar sidan 2021.
Ein kan vone at dei sjølve tek poenget med at rettleiing er betre enn straff. Men så lenge moralpolitiet ivrar for å setje i verk morallova, er det liten grunn til optimisme.
Arne Strand er seniorforskar ved Chr. Michelsens institutt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.