JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Sanning er meir enn kjensle

Emelie Köhlers historie har ein klar bodskap: Førestillinga om at kjønn sit i hjernen, er farleg.

I læreboka Solaris er bodskapen at borna kan bestemme kva kjønn dei er, skriv Eivor Andersen Oftestad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6395
20230922
6395
20230922

Debatten om kjønnsidentitet er ekstremt polarisert. Ei viktig røyst som kan tale til fleire posisjonar, kjem frå dei som har vore gjennom transisjon og detransisjon, altså gått gjennom kjønnskorrigerande behandling, angra seg og gått tilbake til biologisk kjønn. Førre laurdag hadde Kvinneaktivistene i Oslo invitert Emelie Köhler, saman med Alexander Linkowski, til å dele erfaringane sine. Innsiktene deira er viktige.

Gutejente

Emelie Köhler var ei typisk gutejente. I min eigen barndom tenkte eg på gutejenter som langt morosamare å vere saman med enn dei litt rolegare jentejentene. Også eg likte å klatre i tre, byggje hytter, spikke og sykle fort. Gutejenter tok meir risiko, og livet vart meir spennande.

Men for Köhler vart dette eit problem då ho kom i tenåra, og det vart eit press på å vere feminin og kvinneleg. Ho kjende seg annleis, og då ho var 19 år, vart ho møtt med spørsmålet om ho kanskje var eit anna kjønn på innsida. Denne tanken greip henne sterkt, kroppen kjendest framand, og ho skapte seg eit bilete av at ho eigentleg skulle ha vore gut frå starten. Då ho var 21 år, kjendest det godt å fjerne brysta. Ho hadde ingen tankar om at ho ein gong skulle angre, og starta med hormonbehandling kort tid etter.

Samtidig hadde ho kontakt med eldre transpersonar som fekk henne til å forstå at dette ikkje var ein enkel veg til lukke. Ho vart usikker og stoppa behandlinga. Slik Köhler forklarar det, var det ei erkjenning av at ho ikkje trong å kjenne seg som kvinne, ho kunne berre vere kvinne, som fekk henne til å akseptere seg sjølv. Då ho stoppa behandlinga, tok ho tilbake retten til å vere kvinne på sin eigen måte.

Dei som angrar

I dag driv Köhler organisasjonen Detransinfo.se. Og ho seier at talet på dei som angrar på transisjon, berre aukar. Motivasjonen hennar er å unngå at fleire går unødig gjennom transisjon – og angrar seg. Så, korleis hindre det? Ingen kan seie at ikkje Köhler er truverdig når ho peikar på problemet. Og problemet ho viser til, er førestillinga om at kjønn sit i hovudet, at det er ei subjektiv oppleving som bestemmer kva kjønn du er. Denne førestillinga er farleg, seier ho.

Som vi alt veit, er det førestillinga om kjønnsidentitet som ei subjektiv kjensle som i dag vert spreidd i barnehagar og skular i Noreg. Eit døme som er vist til mange gonger, er Aschehougs lærebok i naturfag for 3. og 4. klasse, Solaris. Her er bodskapen at borna sjølve kan bestemme kva kjønn dei er. I kapittelet «Kven er eg?» er innleiingsspørsmålet: «Kva avgjer om du er gut eller jente?» Følgjande resonnement vert presentert: Kjønnsidentiteten din er din eigen tanke om kven du er. Det kan vere gut eller jente, eller noko du ikkje veit enno. Kjønn er noko anna. Det er fysiske kjenneteikn, det som legane bestemmer når dei ser om babyen har jentetiss eller gutetiss. Babyar kan ikkje fortelje om dei kjenner seg som gut eller jente, men det kan du. For med klede, hårfrisyre, kva du leikar med, og kva du gjer, kan du vise kva for ein kjønnsidentitet du har.

Etter dette resonnementet følgjer ein teikneserie om «Prinsesse Ivar og venene hans» som går på fest. Poenget er at dei gjer ei rekke val, dei vel klede, leikar, mat og musikk. Og bodskapen er at også du kan velje, alt dette og kjønnsidentiteten din med. Kven du er, er ditt eige val.

Mann eller kvinne

I lærarrettleiinga til Solaris vert tanken bak forklart. Her vert temaet biologisk kjønn introdusert, og dinest kjønnsidentitet som den personlege og subjektive opplevinga av seg sjølv som mann eller kvinne. Vektinga er klar: «I en moderne og mer likestilt verden har biologisk kjønn ikke lenger mye å si for hvem man er eller kan være.»

Det kunne ein kanskje ønskje, men å slå det fast som ein premiss for at kjønnsidentitet er ein frittståande og subjektiv eining, er ei tvilsam sanning.

Det som hjelpte Emelie Köhler, var å gå frå ei tru på at kjønn sit i hovudet, til at kjønn er biologisk. I norsk skule tenkjer ein at førestillinga om at ein kan bestemme sitt eige kjønn, skal vere inkluderande. Köhlers erfaring er at denne førestillinga tvert om kan ekskludere folk som berre vil vere seg sjølv i den kroppen dei er fødd i, utan omsyn til om dei kjenner på noko samsvar eller ikkje.

Köhler kjende seg ikkje som kvinne, men aksepterte at det gjekk an å vere kvinne likevel. Føresetnaden for kjønnsskifte, seier ho, bør ikkje vere at ein gjer det fordi ein trur at ein eigentleg er eit anna kjønn. Transisjon må berre skje ut frå avvegingar av realitetane rundt oss, ikkje på grunnlag av ei førestilling som ikkje er sann.

Rausare med å godta

Det er med andre ord dei tronge kjønnsrollene vi må til livs. Vi må verte rausare med å godta ulike typar jenter og gutar, menn og kvinner. Men ikkje minst for sårbar ungdom er dette vanskeleg, når ideala vert prakka på dei gjennom stereotype kroppsideal i ein konstant straum på sosiale medium. (Shame on you, Sophie Elise og alle andre skadelege influensarar.)

I læreboka Solaris er intensjonen ikkje berre naiv, men sikkert også god. Tanken er at gutar og jenter kan velje kva dei vil – både kjønn og kjønnsuttrykk. Det speler inga rolle kva kombinasjon du vel, fordi kroppen i vår moderne verd, slik det vert forklart, ikkje betyr så mykje for kven vi er. Valfridomen er total. Men bodskapen vert likevel at om du kjenner deg som noko anna enn det du er fødd som, så er du kanskje noko anna – og då er du vel «fødd i feil kropp»? Slik forsto Köhler det. Fordi ho trudde kjønnet sat i hjernen, oppfatta ho seg sjølv som falsk om ho sa at ho var kvinne.

Det Köhler fortel, styrkar på mange vis det psykiater Torunn Landrø har hevda i ein pågåande debatt i Morgenbladet. Landrø stilte spørsmål nett ved å gje den subjektive opplevinga av kjønn altomfattande autoritet. Det er mykje meir enn den subjektive opplevinga som er sann, på sikt, seier ho. Også kroppen er ein realitet, og tida det tar å forstå seg sjølv, er ein realitet.

Som samfunn må vi halde fast på dette og gje ungdommen støtte i den verkelege og vanskelege verda. Også lærebøkene må halde seg til det. Forlaga lyt lytte og krevje endring når førestillingar vert farlege. Og alle skulebornforeldre må sjølvsagt sjekke kva bok som ligg i sekken.

Eivor Andersen Oftestad er
professor ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis