Kor lenge skal Erna seigpinast?
Ein embetshaldar må vernast mot å bli hersa med av vekslande politiske regime.
Høgre-leiar Erna Solberg måtte uttale seg om ektemannens aksjekjøp etter trontaledebatten på Stortinget onsdag 4. oktober.
Foto: Terje Pedersen / NTB
hompland@online.no
Like etter valet var denne spalta innom dei tragikomiske scenene frå ekteskapet mellom Erna og Sindre. Då var varselet: «No vert det spanande. Fylg med i neste bolken.» Her kjem ein oppfølgjar.
NULLHYPOTESEN ER at Erna Solberg ikkje blir felles borgarleg statsministerkandidat ved valet i 2025. Etter at Høgre har satsa alt på å persondyrka den solide og truverdige Erna som stjerna, kan ho heller ikkje vera partiets habile og sanktifiserte frontfigur.
Prøvande røyster i samarbeidspartia meiner Erna har tapt sin rett og legitimitet til å vera regjeringssjef, og jo nærare dei står kontroll- og konstitusjonskomiteen, jo meir skeptiske er dei.
I STATSMINISTERTIDA var Erna Solberg slumsete med ektemannens utreinskingslister og grådige aksjespekulasjonar bak hennar rygg. Då saka sprakk, slepte ho og Høgre beina etter seg, for dei ville ha tid til å vera korrekte og komplette. Men etter som avsløringane kom fossande, skifta forklaringane. Første skanse var Erna som uskuldig offer for ektemannens ludomane svik; så var det uråd å finna ut av potensiell inhabilitet og eventuell uvørden innsideprat over frukosten der det blir snakka om aktuelle saker, næringspolitikk og guttemusikk.
Sindre finnes som ein sjølvstendig mann i norsk industri lobby og som talknusar i spekulasjonsøkonomien. Om Erna skulle flytta inn att i statsministerbustaden, meiner framståande Høgre-folk at han må refuserast eller rehabiliterast og overvakast. Det er ei tung bør for statsministeren (hev vore og vil bli) at ektemannen, som ho deler økonomi med, har drive finurlege manøvrar på hobbybasis, for som det heiter i Kjell Lunds vise:
Har du en hobby, / som du har blitt glad i, / da trenger du aldri å kjede deg mer. / For da har du alltids no’ morsomt å gjøre, / og har du først én, får du sikkert fler.
HØGRE SER UT til å klara seg rimeleg godt på meiningsmålingane så langt, og Høgre-nomenklaturen stiller seg bak Erna. Men ho fell så sterkt i folkeleg tillit og popularitet at ho er nede på Støre-nivå.
Det er med henne som med trenarar i Brann og andre fotballklubbar: Sjølv om det murrar i garderoben og mellom blodfans og medgangssupporterar sviktar, må alle i ansvarlege posisjonar seia at dei har full tillit til trenaren. Slik må det vera til han brått går av, og alle er samde om at det var den naturlege løysinga og til beste for alle partar. Så får han heiderleg omtale og takk for innsatsen og blir ekspertkommentator i TV.
ERNAGATE KJEM IKKJE til å gå raskt over, slik som Trettebergstuens utnemning av
venninner frå boblebadet, Bortens badstue, hybelfestar, kreative reiserekningar og andre personlege feilsteg.
Det tar si tid å hala viktige detaljar om inhabile og brennbare aksjehandlar og bindingar ut av elden, og den parlamentariske kverna mel langsamt. Stortingskontrollørane stiller nye skriftlege spørsmål, og det blir munnlege høyringar i haust, men den konstitusjonelle konklusjonen kjem ikkje før på nyåret. Deretter kan det gå både vinter og vår dersom Økokrim melder seg på.
For ordens skuld om arbeidsdelinga: Stortingets kontrollkomité ser på konstitusjonelt og parlamentarisk kritikkverdig inhabilitet då Solberg var statsminister; Økokrim skal undersøka om Finnes og Solberg har drive kriminell innsidehandel med fellesformuen.
VERTINNA FORSTÅR ikkje korfor Høgre vil Erna så vondt at dei lar henne seigpinast til ho lurer på om ho har krefter til å prøva å gjenreisa tilliten.
I sympati med Erna personleg meiner Vertinna at den tidlegare partireddaren og statsministeren burde takkast verdig av etter å ha tent partiet og landet på framifrå vis. Det er usømmeleg at ho skal la seg trekka gjennom sumpen av inhabil møkk og så bli refusert.
BYRÅSJEFEN ER profesjonell og held seg strengt sakleg til dei politiske forviklingane rundt Erna Solberg, men han vil legga inn eit ord for den eksemplariske måten Forvaltninga har agert på.
Ved fleire høve åtvara Statsministerens kontor (SMK) statsminister Solberg om habilitetsproblem som kunne dukka opp, men ho føyste bort råda og synte dårleg skjønn, og det må ho stå til ansvar for.
Det er viktig å halda styr på skiljet mellom eit fagleg uavhengig embetsverk og den politiske leiinga i eit departement, for byråkratiet skal bestå, mens regjeringar kjem og går.
BYRÅSJEFEN MEINER det er kjønnsnøytralt anstaltmakeri å døypa «embetsmann» opp til «embetshaldar», slik eit offentleg utval har foreslått. Men verre er det at utvalet vil tynna ut dei uavsetjelege: Fleire skal tilsetjast som underordna arbeidstakarar og færre utnemnast av Kongen i statsråd.
Rett nok kuppa embetsmannsklassen staten etter firehundreårsnatta, og mange paragrafar har runne i havet sidan 1814. Men at eit passe sjikt av statstilsette berre kan avsetjast ved lov og dom, er eit smykke å ta vare på. På vegner av borgarane skal dei vera verna mot å bli hersa med eller bli bytte ut av vekslande politiske regime, til beste for konstitusjon, kontinuitet og kunnskap.
SPALTISTEN ER NOTORISK samfunnsvitar. Likevel må han medgje at det kan vera fornuftig at dei utryddingstruga juristane i Forvaltninga ikkje blir heilt borte mellom politiske rådgjevarar, statsvitarar, talepunkt og informasjonsarbeidarar som skal få statsrådane til å skina.
Politisk og personleg har ikkje Spaltisten noko mot at Høgre skadar sitt halvgode namn og rykte. Men han er opptatt av at politikarane våre er habile og respekterte, og at systemet sikrar ryddige forhold i politikken. I så måte rammar Ernagate og Støre-regjeringas brotne kar oss alle.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bortforklaringane skifta etter som avsløringane kom fossande.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.