JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

«I nær framtid vil Russland slå særleg hardt til mot Kyiv med missil og dronar.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainsk kavalleri på veg mot Kursk 10. august 2024, staden for det største panserslaget i den andre verdskrigen.

Ukrainsk kavalleri på veg mot Kursk 10. august 2024, staden for det største panserslaget i den andre verdskrigen.

Foto: Viacheslav Ratynskyi / Reuters / NTB

Ukrainsk kavalleri på veg mot Kursk 10. august 2024, staden for det største panserslaget i den andre verdskrigen.

Ukrainsk kavalleri på veg mot Kursk 10. august 2024, staden for det største panserslaget i den andre verdskrigen.

Foto: Viacheslav Ratynskyi / Reuters / NTB

10479
20240816

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

10479
20240816

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Laurdag 6. august, da heile Ukraina følgde nervøst med på den langsame, men jamne framgangen til russiske troppar i Donbas, kom nyhendet om at det ukrainske militæret hadde invadert det russiske Kursk-fylket, som lyn frå klar himmel. Først omtala russiske medium aksjonen som ein «grenseprovokasjon» der «opptil tusen ukrainske soldatar med få pansra køyretøy tek del».

Men den 8. august melde dei same russiske media at det var kampar mellom russiske styrkar og ukrainske militære einingar 22 kilometer inne på russisk område, i nærleiken av byen Sudzja.

Dei to første dagane av invasjonen var det uråd for ukrainarar å finne ut kva som eigentleg gjekk føre seg. Mange ukrainarar rasa over denne operasjonen og spurde korleis det var mogleg å gå til ein invasjon når landet ikkje hadde styrkar nok til å forsvare Kharkiv-området og Donbas.

Ukrainarane gjekk ut frå at det var små einingar som tok del i inntrenginga i Russland, og var difor uroa for at troppane våre kunne bli omringa, at det kunne bli vanskar med forsyningar av ammunisjon og drivstoff. Men i dag har dei fleste ukrainarar roa seg ned og godteke at dei no vil måtte hanskast med enda ein front i denne krigen – denne gongen på territoriet til Den russiske føderasjonen.

Kursk har ein særskild plass i den sovjetiske historia om andre verdskrigen. Byen gav namn til det største panserslaget i menneskehistoria – slaget om Kursk i 1943. Slaget vara i 50 dagar og omfatta nesten to millionar soldatar, fire tusen fly, seks tusen stridsvogner og mange andre køyretøy. Dette slaget tvinga Tyskland til å endre planane sine og vart eit av vendepunkta i krigen.

Det nye «slaget om Kursk» er av ein heilt annan skala, men verknaden på den militær-politiske situasjonen i Russland er alt merkbar.

Når dei snakkar med journalistar, er russiske talspersonar nekta å kommentere militære aksjonar i Kursk-regionen. På fjernsyn kalla Putin sjølv denne invasjonen ein provokasjon av terroristar. Tilvisingar til 1943-slaget om Kursk blir alt nytta av den russiske propagandamaskina for å heve moralen blant både dei evakuerte frå Kursk-regionen og alle andre russarar som er lamslegne av dei uventa hendingane.

Portrettet som Evhenyja Haptsjinskaja laga av general Budanov og padda hans, Petro. Publisert i Dag og Tid med løyve frå kunstnaren.

Portrettet som Evhenyja Haptsjinskaja laga av general Budanov og padda hans, Petro. Publisert i Dag og Tid med løyve frå kunstnaren.

Ei påfallande side ved det ukrainske åtaket er talet på russiske krigsfangar som er tekne. Det gjeld over to tusen, for det meste unge soldatar. Dei har vorte mobiliserte og utplasserte langs grensa til Ukraina. Saman med dei vart òg nokre soldatar frå den atterreiste tsjetsjenske bataljonen «Akhmat» tekne.

Det er likevel dei mange vanlege, urøynde krigsfangane som kan vere eit logistikkproblem for det ukrainske militæret. På eit eller anna vis må desse fangane omskolerast og sendast attende til Ukraina.

No når det ukrainske militæret byrjar byggje festningsverk på det erobra russiske territoriet, verkar det klart at denne operasjonen ikkje er eit PR-stunt eller nokon slags avleiingsmanøver. Han ser meir ut til å ha eit langsiktig mål. Sjølvsagt vonar den ukrainske militærkommandoen at Russland vil overføre nokre av styrkane sine frå den austlege fronten for å forsvare Kursk-regionen, men kan Ukraina ha planar om å halde på ein del av dette området som eit element i tingingar om fred?

Det mest overraskande for meg og truleg for mange andre ukrainarar er at førebuingane til ein så kompleks militæroperasjon gjekk føre seg utan at russisk etterretning og vanlege ukrainarar la merke til noko. Det må ha vore ei omfattande planlegging, og likevel var det ingen lekkasje av informasjon. Det tyder på eit høgare nivå for ukrainske militæroperasjonar.

Ifølgje general Andrej Guruljov, som er medlem i den russiske dumaen, varsla russisk etterretning den politiske eliten om den ukrainske invasjonen 48 timar før han skjedde. Men alt tyder på at Kreml ikkje trudde på det.

Som eit resultat har Putin enda ein gong sytt for at sjefen for generalstaben i det russiske militæret, general Gerasimov, sit lausare i stolen, og har gjeve jobben med å få det ukrainske militæret ut av Kursk til FSB, dei russiske tryggingstenestene. Der ligg kontrollen hos Aleksej Djumin, som tidlegare var livvakt for Putin og no er sekretær for det russiske statsrådet, ein institusjon som vart oppretta av Putin i 2000 som eit rådgjevande organ for statsleiinga.

Djumin vart fødd i Kursk for 51 år sidan. Dette inneber at offiserar i dei russiske styrkane som freistar vinne att delar av Kursk-regionen, vil rapportere til FSB og ikkje til sine eigne overordna. Det har lenge vore dårleg skjult fiendskap mellom det russiske militæret og FSB, og denne fiendskapen kan bli tydelegare som eit resultat av denne nye ordninga.

I mars i år gjorde leiinga for Det ukrainske nasjonalmuseet for andre verdskrig eit interessant vedtak. Dei tok ned ei stor koparfrise vigd til 1943-slaget om Kursk. Dette dømet på monumental sovjetisk kunst – fire meter høgt og femten meter langt – var hovudattraksjonen i ein av museumssalane og er sikkert eit av dei beste døma på propagandakunst frå perioden. Eg lurer på kva museet planlegg å plassere i salen etter demonteringa av dette verket.

For alle på min alder som er fødde i Sovjetsamveldet, har i alle høve byen Kursk alltid vore assosiert med slaget som endra gangen i andre verdskrigen i Sovjet. Kan dette vere årsaka til at Kursk-regionen vart vald til denne sumarinvasjonen? Ei anna og meir praktisk orientert forklaring kan vere at det er frå Kursk-regionen dei ukrainske områda Sumy og Tsjernihiv er utsette for daglege åtak med missil og tunge bomber.

Men etter som tida går, blir spekulasjonar om kvifor ein slik operasjon vart sett i gang, trengde til sides av spørsmålet om kvifor operasjonen ikkje vart sett i gang tidlegare. Ville det ikkje ha vore betre om han starta i mai eller juni, slik at militæret hadde hatt så mykje tid som mogleg til å erobre territorium og byggje festningsverk før regnet og snøen kjem?

Kan hende starta han ikkje tidlegare på grunn av forseinkingar i leveringa av F-16-fly frå dei vi er allierte med. Dei første ti F-16-flya synte seg ikkje på den ukrainske himmelen før i juli, men no kjem dei til å spele ei svært viktig rolle – også i samband operasjonen i Kursk-regionen.

F-16-flya kjem ikkje til å bombe russisk territorium og støtte det ukrainske militæret som har skaffa seg fotfeste på den andre sida av grensa, men vil snarare hjelpe til med å verne ukrainske byar mot dei vondskapsfulle represalieåtaka som vi veit vil kome.

I nær framtid vil Russland slå særleg hardt til mot Kyiv med missil og dronar. Vi kan vente oss åtak i svær skala. Det er slik Putin vil ta hemn over Ukraina for den ferske audmjukinga. Kan hende vil han samordne planane sine med Iran, slik at hundrevis av missil vil flyge samstundes frå Iran til Israel og frå Russland til Kyiv og andre ukrainske byar. Det har i aukande grad vore vanskeleg å avskjere slike åtak med dei eksisterande luftvernsystema, men med F-16 blir det lettare å få oversikt over missila som blir skotne ut av russarane.

Sjølvsagt vil eg gjerne tru at det ikkje blir represaliar. Men kvar gong Ukraina har hatt militær suksess, har Russland etterpå bomba ukrainske byar og drepe sivile i hemningslause åtak. Dette er ein stabil algoritme. Endatil før luftalarmen kan høyrast, har eg ei kjensle av at det kjem nye bomber.

Eit menneske som lever i krig, får forsterka aktpågjeving, og det fører til at nervesystem blir svekt. Eit menneske treng avkopling, å gløyme, vende merksemda mot noko anna som ikkje har noko med krigen å gjere.

Nyleg opplevde eg ei slik avkopling da eg såg eit artig måleri av den kjende Kyiv-kunstnaren Evhenyja Haptsjinskaja – eit portrett av general Budanov, leiaren for det ukrainske etterretningsdirektoratet i forsvarsdepartementet. Nei, dette er ikkje eit vanleg, seremonielt portrett med medaljar og bandolær. Tvert imot. Dette er eit portrett av Budanov med kjælepadda si, som nettopp vart 17 år.

Men så er ikkje Evhenyja Haptsjinskaja nokon tradisjonell kunstnar heller. Ho lagar søte – somme vil seie «sukkersøte» – verk der alle karakterane er plasserte i ei mjuk, overpynta og barnleg verd. Måleria hennar er ofte brukte som motiv på sukkertøyøskjer og gratulasjonskort. Nokre av kollegaene hennar kan stille spørsmål ved den artistiske verdien av verka hennar og vurdere dei som for kommersielle, men teknikken hennar er meisterleg, og vanlege ukrainarar finn glede i verka.

Portrettet av general Budanov ber om å bli plassert på ein stor boks med sjokolade eller andre søtsaker, men sjølv om Budanov har sagt seg nøgd med portrettet, vil han neppe sjå det som innpakning til godteri. Kom likevel i hug at i Sovjetunionen vart godteri kalla opp etter krigsheltar. Til dømes var «Tsjapajev»-drops til ære for kommandant Tsjapajev i Den raude armé, som vart drepen av soldatar frå Den kvite armé i september 1919.

Krigen har har hatt alvorleg innverknad på familien til Evhenyja Haptsjinskaja. Mannen hennar, Dima, vart mobilisert den 24. februar 2022, og i desse to og eit halvt åra har han hatt få og korte permisjonar. Det første besøket hans heime sjokkerte Evhenyja. Ingen ting i det tidlegare livet hennar hadde førebudd henne på å sjå mannen sin som ein krigsherda soldat. Slik Evhenyja hugsar det, kom Dima heim med lukta av krig, lukta av død. Det var ikkje mogleg for han å få tatt ein dusj før han steig inn i bustaden.

På den tida hadde landstaden deira i nærleiken av Butsja blitt plyndra og rasert av russiske okkupantar. Evhenyja har arbeidd med å setje huset i stand att. Dima vart nyleg skadd ved fronten, men no er han rekonvalesent og bur seg på å vende attende til eininga si.

Historia til Evhenyja, saman med portrettet av general Budanov, ville passe ypparleg inn på den tomme plassen i Det ukrainske museet for andre verdskrigen, så snart krigsscenene av kopar er heilt fjerna. Meir truleg er det likevel at plassen vil bli fylt av ei utstilling vigd til slaget om Kursk 2024–2025. Men general Bukanov kan høve godt i utstillinga, ettersom styrkar frå avdelingane hans er engasjerte i Kursk-operasjonen – som han må ha vore med på å planleggje.

Før eller sidan vil vi finne ut meir om korleis operasjonen vart planlagd. Denne informasjonen vil få ein plass på museet, og i dei framtidige lærebøkene om den moderne historia til Ukraina.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov
Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis