Motstand frå vestlege land
Den norske haldninga er tydeleg, seier Jonas Gahr Støre til NRK.
Våpen
sofie@dagogtid.no
Fleire vestlege land har uttalt at dei ikkje støttar USAs avgjerd om å donere klaseammunisjon. Den spanske forsvarsministeren, Margarita Robles, sa ifølgje Reuters at klasebomber ikkje burde bli sende for å hjelpe Ukraina.
– Nei til klasebomber og ja til det legitime forsvaret av Ukraina. Slik me forstår det, skal dette gjerast utan hjelp av klasebomber.
Også Tyskland har gått ut og sagt at dei ikkje støttar avgjerda. Tyskland har, til liks med over hundre andre land, ratifisert konvensjonen som forbyr klasevåpen.
Til NRK sa statsminister Jonas Gahr Støre at bruk av klasevåpen strir mot det grunnleggjande prinsippet om å skilje mellom militære og sivile mål. Han meiner den norske haldninga er tydeleg.
– Me tilrår ikkje å bruke dette våpenet og har det som eit klart prinsipp for vår støtte til Ukraina.
Onsdag denne veka sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram at regjeringa vil donere 150.000 feltrasjonar og ein støttepakke med Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System (Nasams). Pakken inneheld to eldleidningssentralar, to utskytingseiningar og reservedelar. Tidlegare har Noreg donert to komplette Nasams-eldeiningar til Ukraina, i samarbeid med USA.
– Støttepakken vil auke effekten av luftvernet som me alt har donert til Ukraina, seier forsvarsministeren.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Våpen
sofie@dagogtid.no
Fleire vestlege land har uttalt at dei ikkje støttar USAs avgjerd om å donere klaseammunisjon. Den spanske forsvarsministeren, Margarita Robles, sa ifølgje Reuters at klasebomber ikkje burde bli sende for å hjelpe Ukraina.
– Nei til klasebomber og ja til det legitime forsvaret av Ukraina. Slik me forstår det, skal dette gjerast utan hjelp av klasebomber.
Også Tyskland har gått ut og sagt at dei ikkje støttar avgjerda. Tyskland har, til liks med over hundre andre land, ratifisert konvensjonen som forbyr klasevåpen.
Til NRK sa statsminister Jonas Gahr Støre at bruk av klasevåpen strir mot det grunnleggjande prinsippet om å skilje mellom militære og sivile mål. Han meiner den norske haldninga er tydeleg.
– Me tilrår ikkje å bruke dette våpenet og har det som eit klart prinsipp for vår støtte til Ukraina.
Onsdag denne veka sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram at regjeringa vil donere 150.000 feltrasjonar og ein støttepakke med Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System (Nasams). Pakken inneheld to eldleidningssentralar, to utskytingseiningar og reservedelar. Tidlegare har Noreg donert to komplette Nasams-eldeiningar til Ukraina, i samarbeid med USA.
– Støttepakken vil auke effekten av luftvernet som me alt har donert til Ukraina, seier forsvarsministeren.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.