Korrupsjon i kjøtbransjen
Tre menn og eit kjøtforedlingsselskap vart i Oslo tingrett dømde til fengsel og bot for korrupsjon førre veke. Saka fører ukjende sider ved kjøtbransjen fram i lyset.
Nortura sel store mengder kylling på billegsal. Det har selskapet Foods i Drammen tent godt på.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Bakgrunn
Førre veke fall dommen i Oslo tingrett i ei korrupsjonssak i kjøtbransjen.
Ein tidlegare seljar i Nortura SA er dømd til fengsel i 2 år og 6 månader for å ha kravd og motteke bestikkingar.
To kundar er dømde til fengsel i høvesvis 2 år og 3 månader og 75 dagar for å ha gjeve eller tilbode bestikkingar.
Selskapet Foods AS er dømd til ei bot på 3,6 millionar kroner.
Retten fann ikkje grunnlag for eit sivilrettsleg krav om erstatning frå Nortura, fordi dei ikkje fann prov på at korrupsjonen har ført til økonomisk tap.
Dommen er ikkje rettskraftig.

Lytt til artikkelen:
Nyhendeanalyse
christiane@dagogtid.no
Førre veke vart ein tidlegare salsleiar i Nortura dømd til fengsel i 2 år og 6 månader for å ha kravd og motteke bestikkingar frå Nortura-kundar på til saman 900.000 kroner. To kundar vart dømde til fengsel i respektive 2 år og 3 månader og 75 dagar for å ha gjeve eller tilbode bestikkingar til salsleiaren med til saman 850.000 og 30.000 kroner. Kjøtforeldingsselskapet Foods AS vart dømt til ei bot på 3,6 millionar kroner.
Korrupsjonsdommen frå Oslo tingrett er ikkje rettskraftig. I rettsforhandlingane vedgjekk ingen av dei tre dømde straffskuld. Dag og Tid har fått opplyst at den tidlegare Nortura-seljaren vil anke, medan advokatane som forsvarer dei to andre dømde, ikkje har svart på vegner av klientane.
Når juks og ulovlege handlingar vert oppdaga i matbransjen, er det grunn til å opna auga og spisse øyra. Jukset kan gå føre seg mykje nærmare tallerkane våre enn vi liker å tru. Internasjonalt er matkriminalitet eit stort problem. Det er ikkje veldig rart. Alle må ete, voluma er store og prispresset hardt. Varer med justert merking av opphav, dato og innhald kan gje stor vinst. Er det nokon som hugsar hestekjøtskandalen i 2013? Billeg hestekjøt vart merkt som storfekjøt og nytta i ferdigmat for sal i daglegvarebutikkar over heile Europa.
Eit blikk på den førre koordinerte matkrimoperasjonen i Europol og Interpol gjev òg eit inntrykk av kva matkrim typisk kan handle om. I operasjonen, som gjekk føre seg med innsats frå mattilsyn, tollvesen og politi i ein periode på over fem månader i 78 land, beslagla politiet 16.000 tonn potensielt farleg mat og 33 millionar liter drikke, til saman verd meir enn ein milliard kroner. 672 personar var arresterte då nyhendet vart offentleggjort i fjor sommar. Manipulerte utløpsdatoar på ost og kylling, drikkevarer tilsett ulovlege middel og kjøt lagra under uhygieniske forhold var berre nokre av lovbrota som vart avslørte. Det er grunn til å tru at mange slepp unna med jukset. Og det er – bokstaveleg talt – til å verte sjuk av.
Seljar, skjerar og sjef
Rettssaka som nett er avslutta i Oslo tingrett, handlar ikkje om mattryggleik, som Europol-/Interpol-aksjonen som er skildra ovanfor, men om økonomisk vinning. På same tid set saka lys på fleire sider ved den norske kjøtindustrien som med fordel kan verte kjende for fleire.
Vi kan starte med å sjå nærmare på dei tre, mildt sagt ulike, personane som nyleg vart dømde i tingretten.
Den eine er ein ikkje tidlegare straffedømd tidlegare seljar i Nortura SA, som, før han måtte gå som følgje av korrupsjonstiltalen, hadde jobba i bondesamvirket i 40 år. Han er dømd for grov korrupsjon, med ei utmålt straff på 2 år og 6 månaders fengsel. Han har i tillegg tapt retten til å ha stilling som seljar eller kjøpar i fem år. Mannen kom for nokre år sidan i økonomiske vanskar, som følgje av eit skilsmisseoppgjer og eigne speleproblem.
Den andre er ein mann tilsett i Foods AS, ei industriverksemd som kjøper råvarer i form av kvitt kjøtt som dei stykkjar, skjer og krydrar for vidaresal til kjøtutsal, restaurantar og gatekjøkken i Oslo og området rundt. Bedriftene kjøper òg ferdige produkt som vert selde vidare. Mannen er dømd for grov korrupsjon, med ei utmålt straff på 2 år og 3 månaders fengsel. Han taper retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd og til å ha stilling som seljar eller kjøpar, på ubestemt tid. Den tilsette har vore ansvarleg for kjøtinnkjøp og har i praksis leidd selskapet Foods, som er eigd av kona. Som vi skal kome nærare inn på, er han tidlegare dømd for alvorleg kriminalitet.
Den tredje er ein innehavar av eit kjøtutsal i Oslo som ikkje har vore straffa tidlegare. Han har vore ein av dei mindre kundane til Nortura og er dømd til 75 dagars fengsel for simpel korrupsjon.
Ubetalte lån
Økokrim starta etterforsking i januar 2019, etter at Nortura hadde vorte varsla om bestikkingar og meldt forholdet til politiet. Etterforskinga har vore omfattande og ressurskrevjande, med bruk av metodar som spaning, telefonavlytting og annan kommunikasjonskontroll.
Den grove korrupsjonen Nortura-seljaren og den Foods-tilsette vart dømde for, gjeld eit lån på 350.000 kroner i 2016, som i løpet av 2018 vart ettergjeve, og ein avtale om eit nytt lån på 500.000 i 2018–2019. Den simple korrupsjonen knytt til Nortura-seljaren og butikkleiaren gjeld eit lån på 30.000 kroner som aldri har vorte betalt tilbake.
Den Foods-tilsette har forklart at han hadde vondt av Nortura-seljaren som var komen i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og at han berre var omsorgsfull og dumsnill og ville hjelpe. Det er ei forklaring retten ikkje har festa lit til.
Det har i retten vore vist fram ei rekkje e-brev mellom seljaren og kjøparen der kjøtprisar og låneopptak vert nemnde om kvarandre. Den Foods-tilsette «viser seg heller som krevende og truende enn som omsorgsfull», står det i dommen.
Dommarane meiner det er klart at Foods ved hjelp av låna kunne ha oppnådd fordelar ved lågare prisar og betre tilgang på attraktive varer hos Nortura, noko som igjen ville kunne påverke marknaden og konkurransen.
Eit vitne har forklart i retten at han hadde problem med å få tak i varer frå Nortura medan andre kundar fekk tilgang på dei same varene. Han har òg forklart at han har vorte beden om å føre over 20.000 kroner til den personlege bankkontoen til Nortura-seljaren.
Oslo tingrett har gått gjennom sju handlar mellom Nortura og Foods, men finn ikkje prov på at lånegjevarane har fått låge prisar som motyting til låna. Dermed har heller ikkje Nortura vorte tilkjend erstatning for tap samvirket kan ha lide.
Ukurant vare
Når retten har funne det vanskeleg å vurdere prisane til Foods, har det ei naturleg forklaring. Foods har vakse i marknaden dei opererer i, ved å kjøpe tonnevis av kjøtvarer frå Nortura som ein del andre aktørar ikkje vil ha. I perioden 2014–2019 skal Foods og Nortura ha gjennomført 1100 handlar. Parti med såkalla ukurant vare vert omsette i ein spotmarknad til den prisen marknaden til kvar tid er villig til å betale. Ukurant vare kan til dømes vere liten, skadd og stygg kylling, varer som nærmar seg datogrensa, varer som er feilmerkte, og varer som hopar seg opp ved endringar i etterspurnaden på marknaden.
Foods har i dag større økonomiske musklar enn konkurrentane på den same marknaden og har dermed kunna kjøpe store vareparti som går inn i produksjonen eller vert selde vidare til andre produsentar eller utsal.
På denne måten har Foods truleg verka som eit godt og billeg alternativ for mange av utsala på Austlandet. For mindre industriaktørar kan Foods ha sett ut som det einaste alternativet, fordi Foods har støvsuga Nortura for ukurant vare som dei sjølve ikkje har stått i posisjon til å kjøpe.
Og om nokon av dykk som les avisa, nokon gong har lurt på kvifor så mange restaurantar i Oslo sel kyllingretter og kebab så billeg, kan eit av svara liggje her. Kjøtrettane er truleg laga av såkalla ukurant vare kjøpt frå Foods.
Storstilt smugling
Det er verdt å minne om at det ikkje berre er i utlandet ein har sett grov kriminalitet knytt til mat. På slutten av 1990-åra fekk avsløringa av ein kjøtsmuglarliga stor merksemd i rikspressa. Ein av hovudmennene i ligaen var den Foods-tilsette mannen som vart korrupsjonsdømd førre veke.
I samarbeid med andre stod den Foods-tilsette for smugling av fleire hundre tonn ande- og kalkunkjøt frå Austerrike og Ungarn, kjøt som aldri vart testa for bakteriar som er vanleg lenger sør i Europa. I eit NRK Brennpunkt-program i år 2000 vart det stilt spørsmål om smuglarkjøtet kunne setjast i samanheng med sterkt aukande utbrot av campylobacter hos norske pasientar med mageproblem i dei åra smuglinga gjekk føre seg.
Norske forbrukarar kjøpte produkt merkte «godt norsk», som i røynda var kalkun og and med eit heilt anna opphav. Smuglarligaen stod òg for bedrageri knytt til eksportstøtte og falske fakturaer.
Ein kuriositet her er at politiet i etterforskinga av den aktuelle korrupsjonssaka fann 400.000 kroner i kontantar hos den Foods-tilsette, som han har forklart var restar av bedrageriutbytte frå 90-åra. Ein sum på mellom 2,5 og 3 millionar er aldri gjord reie for i denne gamle saka. Retten har ikkje teke stilling til forklaringa.
Den Foods-tilsette vart hausten 2001 dømd til fem års fengsel og fem års forbod mot å drive næringsverksemd. Han vart òg dømd til erstatningar han neppe nokon gong vil greie å betale, kring 70 millionar kroner. I Foods har han vore ein tilsett med moderat løn, som likevel har vorte oppfatta som den verkelege sjefen. Kona har på si side tent gode pengar som eigar av konsernet Foods er ein del av. I konsernrekneskapen var det i fjor registrert ein eigenkapital på over 107 millionar kroner.
Useriøse aktørar
Når eg skriv at det er grunn til å halde auga opne for juks og kriminalitet i matbransjen, er det fordi det som vert avdekt av Mattilsynet, Tolletaten og politiet, truleg berre er toppen av isfjellet.
I kjøtbransjen har det vist seg vanskeleg å stoppe useriøse aktørar. Som tidlegare journalist i Nationen dykka eg ein periode ned i kjøtbransjen, i lag med kollega Benjamin Hernes Vogl, som har halde fram med å skrive om bransjen i avisa. I arbeidet med korrupsjonssaka som no har vore i retten, kartla vi mellom anna selskapa den Foods-tilsette har vore involvert i. Eit av selskapa var ei lita Oslo-basert bedrift, Kjøttsentralen, som dreiv med nett det same som Foods, produksjon av ulike typar kjøtvarer for billegkjøtmarknaden.
Den Foods-tilsette trekte seg etter kvart ut av bedrifta, som under etterfølgjarane fekk stadige fleire merknader frå Mattilsynet. Ikkje nok med det. Ein dag dukka ein ny styreleiar opp, ein mann som i tillegg til å ha fleire alvorlege dommar mot seg er frådømd retten til å drive noka form for næringsverksemd. Den nye styreleiaren trekte seg etter at Nationen omtalte forholdet, og til slutt vart selskapet tvangsoppløyst på grunn av ei lang rekkje problem. Mattilsynet slo fast at selskapet korkje evna å følgje eller respekterte reglar knytte til det å produsere mat.
Sjølv har eg ikkje følgt selskapet på ei stund, men Nationen skreiv i januar at eit nytt selskap er oppretta, med same namn, mange av dei same personane i leiinga, på den same adressa, med same logo.
Handtering av såkalla ukurant vare krev mykje av ei industribedrift. Det er fint at ein slepp å kaste kjøt som nærmar seg utgåttdato, men her er reglane strenge og rommet for juks stort. Dermed bør fabrikkar som spesialiserer seg på denne typen kjøtforedling, følgjast spesielt tett. Fleire bedrifter, mellom dei Foods, har vore i diskusjonar med Mattilsynet om korleis regelverket for datosetjing skal praktiserast.
Kva no?
Kva no? Vil korrupsjonsdommen føre til endringar i kjøtbransjen, anten han vert ståande eller dei dømde vert vurderte annleis i ein høgare rettsinstans? Til Nationen seier Nortura denne veka at dei no avsluttar kundeforholdet til Foods. Det vert spennande å sjå kva følgjer det vil få, både for Foods, Nortura og andre bedrifter på marknaden for kvitt kjøt.
På Austlandet er Foods i dag ein mektig aktør i marknaden, med ei omsetning på over 100 millionar i året. Ja, Foods er faktisk også Norturas største industrikunde innan kvitt kjøt og har dermed også vore ein viktig kunde for Nortura, som treng å kvitte seg med ukurant vare. Spørsmålet er òg om Foods kan drive vidare som dei har gjort, om den mest sentrale personen i selskapet forsvinn ut.
Alle er tente med at useriøse aktørar i kjøtbransjen vert følgde opp av Mattilsynet og politiet. Same kva som blir det endelege utfallet i denne saka, er det lov å håpe at ressursane som er sette inn i saka, har vekt merksemd i den delen av kjøtbransjen vi får vite minst om. Det kan vere dei som leverer kjøtet på tallerken din, eller kebaben din, i morgon.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«I kjøtbransjen har det vist seg vanskeleg å stoppe useriøse aktørar.»
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.