JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Leie av leiarar

Det høge talet på leiarar kan vere eit teikn på at noko ikkje er som det skal, seier professor Tom Karp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Noreg er det blitt 70.000 fleire leiarar på ti år. Nokre av desse har sikkert dekt nødvendige behov, seier professort Tom Karp.

Foto: Høyskolen Kristiania

6657
20240621
6657
20240621

sofie@dagogtid.no

Tom Karp, professor i leiing ved Høyskolen Kristiania, har saman med Trond Blindheim, dosent og tidlegare rektor, skrive ein kronikk i Khrono om «lederismen». Eit tema Karp nyleg har gitt ut ei bok om, med same namn.

Universiteta går mot vanskelegare tider med kutt og trongare budsjett. (Les meir om dette i intervjuet med Ola Borten Moe) Kan leiarisme-ideologien forklare noko av situasjonen universiteta har hamna i? Er det leiarane som skal redde dei? Men først: Kva handlar eigentleg leiarisme om?

– Essensen er at ein skapar leiarrøynder som det er vanskeleg å kjenne seg att i for oss andre. Kva er meirverdien av dette? Nokre gonger er det fint, andre gonger berre tull og tøys. Me har fått ei alternativ røynd der alt handlar om leiarar og leiarverktøy, leiarmodellar og leiingsteoriar, diverse leiingssystem og ein heil leiingsindustri som heiar fram leiarar. Denne bobla har fjerna seg frå det akademia driv med, og det me ikkje-leiarar driv med «på golvet». Dette gjeld også andre sektorar.

– Er det for mange leiarar i akademia?

– Det ser slik ut. Eg har ingen eksakte tal, men i boka snakkar eg om at i Noreg generelt er det blitt 70.000 fleire leiarar, me har gått frå 160.000 til 230.000 på ti år. Nokre av desse har sikkert dekt nødvendige behov. Same tendensen ser ut til å ha slått inn i akademia. På dei arbeidsplassane eg er, er det mange leiarar på mange nivå, fleire stabar og eit stort tal menneske som presumptivt skal drive med leiing. Eg kritiserer ikkje antal leiarar, men det kan vere eit teikn på at noko ikkje er som det skal.

– Kan du utdjupe?

– Eg meiner at dette illustrerer fenomenet leiarisme, at me har skapt mange greier som ikkje er nødvendige for at me i akademia skal klare å gjere jobben vår.

– Kva er konsekvensane av leiarisme-ideologien?

– Leiarane set i gang massevis av prosessar for å vise at dei er leiarar, og for å gjere seg fortente til løn. Ein annan konsekvens er at det blir stor grad av oppfølging, og ein skapar dataverktøy for å tilfredsstille leiarar som skal kontrollere og styre og meine noko. Den tredje konsekvensen er det eg byrja med, at me skapar ei røynd som er vanskeleg å kjenne seg att i. Det blir ein unødvendig stor avstand mellom auditoria og eit eller anna leiarkontor. Det er ikkje sunt.

– Kjenner du sjølv på det?

– I høgste grad. Eg arbeider ein stad der dette har slått ut i full blom. Leiing i akademia er i ferd med å bli ein profesjon som folk kan kvalifisere seg til utan å ha undervist eller forska. Eg meiner dei må kunne noko om det dei skal leie. Dette er ikkje berre eit fenomen i akademia, me ser det same i helsesektoren, kunstsektoren og næringslivet.

– Kva er hovudårsaka til at det har blitt slik?

– Det er ei «pen» blanding av importerte idear frå andre land og vilje til reformer frå politikarane si side, i tillegg til at leiinga har blitt ein profesjon som har fått sjølvforsterkande effekt. Heia fram av ei ukritisk leiing i industrien og konsulentar. Eg kastar jo stein i glashus som seier dette. Eg arbeider i miljø som tener massevis av pengar på å selje leiarutdanningar. Desse miljøa treng pengane for å hjelpe stramme budsjett.

– Er det ikkje litt sjølvmotseiande at du som er professor i leiing, er så kritisk til nettopp leiing?

– Nei, det synest eg ikkje. Eit av oppdraga til akademia er å vere kritisk til samfunnsfenomen, og det er det eg er. Sjølv om det gjeld eige fagfelt, så må det vere mogleg å ha fleire tankar i hovudet samstundes. Dei fleste forskingsområde har som ideal å utfordre rådande kunnskap, haldningar og verdiar med kritisk refleksjon. Det er det dessverre mindre av i leiingsfaget.

– Kva gjer det med arbeidsevna til dei «på golvet» når det blir ein så stor del leiarar?

– Når for mange leiarar leiar berre for «å produsere leiing», går det ut over arbeidsevne, motivasjon og medverknad i arbeidslivsdemokratiske prosessar. I sum fører det til umyndiggjering av kompetente og sjølvgåande tilsette.

– Kor mange leiarar treng ein, eigentleg?

– No er me borti ein metadiskusjon. Kor mange system og leiarar kan me ha for å styre noko som i prinsippet ikkje er så lett å styre? Som til dømes læring i eit klasserom. Me prøver å skape ei form for orden, struktur og styring, det må ein ha, men det er kanskje grader av det? I tider som denne, då det er mykje uvisse i samband med alt som skjer i verda, tilset me gjerne fleire leiarar for å skape orden og kontroll i tilværet. Det bidreg også.

– Eg får inntrykk av at du meiner dei fagleg tilsette har mista all påverknad når det gjeld kva veg fakultet og universitetet skal gå. Kan det verkeleg stemme?

– Ikkje all makt, men dei har mindre påverknad på strategisk satsing, kva som skal forskast på, korleis ein skal undervise. Der har dei mindre å seie enn dei hadde tidlegare. Det er ei forskyving av makt til leiarane.

– Me ser no at fleire universitet slit. Ser du dette i samanheng med leiarisme-ideologien, eller er det andre faktorar som speler inn?

– Det er klart me vil kunne peike på samanhengar. Men det kan også kome av at til dømes OsloMet har overetablert seg, dei har fått inn færre studentar, marknadsføringa har ikkje slått inn. Noko som kan kome av at leiinga ikkje har gjort jobben sin. Men det blir litt for lettvint av meg å seie at det eine og aleine kjem av leiarisme. På same tid: Dersom leiarisme og alt me lærer om at leiaren skal få fram det beste potensialet i medarbeidarane, og at dei då skal ta dei beste strategiske grepa, dersom dette stemte, så burde alt eigentleg gått greitt. Hadde alt fungert som i lærebøkene, hadde me sloppe alt dette. Så for å summere opp: Ein del av forklaringa er nok ideologien, men det er ikkje den einaste forklaringa. Få søkjarar til lærarutdanninga speler også inn, sjølvsagt.

– Er det leiarane som skal få universiteta ut av uføret?

– Det kjem an på kva du meiner med «uføret». Meiner du leiarismen, er det ikkje leiarar som vil demontere ideologien, til det har dei for mykje å tene på ideologien. Til dømes i form av prestisje, posisjon, makt og løn. Meiner du dagens uføre med at mange universitet må kutte i budsjett, gi sluttpakkar og redusere staben, så er kostnadskutting ei klassisk leiarisme-øving heilt etter dreieboka. Og det kjem dei til å klare. At dei på vegen mistar enda meir «av garderoben», som Trond Blindheim og eg skriv om i Khrono, er nok sannsynleg. Det er fordi mange vil meine at leiarar også har bidrege til å få oss inn i uføret. Då tenkjer eg på uhemma vekst, universitetsambisjonar, ambisiøse strategiar, store stabar og tunge system.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.

Foto: Unni Hjellnes / Oslo Mela

ReportasjeFeature

Makossamannen

DOUALA: Vi er i millionbyen til musikaren Manu Dibango ­– Kameruns store son. Eller var han det?

Øyvind Pharo

Stortinget og bøndene: Dei møtest kvart år, men forholdet er ofte komplisert.

Foto: Heiko Junge / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Jordbruksavtalen

No får det jammen meg vere nok. 

Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

BokMeldingar
Johan Brox

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BokMeldingar
Odd W. Surén

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis