JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meiner Bjørnson stadig er aktuell

Frode Helmich Pedersen er den første Bjørnson-forskaren som aldri har sett eit Bjørnson-stykke på scena. Men det er ikkje difor han ivrar for at Bjørnsons dramatikk skal få nytt liv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjørnsons «Sigurd Slembe» er eit av dei aller beste historiske stykka i norsk litteratur, seier Bjørnson-forskaren. Her med Per Sunderland som Sigurd på Nationaltheatret i 1960.

Foto: Svein Abraham Sturlason / Nasjonalbiblioteket

8085
20170915
8085
20170915

Janh@landro.bergen.no

Diktaren på Aulestad var ein pioner ikkje berre i norsk dramatikk, men i nordisk dramatikk. Han fornya dramasjangeren og skapte rom for ein kvardagsrealisme som aldri var sett på scena før. Og om han tok opp dagsaktuelle tema, er svært mange av dei like aktuelle i dag, hevdar den bergenske litteraturforskaren.

– I 2013 kom UiB-kollegaen din Erik Bjerck Hagen med ei bok om Bjørnsons «glemte kvaliteter», og no revurderer du samtidsdramatikken hans. Driv de ein Bjørnson-kampanje?

– Bjerck Hagens ærend har vore å lyfte fram tidlegare litteraturforsking og Bjørnson som ein del av henne. Boka mi er ein vitskapleg, filologisk Bjørnson-studie, men eg er takksam for at kollegaen min har gjort nasjonalskalden til eit legitimt forskingsobjekt att.

GODT BESØKT

Litteraturforskar Frode Helmich Pedersen (41) har teke for seg Bjørnsons samtidsdrama, sett på resepsjonen dei fekk og analysert nokre av dei i djupna. Han har konsentrert seg om De nygifte (1865), En fallit (1875), Kongen (1877), Det ny system (1879), Over Ævne II (1895) og Laboremus (1901).

At denne forfattarskapen, som var så viktig i samtida, stort sett er gløymt i dag, trur Helmich Pedersen skuldast reaksjonen som kom på 1960-talet, mot det pompøse Bjørnson-biletet som Francis Bull og fleire hadde skapt. Universitetsfolk, forfattarar og andre intellektuelle tok avstand frå det dei oppfatta som nasjonalistisk, og ofte avviste dei diktinga utan å ha lese henne.

– Kvifor freiste å blåse liv i scenestykke som ikkje ser ut til å ha liv lenger?

– Dei har liv når dei blir lesne, det har eg testa ut på studentar. Og dei få Bjørnson-stykka som er blitt sette opp på norske teater etter jubileumsåret 1982, blei godt besøkte og fekk positive kritikkar. Ein storleik som Bjørnson bør både spelast og forskast på.

Når vi har ein så enormt sentral europeisk forfattar som har verka over ein så lang periode, seier det seg sjølv at forskarar i nordisk litteraturvitskap må forske på han. Vi bør vere ei sentral kraft i Bjørnson-forskinga.

DET HØGE OG DET LÅGE

– De nygifte, eit lite spelt stykke som få har høyrt om, blir i di tolking ein genistrek?

– Det er svært levande og lett å lese. Dessutan har det fått eit finurleg metalitterært innslag ved at ein av personane skriv ein roman som skildrar stoda i heimen til dei nygifte og får dei til å innsjå sin eigen situasjon. Ved å tematisere korleis litteraturen kan endre livet til folk, er Bjørnson langt føre si tid. Stykket var også det første nordiske samtidsdramaet på prosa.

Ifølgje Helmich Pedersen er blandinga av alvor og komikk og blandinga av det høge og det låge ein sentral komponent i Bjørnsons realisme, ein freistnad på i større grad enn før å skrive litteratur som med kvardagsskildringar går inn på notidsmenneska sitt faktiske liv.

– Tidlegare var tragedie og komedie skilde sjangrar. Å bryte med dette var heilt naudsynt for å kunne få eit meir moderne skodespel i Norden. Ikkje noko i den kvardagslege opningsakta i En fallit ber bod om at det her blir lagt opp til store, dramatiske konfliktar og tragiske fall. Opninga er ein heilt ny inngang til det seriøse dramaet. Det er viktig å ikkje lese Bjørnson som ein som forsøker å gjere med Ibsen, men ikkje får det til. Han gjorde noko anna enn Ibsen. Langt meir episk, langt meir episodisk og mykje meir forplikta på den konkrete, dagsaktuelle situasjonen.

Er det dette du meiner når du omtalar stykka hans som «ureine»?

– Dette òg, men likeins korleis dei bombastiske sidene ved diktinga hans er uløyseleg knytte til den grensesprengjande litterære krafta hans. Ikkje dermed sagt at ikkje desse sidene stundom kan øydeleggje for stykka. Men vi må ta dei med, for utan har vi ingen Bjørnson. Det svært konkrete ved Bjørnsons samtidskritikk gjer han til ein mykje meir brysam figur enn Ibsen. Dei konservative var ikkje særleg opphissa over det Ibsen skreiv; men at Bjørnson heile tida blanda seg bort i dagsaktuelle tilhøve, lika dei dårleg. Denne «aktualiteten» kan òg vere ein grunn til at stykka hans i dag blir oppfatta som «utidsmessige». Det er prisen å betale. Men eg meiner at den politiske tendensen hjå Bjørnson i svært mange høve er fullt mogleg å aktualisere og konkretisere på teaterscena i dag. Klassekamp, terrorisme, religionskritikk, spekulantvesen, ekteskap, tilhøvet mellom kjønna – alt dette er høgaktuelt.

AKTUELLE PROBLEM

Og så syner han, om og om igjen, at han beherskar den menneskelege djupneboringa?

– Absolutt, det må jamvel dei sterkaste kritikarane hans vedgå. Mykje av grunnen til at Bjørnson irriterer, er at han ikkje kan neglisjerast. Han er ein av dei fremste forfattarane i si tid.

I boka skil Pedersen mellom det oppbyggelege og det reformistiske programmet til Bjørnson. Det oppbyggelege kan også den konservative pressa slutte seg til, men reformiveren til diktaren blir for mykje for dei. Same kva ideologisk posisjon han tar, blir han forargeleg – norskdomsaktivismen, bondereisinga, grundtvigianismen, kristendomskritikken, fredssaka, streikesaka, sosialismen. Når han forargar på tvers av alle desse posisjonane, er det fordi han alltid blandar seg bort i aktuelle problem. Det blei ikkje tolt. Ibsens stykke blei ikkje oppfatta som så politiske.

Kongen blir i boka omtala som Bjørnsons «mest utskjelte» skodespel. Kritikken av kongedømmet er ikkje utan interesse i dag. Men det som særleg opptek Helmich Pedersen, er identitetsproblematikken, som han meiner er avansert, stadig like aktuell og gjeld alle som tenderer mot å smelte saman med den offentlege rolla si.

Du nyttar uttrykket «det romanmessige» om stykka til Bjørnson. Kva ligg i det?

– Omgrepet knyter eg til illusjonsfremjande realisme. Stykka hans har både ein djupnepsykologi på individnivå og ein svært god mellommenneskeleg psykologi. Det gjer dei meir «romanmessige» for meg, samstundes som dei sprengjer klassisismens rammer. Men dei er vanskelegare å setje opp fordi dei ikkje er så stramt komponerte som Ibsens stykke er.

I boka er du inne på Bjørnsons livsangst. Korleis ytra denne seg i diktinga hans?

– Livsangsten er ikkje så tydeleg til stades i dramatikken som i lyrikken og breva. Men det er viktig å sjå at han var der. Bjørnson kunne bli slått av forferdelege uvisse og mismot. Det er sagt at han treivst i stormen, men åtaka var ofte for sterke, også for han.

Noko som kan overraske oss i dag, og som absolutt fekk dei samtidige til å undrast, var at Bjørnson i sitt 77. og nest siste leveår skreiv eit så frivolt, erotisk leikande og livsglad stykke som Når den ny vin blomstrer. Somme meldarar kalla det eit mirakel.

– Det som opptok dei mest, var likevel korleis diktaren i dette stykket ikkje lenger syntest å fordømme erotiske samband som han før hadde kritisert skarpt. Samtida såg det som eit problem at han no tilsynelatande kunne more seg over slikt som han tjue år før ville ha slått hardt ned på.

VAR EIN KOLOSS

At Bjørnson fekk Nobelprisen i 1903, vekte hissig debatt.

Mange meinte at han hadde snudd i unionsspørsmålet for å gjere seg sjølv meir «spiseleg» for den svenske Nobelkomiteen. Fortente han prisen?

– Det hadde nok vore rettare med pris til Ibsen eller Tolstoj. Men vi må ikkje gløyme kva for ein koloss Bjørnson var i Europa på denne tida. I åra 1899–1902 var han mykje meir spelt i Tyskland enn både Ibsen og deira eigen Gerhart Hauptmann. Og det Nobel skriv i testamentet sitt om å løne dikting i «idealisk riktning», peikar meir i retning av Bjørnson enn dei to andre.

Trur du Bjørnson vil få ein renessanse på norske scener?

– Om ikkje ein renessanse, vonar eg han vil bli sett opp i ny og ne. Mykje av samtidsdramatikken hans fortener å bli vist. Og ingen kan nekte for at Sigurd Slembe er eit av dei aller beste historiske stykka i norsk litteratur.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det svært konkrete ved

Bjørnsons samtidskritikk gjer

han til ein mykje meir brysam

figur enn Ibsen.

Frode Helmich Pedersen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis