#MeToo skakar ikkje Italia
– I landet vårt finst det ikkje menn som trakasserar, sa ei sarkastisk Laura Boldrini.
President for underhuset i det italienske parlamentet, Laura Boldrini.
Foto: Alessandro Di Meo / AP / NTB scanpix
Trakassering
mone@dagogtid.no
Boldrini er leiar for underhuset i det italienske parlamentet. I Italia er #MeToo meir som eit «Meh», skriv Jason Horowitz for avisa New York Times.
Dei einaste mennene med høg profil som er skulda for seksuell trakassering i Italia, er dei to filmregissørane Giuseppe Tornatore og Fausto Brizzi, skriv den italienske journalisten Simona Siri. I eit meiningsinnlegg i The Washington Post skuldar ho tidlegare statsminister Silvio Berlusconi for den haltande #MeToo-rørsla i landet.
– Å ha ein kvinnehatar som leiar i landet av og på i 20 år har fått etterverknader. I Italia har få kvinner stått fram, og svært få menn har vore nøydde til å svare for handlingane sine. Meir oppsiktsvekkjande er det at ingen politikarar har vorte råka, korkje høgt profilerte forfattarar, administrerande direktørar, dokterar, TV-personlegdomar eller journalistar, skriv Siri.
Førre fredag tok meir enn 600 kvinner plass i underhuset i det italienske parlamentet for å høyre på underhusleiar Laura Boldrini. Ho fortalde at kvinner i Italia opplever trakkassering, men samstundes veit dei at dei må stå imot eit svært fordomsfullt og patriarkalsk samfunn dersom dei står fram. Difor hever dei ikkje stemmene i #MeToo-kampanjen.
– Denne historiske rørsla betyr ikkje mykje for Italia, diverre, seier skodespelar Asia Argento til The New York Times.
Etter Weinstein-avsløringane i oktober i år har fleire høgt profilerte menn vore nøydde til å gå av. Det same har hendt i Europa, i Noreg seinast i TV 2 med avsløringane mot Davy Wathne og leiinga i kanalen. Og i Sverige denne veka gjorde regjeringa eit framlegg om ei samtykkelov.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Trakassering
mone@dagogtid.no
Boldrini er leiar for underhuset i det italienske parlamentet. I Italia er #MeToo meir som eit «Meh», skriv Jason Horowitz for avisa New York Times.
Dei einaste mennene med høg profil som er skulda for seksuell trakassering i Italia, er dei to filmregissørane Giuseppe Tornatore og Fausto Brizzi, skriv den italienske journalisten Simona Siri. I eit meiningsinnlegg i The Washington Post skuldar ho tidlegare statsminister Silvio Berlusconi for den haltande #MeToo-rørsla i landet.
– Å ha ein kvinnehatar som leiar i landet av og på i 20 år har fått etterverknader. I Italia har få kvinner stått fram, og svært få menn har vore nøydde til å svare for handlingane sine. Meir oppsiktsvekkjande er det at ingen politikarar har vorte råka, korkje høgt profilerte forfattarar, administrerande direktørar, dokterar, TV-personlegdomar eller journalistar, skriv Siri.
Førre fredag tok meir enn 600 kvinner plass i underhuset i det italienske parlamentet for å høyre på underhusleiar Laura Boldrini. Ho fortalde at kvinner i Italia opplever trakkassering, men samstundes veit dei at dei må stå imot eit svært fordomsfullt og patriarkalsk samfunn dersom dei står fram. Difor hever dei ikkje stemmene i #MeToo-kampanjen.
– Denne historiske rørsla betyr ikkje mykje for Italia, diverre, seier skodespelar Asia Argento til The New York Times.
Etter Weinstein-avsløringane i oktober i år har fleire høgt profilerte menn vore nøydde til å gå av. Det same har hendt i Europa, i Noreg seinast i TV 2 med avsløringane mot Davy Wathne og leiinga i kanalen. Og i Sverige denne veka gjorde regjeringa eit framlegg om ei samtykkelov.
– Å ha ein kvinnehatar som leiar i landet av og på i 20 år, har fått etterverknader.
Simona Siri, journalist for Vanity Fair Italy og La Stampa
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.