JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Slaktar skular med sparekniv

Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.

Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune

11222
20241011
11222
20241011

Økonomi

marita@dagogtid.no

Sist helg var det mange vonbrotne fjes å sjå i Nord-Gudbrandsdal. Fredag 4. oktober, to dagar etter verdas lærardag, kom nemleg beskjeden om at fylkesadministrasjonen ønsker å legge ned dei vidaregåande skulane i Lom og på Dombås, ved sida av fire andre skulestader og ei rekke linjer, i 2025.

Innlandet fylkeskommune vil spare nesten 1 milliard kroner på kutta.

Det var klokka 13.00 at kuttlista blei presentert på fylkeskommunens nettkanal og folk fekk vite at frå hausten av skyt talet på ungdommar som må flytte på hybel eller reise mange mil kvar dag, truleg i vêret. Mange lærarar kan miste jobben.

– Rammevilkåra har blitt vanskelegare, og vi meiner det er nødvendig å gjere strukturendringar som sikrar at vi får ei meir effektiv drift, sa fylkeskommunedirektør Tron Bamrud.

– Det er forståeleg at det er mange følelsar knytte til dette. Men det er viktig å ta med seg at røynda er dynamisk. Preferansane til elevane endrar seg. Arbeidsmarknaden endrar seg. Utdanningane endrar seg. Og demografien endrar seg.

Økonomi

Når Bamrud seier at «rammevilkåra har blitt vanskelegare», siktar han sjølvsagt til økonomien. I fylkeskommunane utgjer skulebudsjettet omtrent halve totalbudsjettet, og det er fleire som slit. Buskerud må redusere utgiftene med 250 millionar kroner og har føreslått å legge ned ei rekke linjer ved ti skular, helsefag inkludert. Østfold må kutte 167 millionar. Kanskje ryk både forskar- og bakarlinja, blant andre, i Fredrikstad. Nordland må kutte 100 millionar, sjølv om elevtalet vil stige.

Innlandet fylkeskommune på si side legg vekt på at talet på elevar går ned. I ein debatt arrangert av Gudbrandsdølen 24. september sa fylkesvaraordførar Hanne Velure at når fylket har 13.500 skuleplassar til 11.700 elevar, gir svaret seg sjølv.

– Vi skulle nok heller gjort noko med det løpande enn å måtte ta ein veldig stor jafs no, vedgjekk ho.

Fylket har for mange linjer med låge søkartal. At ein ikkje veit om søkartalet er høgt nok til at ein klasse blir oppretta, før i juli, er uhaldbart for både elevane, foreldra og lærarane. Elevane skal ha valfridom, sa Velure.

– Det handlar om at elevane skal ha ei vifte av tilbod.

Nei, sa kommuneoverlegen i Skjåk, Sondre Bøye, i debatten.

– Det å bli tvinga ut i eit hybeltilvære eller minst tre timar på buss kvar dag, er ikkje valfridom, sa han.

Det høyrer med til historia at Innlandet er det av fylka som er geografisk størst og har flest kommunar. Då blir det ein del skuleskyss: I fjor brukte fylkeskommunen 245 millionar kroner på drosjeskyss for elevar.

Demografi

Når Bamrud seier at «demografien endrar seg», siktar han til framskrivingane til Statistisk sentralbyrå (SSB), som seier at i 2040 vil talet på 16–18-åringar i Innlandet vil vere nede i 9863.

– Inntektene vil bli nedjusterte i tråd med elevtalet, og vi må jo sørge for at totaløkonomien går brukbart opp, sa fylkeskommunedirektøren via skjermen 4. oktober, med blå himmel og eit tre i full blom som bakgrunn.

– Økonomi har ikkje vore førande når vi har utarbeidd forslaga, men det er ein himmel over dette som går på økonomi, sa han.

Deretter presenterte Wenche Irene Holen, prosjektleiar for skuleutgreiinga i fylket, det avisa Østlendingen kallar «dødslista» over vidaregåande skular: Skarnes og Dokka skal bort. Nordstumoen, Flisa, Solør, Valdres og Hadeland mistar linjer. Skulane i Elverum, Kongsvinger og Lillehammer mistar linjer.

Éin stad kan folk puste letta ut: Trysil, med 170 elevar og ei populær idrettslinje, får leve.

At elevane på skulestadane Lom, Dombås og Otta blir samla på Otta, gir eit større skule- og fagmiljø, sa ho.

– Det gir fordelar knytte til drift og økonomi.

Ho kunne avsløre at det er snakk om å inngå ein avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune, fordi enkelte vil ha kortare reiseveg til Rauma enn til skular i sitt eige fylke. I tillegg vurderer fylkeskommunedirektøren å utvikle både nettskuletilbod og ein alternativ opplæringsmodell der elevar går eitt år på skule og tre år i lære.

Uansett er det plass til alle elevane på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på Otta, der det òg er snakk om å bygge internat, opplyste ho.

På den andre sida seier fylkeskommunen seg tent med å legge ned både restaurant- og matfag og sals-, service- og reiselivslinja på Otta.

Utanforskap

Då forslaget om nedleggingar kom i vår, uttalte formannskapet i Lom at å legge ned skular og linjer i Lom og på Otta vil vere ein «katastrofe med store ringverknader» for innbyggjarane. Før høyringsfristen 31. august fekk fylkeskommunen rundt 500 innspel frå lag, organisasjonar og enkeltpersonar.

Mange peikar på oppvekstvilkår og arbeidsplassar. Kommunane som mistar skulen sin, mistar både fagmiljø og innbyggarar. «Vi kan ikkje sjå at dette er forsvarleg politikk», skriv Vågå Senterparti i høyringsinnspelet sitt.

Også media fortel om korleis fylkeskommunen skyt seg sjølv i foten, som når ein nyutdanna lærar skaffar seg bustad og lektorjobb på heimplassen, der han får sletta 25.000 kroner i studiegjeld kvart år, for så å miste jobben fordi linja blir lagd ned.

Eit par som har fått seg tomt og skal flytte heim frå storbyen med dei to døtrene sine, lar tomta fare viss den vidaregåande skulen blir lagd ned. Og ein gut som er rullestolavhengig, får ikkje gått på vidaregåande viss skulen blir nedlagd, fordi kroppen ikkje toler å køyre over ti mil.

Utdanningsforbundet Innlandet argumenterer – over ni sider – for at «politikerne er på villspor» når dei vil nedskalere eit tilbod som «allerede er underfinansiert, både nasjonalt og i Innlandet».

Mange peikar på alt som ikkje er på plass: hyblar, hybelvertar, internat og kollektivtrafikk, i tillegg til skulesamarbeid mellom kommunar og mellom fylkeskommunane. Bussbillettane er for dyre, stipenda for låge, og folk fryktar utanforskap.

I ei høyring 2. september der berre spesielt inviterte fekk delta, sa Innlandet ungdomsråd-leiar Abdisa Yohannes Waldemariam at det er behov for fleire helsesjukepleiarar og sosionomar for å ivareta den sosiale berekrafta.

– Det er viktig å følge opp elevane som må begynne på ein ny skule, sa han.

– Endringar i skulestrukturen skal ikkje føre til lågare fullføringsgrad.

Underfinansiering

Regjeringa har vore opptatt av å styrke yrkesfagretningane fordi vi treng fleire tømrarar, røyrleggarar, elektrikarar, kokkar, sjåførar og ei rekke andre fagarbeidarar. Og strategien har vore vellykka: I 2024 hadde 53 prosent av søkarane til vidaregåande opplæring eit yrkesfag som førsteønske.

Samtidig er fråfallet i den vidaregåande skulen, særleg på yrkesfagretningane, for høgt. Regjeringa vil derfor bruke 320 millionar kroner på at elevar som har slutta, får komme tilbake og fullføre uansett alder.

I tillegg blir det i årets statsbudsjett løyvd midlar til at 5.–10.-klassingane skal få ein meir fysisk og praktisk skule, slik at færre blir skuleleie.

Men yrkesfag og kreative fag er dyre i drift. Ein treng utstyr, verktøy og verkstader og ofte mindre elevgrupper per lærar fordi ein må ha fokus på tryggleik. Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) meiner at fylkeskommunane ikkje får pengar nok til å drive skulane. «Nå ser vi landet rundt at finansieringen fra Stortinget og regjeringen ikke henger på greip med hva de ønsker seg for landets skoleelever», seier KS-leiar Gunn Marit Helgesen i ei pressemelding 3. oktober. «Alvoret er større enn noen gang.»

Helgesen viser til ei fersk undersøking der det kjem fram at fylkeskommunane vil få ein budsjettsprekk på 10 milliardar kroner i 2024. 13 av 14 fylkeskommunar melder om eit meirforbruk på til saman 900 millionar kroner.

Det som står på spel, er tenester som er avgjerande i folks liv, seier ho. «Grunnmuren ristar.»

«Elevane har krav på tilpassa opplæring, og dei bør få velje fag og linjer som interesserer dei.»

Morten Skauen Sørmo, Utdanningsforbundet

Minimumstilbod

Også Utdanningsforbundet er kritiske til at folk må leve med stadige truslar om nedskjeringar.

– Eg trur jo ikkje at fylkespolitikarane ønsker å legge ned utdanningstilbod, seier Morten Skauen Sørmo, som er sentralstyremedlem og leiar i kontaktforumet for vidaregåande opplæring i Utdanningsforbundet, til Dag og Tid.

– Når overføringane frå staten ikkje strekk til, handlar det om prioriteringar. Og på fylkesnivå står det ofte mellom skule og veg og samferdsel. Det er viktig at politikarane som sit med ansvaret, skjøner kva det å kutte i utdanningstilbodet inneber.

Sørmo er opptatt av at elevane ikkje berre skal ha eit minimumstilbod, men eit godt tilbod.

– Dei har krav på tilpassa opplæring, og dei bør få velje fag og linjer som interesserer dei. Det å måtte gå på ei anna linje enn den ein helst vil gå på, kan verke demotiverande.

Enkelte er såpass motiverte for å gå på ei bestemt linje at dei toler å reise langt for å gå der. Dei som både er umotiverte og må reise langt, står i fare for ikkje å fullføre.

Utdanningsforbundet er òg bekymra for dei tilsette ved skular der klassar blir overfylte og yrkesfagklassar samanslåtte fordi fylkeskommunen må spare pengar.

– At lærarar får ansvaret for fleire elevar enn det som er forsvarleg, og mindre tid til kvar elev, gir eit dårlegare tilbod til elevane og blir ei ekstra belastning for lærarane.

Storleik

Opplæringslova seier dessverre ikkje noko om kor mange elevar ein klasse kan ha. Regelen er at undervisninga må vere «pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg». Norma er 30 elevar. Men strikken blir tøygd. I fjor skal ein medie- og kommunikasjonsklasse på Ullern vidaregåande skule ha hatt 37 elevar.

Og samanslåtte skular blir sjølvsagt større. Sandefjord vidaregåande, Noregs første samlokaliserte skule, har i dag 2000 elevar og 350 tilsette. Ifølge årets elevundersøking er det dobbelt så mykje mobbing blant elevane som går første året her, enn i resten av landet. Skulen ligg under gjennomsnittet på alle indikatorar.

Ein nyare samanslått skule, Førde vidaregåande, er 29.000 kvadratmeter stor og har 1000 elevar. Mange pendlar eller bur på hybel. Her har kokkelinja og medielinja stått i fare i år. Ryk medielinja, må dei som vil gå her, flytte til Bergen. Samtidig blir Høyanger vidaregåande skule truleg lagd inn under Førde vidaregåande skule.

Føreseielege vilkår

I Innlandet er ikkje alt håp ute. I dei neste vekene blir spørsmålet om nedlegging behandla i hovudutvalet for utdanning, fylkesutvalet og til slutt fylkestinget.

På høyringsmøtet 2. september understreka regiondirektør i NHO Innlandet Jon Kristiansen at Innlandet står overfor eit industrieventyr. Då treng ein læreplassar, og der det er læreplassar, må det vere eit skuletilbod. Næringslivets første bod er føreseielege vilkår, sa han.

Knut A.G. Hauge, som er fellestillitsvald for Akademikerne i Innlandet, understreka at det er gale at skulestrukturen blir vurdert kvart år – at det ikkje blir kjent før i mai om eit tilbod skal opphøyre eller ikkje.

Svaret på om at politikarane får det som dei vil, kjem 23. oktober. Kanskje underskriftskampanjane hjelper, men mange meiner at avstanden mellom fylkeskommunen og innbyggarane blir større for kvart jafs dei pratar om å ta.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

Ikkje til stades

«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis