Opium til folket
Dei siste åra har omdømet til McKinsey ute i verda fått djupe riper i lakken.
Peranders@dagogtid.no
Da Jonas Gahr Støre var middagsgjest hos president Emmanuel Macron i Paris måndag, kunne han trøyste seg med at McKinsey-problema til verten fekk hans eigne til å bleikne. Forholdet mellom Macron og McKinsey har vore etterforska sidan oktober, og på tysdag ransaka politiet kontora til både franske McKinsey og Renaissance, partiet til Macron. McKinsey-konsulentar arbeidde gratis for valkampen til Macron i 2017, og dette kan ha vore ulovleg valkampstøtte etter fransk lov. Ifølgje AFP er det òg mistanke om at selskapet fekk lukrative avtalar som takk. Under Macron har den franske staten dobla bruken av konsulentfirma til å løyse oppgåvene sine.
Dette er ikkje den einaste dårlege publisiteten McKinsey har fått i haust. I oktober gav to New York Times-journalistar ut boka When McKinsey Comes to Town, som går gjennom ei rekkje saker der selskapet har vore involvert. Mellom anna fek McKinsey 900 millionar kroner for å auke salet av OxyContin, legemidlet i sentrum av opioidkrisa som har teke ein halv million liv i USA. Konsulentar frå McKinsey var tungt involverte i omstruktureringa av energiselskapet Enron og hylla resultatet, heilt til Enron viste seg å vere eit pyramidespel og kollapsa i USAs største konkurs i 2002.
Forfattarane viser òg korleis McKinsey har hatt vidtrekkjande verknader i samfunnet, anten det handlar om outsourcing av industri til Kina, kutt i arbeidsplassar og arbeidarrettar eller å drive opp toppleiarløner. Det meste er usynleg, takk vere diskresjonen til selskapet. «Folk i USA og rundt i verda er stort sett ikkje klare over påverknaden McKinsey har over livet deira», skriv forfattarane.
Går i null i Noreg
Sjølv om McKinsey har mange kritikarar, har selskapet openbert òg ei rekkje kundar som er nøgde med tenestene deira. I alle fall auka inntektene i Noreg frå 645 millionar kroner i 2020 til 986 millionar i 2021. McKinsey-toppane er kvart år høgt på listene over dei best betalte i Noreg. I 2016 hadde McKinsey-partnar Tore Myrholt ei likningsinntekt på 103 millionar kroner, ifølgje Finansavisen. I 2020 var Paul Jenkins den best betalte konsulenten i landet, med ei likningsinntekt på 46 millionar.
Samstundes går McKinsey som selskap i Noreg som regel med små overskot eller litt i minus og har dei siste åra betalt lite eller ingenting i selskapsskatt. Årsaka er truleg at mykje av inntektene til McKinsey i Noreg blir fakturerte av avdelingane i andre land med lågare skatt, skreiv Dagens Næringsliv i 2015. Dette er ein vanleg og lovleg praksis i multinasjonale selskap. Men det inneber òg at Nav, Forsvaret, Helse Sør-Øst, Universitetet i Oslo og andre offentlege kundar har betalt fleire hundre millionar skattekroner til eit selskap som betaler fint lite i selskapsskatt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.