Sanksjonen som fall i fisk
Kva er viktigast: å verne torsken i Barentshavet eller å støtte Ukraina?
I Russland er grensene mellom sivil og militær økonomi flytande. Biletet viser president Vladimir Putin ved sjøsetjinga av den nye trålaren «Mekhanic Sizov» i samband med Marinens dag i St. Petersburg 25. juli i fjor.
Foto: Alexej Nikolskij / Sputnik / AP / NTB
Sanksjonar
peranders@dagogtid.no
Det var innleiingsvis klar tale i pressemeldinga utanriksminister Anniken Huitfeldt sende ut om dei nye sanksjonane mot Russland 29. april i år. «Sanksjonene er vårt viktigste pressmiddel mot det russiske regimet. Her er det avgjørende at vi står sammen med EU og andre land for å fortsette å svekke Russlands evne til å finansiere krigen i Ukraina», heitte det.
Regjeringa slutta seg da til den femte sanksjonspakken EU hadde retta mot Russland – som mellom anna inkluderte anløpsforbod mot russiske skip i EU-hamner.
Unnataket
Men Noreg stod ikkje heilt saman med EU likevel. For litt lenger nede i pressemeldinga stod dette: «Vi stenger havnene for russiskflaggede fartøy, men holder fortsatt havnene åpne for fiskefartøy.» Dermed kunne russiske trålarar framleis levere fisk, kjøpe drivstoff, byte mannskap og få utført reparasjonar i Nord-Noreg.
Også EU gjorde unnatak for russiske fiskefartøy i sanksjonane sine, hevda fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran overfor NRK 29. april. Men som Dagens Næringsliv avdekte seinare, var dette feil: Berre fartøy under ein viss storleik gjekk fri av hamneforbodet til EU, og dei russiske trålarane i Barentshavet er over grensa.
Unnataket var såleis særnorsk, det er verdt eit milliardbeløp for russiske reiarlag, og det har provosert både norske Ukraina-vener og ukrainske styresmakter. Kvifor valde den norske regjeringa, som normalt følgjer EU som ein skugge i slike store spørsmål, å vere så omsynsfull mot Russland i dette høvet?
Alt for skreien
Den offisielle grunngjevinga frå regjeringa for unnataket var ganske enkel: Eit forbod mot russiske fiskefartøy i norske hamner kunne skade det norsk-russiske samarbeidet om forvaltinga av fiskeria i Barentshavet. Dette tok til som eit norsk-sovjetisk samarbeid alt i 1975 og handlar først og fremst om å forvalte verdas største torskestamme på ansvarleg vis.
I hovudsak har dette samarbeidet vore vellukka, både under og etter den kalde krigen, og det er lett å skjøne at norske styresmakter gjerne vil at det skal halde fram. Men er det verkeleg viktigare å verne om skreien enn å vise solidaritet med Ukraina? Og: Er det eigentleg så sikkert at fiskerisamarbeidet går i vasken om russiske fiskebåtar ikkje får levere i Noreg?
Rar logikk
– Eg slit litt med å skjøne logikken i argumenta til regjeringa, seier Thomas Nilsen.
Han er redaktør i nettavisa The Barents Observer og har svært god kjennskap til dei norsk-russiske relasjonane i nord.
– Det er ingen automatikk i at fiskeriforvaltinga vil bryte saman om russiske trålarar ikkje får levere fisk i norske hamner. Vi hadde jo fiskerisamarbeid med Sovjetunionen òg, og da kom det nesten ingen russiske trålarar til Noreg. Om Russland skulle svare på eit hamneforbod med å sabotere fiskeriforvaltinga, ville det vere å skyte seg sjølv i foten. Russland har alt å tene på ei fornuftig forvalting i Barentshavet, seier Nilsen.
Ømt punkt
Heller ikkje Arild Moe, seniorforskar ved Fridtjof Nansen institutt, skjøner heilt argumenta til regjeringa. Han har Russland og geopolitikk i Arktis blant sine spesialfelt.
– Påstanden er at om vi nektar anløp frå russiske fiskebåtar i norske hamner, vil det underminere fiskerisamarbeidet i Barentshavet, ein hjørnestein i norsk forvalting. Men her er det ikkje nokon innlysande samanheng, det er noko regjeringa går ut frå, seier Moe.
–?Det er fullt mogleg å tenkje seg eit scenario der russiske fiskarar ikkje lenger respekterer fangstkvotar og tekniske reguleringar i norsk økonomisk sone, men det er berre ein påstand at dette må bli konsekvensen. Og både Noreg og Russland har interesse av å halde oppe fiskerisamarbeidet. Ein kan hevde at det å nekte russiske skip vil svekkje samarbeidet, men eg har ikkje sett eit lengre resonnement frå norske styresmakter som underbyggjer det.
At sanksjonar kan svi også for Noreg, er ikkje eit argument som kan framførast overfor verda, påpeikar Moe.
?– Sjølv om det skulle vere slik at fiskerisamarbeidet blir skadd på ubestemt tid, kan ein hevde at det er noko vi må finne oss i. Alle sanksjonar har kostnader begge vegar.
– Det er truleg litt vanskeleg å forklare ukrainarane at fiskeriforvalting er viktigare enn å stå samla om sanksjonane mot Russland?
– Ja, dette er eit ømt punkt for Noreg. Eg skjøner det om folk ikkje synest resonnementet til regjeringa er så overtydande.
Bøn frå Kyiv
Ukrainske styresmakter vart i alle fall ikkje overtydde om at Noreg måtte halde hamnene opne for russiske trålarar. Ved fleire høve har Ukraina bede Noreg om å stengje russarane ute. Alt i talen sin til Stortinget 30. mars, før EU hadde kome med den femte sanksjonspakken, oppmoda president Zelenskyj Noreg om å nekte russiske skip å kome til norsk hamn: «Så lenge Russland blokkerer våre havner, har det ingen rett til å bruke alle havner i den frie verden», sa Zelenskyj ifølgje omsetjinga til Aftenposten.
I eit brev til den norske regjeringa og Stortinget tidleg i juni bad den ukrainske regjeringa Noreg om å revurdere unnataket for fiskebåtane, skreiv Børsen.no i august. Når russiske skip kan levere fisk i norske hamner, «gjev det Russland ei inntektskjelde som bidreg til å finansiere den russiske krigsinnsatsen», heitte det i brevet. Russiske fiskebåtar blir òg brukte til etterretning og andre militære føremål og er ein risiko for Noreg, åtvara den ukrainske regjeringa.
I eit e-brev til Dag og Tid tek Lilyia Hontsjarevytsj, chargé d’affaires ved den ukrainske ambassaden i Oslo, opp att oppmodinga. «Slik vi ser det, er det viktig at den norske regjeringa revurderer unnataket for russiske fiskebåtar», heiter det i brevet. «Å hindre Russland i å forsterke krigsmaskina si gjennom økonomiske aktivitetar i verdsmarknaden er ein av dei mest effektive måtane å gjenopprette freden i Europa på», skriv Hontsjarevytsj.
Frihamn
Den norske regjeringa har til no ikkje oppfylt ønsket til Ukraina, og heller ikkje kritikken innanlands har påverka kursen. «Mens andre stenger havnene, har Norge blitt en frihavn for russiske fiskebåter og latt handelen øke», skreiv Jan Ottesen, talsperson i Norsk-ukrainsk venneforening, i eit innlegg på NRK Ytring 28. juli.
Det er vanskeleg å skjøne logikken til regjeringa i denne saka, seier Ottesen til Dag og Tid.
– Det blir sagt at sterke økonomiske sanksjonar er viktige for å få stogga krigføringa til russarane. Men når det er fare for at ein sanksjon kan råke Noreg, vel regjeringa lettaste utveg, seier Ottesen.
– Med denne handlemåten sender Noreg eit signal om at vi er villige til å prioritere økonomi framfor harde sanksjonar. Det er akkurat slike ting Russland ser etter: veikskapar og døme på at sanksjonane ikkje verkar.
Egoisme
På Stortinget har Venstre og MDG vore dei mest kritiske opposisjonspartia overfor regjeringa i denne saka. «Norge må slutte å fôre oligarkenes lommebøker og Putins krigsmaskin», sa Venstre-leiar Guri Melby til Fiskeribladet 12. august. Også Alfred Bjørlo frå Venstre har vore ein ivrig kritikar av det han ser som halvhjarta norsk sanksjonspolitikk.
– Det er prinsipielt feil å lage mildare sanksjonar på felt der vi sjølve har store økonomiske interesser, seier Bjørlo til Dag og Tid.
– Om alle land i Europa såg egoistisk på det og valde sanksjonar ut frå kva som gagnar dei, i staden for å danne ein felles front, ville Putin ha lett spel.
– Den store inntekta for Russland har kome frå gasseksport til EU-land. Mange land har halde fram med å handle med russarane etter at invasjonen tok til?
– Det er klart det ville vere vanskeleg for Tyskland å stengje av gassen over natta, men 27 EU-land med sine ulike interesser har i imponerande grad blitt samde om felles sanksjonar.
Bjørlo meiner det er på høg tid å fjerne unnataket for russiske fiskebåtar.
– Dette unnataket gjer det lettare for russiske reiarmilliardærar å få selt fisken sin. Og i Russland blir det sagt ope: Det er ikkje noko skilje mellom den militære og den sivile økonomien.
Naboskap
Dag og Tid bad om å få gjere intervju med talspersonar frå både Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet til denne saka. Det fekk vi ikkje. Vidar Ulriksen, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, svarte i staden på eit par spørsmål på e-post:
– Det norsk-russiske fiskerisamarbeidet er ikkje formelt kopla med dei russiske anløpa i norske hamner. Kvifor er regjeringa overtydd om at fiskerisamarbeidet vil bli skadelidande?
«Det er riktig at spørsmålet om videreføring av fiskerisamarbeidet, spørsmålet om russiske fartøys fiske i områder under norsk jurisdiksjon og spørsmålet om russiske fiskefartøys adgang til norske havner, er ulike problemstillinger. De henger likevel sammen, og vi ønsker ikke å treffe beslutninger som setter stabiliteten i nord, samarbeidet og den bærekraftige forvaltningen i fare.»
– Når regjeringa i Ukraina, eit land som kjempar for å overleve, bed Noreg om å stengje hamnene – er det da rett av regjeringa å prioritere fiskeriforvaltinga høgare enn å støtte Ukraina?
«Det geografiske naboskapet med Russland krever noe kontakt og dialog, også i denne situasjonen. Blant annet videreføres fiskerisamarbeidet med Russland, herunder også fiskeriforskningssamarbeidet», skriv Ulriksen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg slit litt med å skjøne logikken i argumenta til regjeringa.
Thomas Nilsen, redaktør i The Barents Observer
– Dette unnataket gjer det lettare for russiske reiarmilliardærar å få selt fisken sin.
Alfred Bjørlo, Venstre
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.