Framstegspartiets unge slekter
Sylvi Listhaugs parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep.
«Uten frihet er vi ingenting.» Frp-leiaren då ho heldt landsmøtetale på Gardermoen fredag i førre veke.
Foto: Javad Parsa / NTB
hompland@online.no
Partigründeren Carl I. Hagen hadde det med å halda torgmøte 1. mai for å la seg kasta ned av rotne egg. I år hadde etterfølgjarane partilandsmøte på eit flyplasshotell på arbeidarrørslas kampdag. Dei er for fellesskap, men mot at det blir brukt som påskot for statleg kontroll over enkeltmenneske. Bodskapen frå Sylvi Listhaug var at folk flest ikkje vil ha meir stat, men større fridom til å styra sitt eige liv, så derfor: «Det er Fremskrittspartiet som er partiet for vanlige arbeidsfolk.»
Det er noko i det, slik Framstegspartiet vil stå fram: av, for og med folket. Dei står sterkt mellom dei som har låg inntekt og utdanning, er prekært plasserte langt nede på den sosiale rangstigen og føler seg oversett og forakta, dei som kjenner på utanforskapen, men ser seg som verdig trengande som fortener betre. Det er dei andre som har skulda: politikarane, byråkratane, snyltarane, innvandrarane, formyndarane, elitane.
LISTHAUGS GLANSNUMMER er for tida Staten mot Folket. Staten fløymer over av inntekter, mens lommebøkene blør for folk og bedrifter. Folk flest blir flådde ved pumpene og frys fordi dei ikkje har råd til straum i husa. Vanlege folk er knuget av naud og svolt, skattar og avgifter. Staten blir rikare og trælande folk fattigare.
Ho kunne ha tydd til ei strofe frå «Internasjonalen», her i Martinus Høgåsens nynorske versjon:
Imot oss staten lover smider,
av bører blir vi bøygt i kne.
LISTHAUG HAR KOME meir til sin rett etter at partiet slapp ut av det grå regjeringsfengselet. Ho seier seg skuffa over Høgre, men vil likevel i regjering med dei att, men då monogamt, utan dei to små tullepartia. Det stadig meir liberalistiske og EU-kåte Venstre er ein hovudfiende på borgarleg side, fordi dei er også er grøne og liberale.
Om Frp skal veksa meir, må dei ta veljarar frå Høgre. Derfor går dei til åtak på storesyster for å vera «et overivrig støttehjul» for AS-regjeringa, og for å klimaflørta med MDG og plaga folk med grøn klimapolitikk og symbolske avgifter. Bodskapen er at Framstegspartiet er det reelle alternativet i norsk politikk, i konkurranse med kommunistane i Raudt.
LISTHAUGS PARTI har fått høgare veljarstabilitet, og dei har henta heim att flytande protestveljarane som blei lokka av Vedums antielitistiske og systemkritiske raptus. I urbane strøk går det ikkje så bra, for jo større byane er, jo fleire tullingar er det som set sitt merke på partiet. Skal veljarane koma tilbake, må dei gløyma at Frp var bompengeansvarleg i åtte år, og at energiministrane deira ivra mest for lønsame straumkablar til utlandet.
DET FRISTILTE Framstegspartiet leitar stadig etter det kjære dobbelansiktet frå det historiske livet i opposisjon: eit autoritært parti som manøvrerer etter folkelege vindar som dei kan legga seg på og pusta til; eit liberalistisk parti for meir individuell fridom og færre statsinngrep, men på same tid ein politikk som er avhengig av ein sterk og rik stat. Det folk flest fortener, skal staten betala, og det har staten råd til, for han håvar inn pengar på olje og gass, straum, moms og drivstoffavgifter. Og meir velferd skal det bli, dersom partiet klarer å forlenga fossilalderen.
Sylvi Listhaugs parti er om-trent der partistiftaren Anders Lange var: «La Nordsjøens skatter betale folkets skatter.»
DEN NYE LEIAREN i Framstegspartiets Ungdom, Simen Velle, var ute og lufta seg før landsmøtet. Han er usamd med moderpartiet på eit viktig punkt: Han vil spara oljepengane til framtidige generasjonar. Elles vil han legga ned Kulturdepartementet, selja Vinmonopolet, NRK, teater og opera, ha fri bruk og sal av narkotika, setta universitet og sjukehus ut på anbod, slutta å omfordela mellom rike og fattige og senka skattane slik at folk har meir å rutta med til privat «veldedighet».
Idealet er ein minimal nattvaktarstat som ikkje plagar folk og overstyrer individas frie val. Ein må kunna gifta seg med så mange ein lystar, og det skal vera full råderett over eigen kropp, til dømes prostitusjon, betalt surrogati og kjøp og sal av nyrer og andre kroppsdelar til marknadspris. Men obs: Då må ein sjølv ta utgiftene ved eventuelle komplikasjonar og helseplager.
MYKJE AV DETTE er velkjende tonar, for slik har det gått om att og om att: Dei unge slektene i partiet blir så konsekvent liberalistiske og fridomselskande at det kjem på kant med det nasjonalkonservative og populistiske som partiet har som base. Då blir dolkane slipte, og dei formastelege lysglimta blir tilførte banesår. Dei må fjernast før dei utviklar seg til brutusar.
Terje Søviknes kunne ta på seg dette oppdraget, for nestleiaren har røynsle frå oppdrettsbransjen. Han har justert arbeidsinstruksen frå betalt lobbyarbeid mot partifellar til teknologi og forretningsutvikling i lakseindustrien. Ikkje at det var noko gale med dobbelrolla, men det skapte unødig støy rundt partiet.
Det er litt som då Listhaug kombinerte leiande partiverv med å ha hemmelege kundar som lobbyist i Fyrstehuset. Ho fakturerte til dømes Noregs idrettsforbund for å påverka Framstegspartiet til å gå inn for OL i Oslo. Men det skal den standhaftige Listhaug ha, meiner Vertinna: Kundelistene hennar fekk me aldri.
FRAMSTEGSPARTIET har alltid hatt vanskar med å halda orden på roller og skilja mellom regimenta. Reinhaldsvesenet er sterkt, men selektivt.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Imot oss staten lover smider,
av bører blir vi bøygt i kne.»
Fleire artiklar
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
–FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Teikning: May Linn Clement
«Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Alle foto: Håvard Rem
Ei grensevakt fortel
EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her
i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»