JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Lett å la seg forføra av det danske

Det er eit yndig lite land, gemyttleg og pragmatisk, med ei krigersk og imperial fortid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsyn frå Himmelbjerget (147,3 moh.) i Skanderborg kommune på Jylland.

Foto: Wikimedia Commons

5620
20220708
5620
20220708

hompland@online.no

Danmarks offisielle nasjonalsong er ikkje «Der er et yndigt land», men ein tekst som berre blir brukt når det er kongelege er til stades:

Kong Christian stod ved højen
mast;

hans værge hamrede så fast,

at gotens hjælm og hjerne brast.

Da sank hvert fjendtligt spejl og
mast i røg og damp.

JOHANNES EWALD skreiv teksten i 1779 etter eit skipsforlis ved Hornbæk. Skipperen blei redda av fattige, lokale fiskarar som sa nei til bergingsløn for redningsdåden. I syngespelet Fiskerne bakte Ewald inn songen som lovpriser bragdene til dansk-norske kongar og sjøheltar, hvori opptatt Nils Juel og Tordenskjold.

Danmark kriga under «Dannebrog» som etter legenda fall ned frå himmelen 15. juni 1219 under eit av Valdemar Sejrs slag på krossferd i Estland. Ei meir jordnær forklaring er at danskane kopierte flagget til dei allierte: Maltesarordenen eller Johannitterordenen.

NÅR DE DANSKE DRÆNGE triumferer i fotball, lyder det som dansk dynamitt: «Vi er røde, vi er hvide. Vi står sammen, side om side». Ved andre folkelege høve er det Oehlenschlägers tekst frå 1819 som rår grunnen, og som i den samtidig norske er det kjempers fødeland som blir hylla:

Der sad i fordums tid

De harniskklædte kæmper,

Udhvilende fra strid.

Så drog de frem til fjenders mén;

Nu hvile deres bene

Bag højens bautasten.

VED STEVNS KLINT, sør på Sjælland, ligg Højerup Gamle Kirke der delar av koret og gravlunden sklei ut i Faxe Bugt i 1928. Området var grundig fortifisert under den kalde krigen. Der er det ein heil skog av bautasteinar over biskopar, krigarar, diktarar og danskhedsmænd, nokre gonger i same person.

Ein av dei største er til minne om den lokale presten og høgskulemannen Christian Richardt (1831–1892), for det var han, og ikkje ein av dei større salmediktarane, som skreiv «Altid frejdig, når du går» til syngespelet Tornerose.

DET FREDELEGE NORDEN har ei tung krigssoge, der Noreg var ein kasteball. I fredane i Brömsebro og Roskilde midt på 1600-talet måtte det fallande Danmark overlata store landområde til det stigande Sverige: Skåne, Halland og Bohuslän, altså heile kysten av Kattegat opp til Svinesund – pluss Gotland, Jämtland og Härjedalen, og for ei tid også Trøndelag.

Sverige var ei ekspanderande stormakt under Karl XII, til dei i den store nordiske krigen blei slått av Russland og skiftande koalisjonar i Sentral-Europa. Vår vesle flik var det som hende nede på Fredrikshald.

Danmark hamna i feil allianse i Napoleonskrigane. Ved freden i Kiel i 1814 tapte dei Noreg, men ikkje Færøyane, Island og Grønland, som få brydde seg om.

Den neste store tapet var i 1864 mot Preussen og det etter kvart samla Tyskland: Schleswig og Holstein. Det var eit drepande slag for den skandinav­istiske rørsla at Noreg og Sverige ikkje støtta broderfolket.

DANMARK ER EIT LITE LAND, men har vore ei kolonimakt og eit lite imperium med eineveldig og uopplyst konge av Guds nåde, bortsett frå eit par liberale år då livlegen Struensee var på besøk. Firehundreårsnatta i det norske lydriket var perifert for det danske sentrum, men sette sterke merke i norsk overklasse i sprog, kultur, handel, presteskap og embetsverk.

Viktigare var tapa i Sør-Sverige og Nord-Tyskland. Etter kvart mista dei også koloniane i Vest-India og Aust-India og bruhovuda i Vest-Afrika som var sentrale for skipsfart, handel og slavetrafikk. For danskar som hamna der, var det som ei reise til nattens ende.

ETTER TAPA FORMA diktaren H.P. Holst mottoet «Hvad udad tabes, må indad vindes». Det tok også Grundtvig, den danske folkekyrkja og andre nasjonsbyggarar til seg. Det la grunnlaget for ein landbruksekspansjon med oppdyrking av heder og vådmarker. Liveigne blei sjølvstendige bønder og føregangsmenn i produksjon, distribusjon, meieridrift og samvirkeorganisering. Den agrare stormakta heldt seg så nøytrale dei kunne, etter devisa «Flagget følger flæsket».

I ØnSKEkonserten var «Den gamle skærslibers forårssang» (Sigfred Pedersen/ Kai Normann Andersen) eit fast innslag, som ein sentral del av det norske inntrykket av det danske:

Jeg går fra Skagen med kurs mod
Fakse,

og glemt er vinterens sult og nød.

Jeg sliber knive, jeg sliber sakse,

jeg sliber solskin og dagligt brød.

Når ein held seg unna motorvegar og køyrer eller syklar småvegar som snor seg rundt og mellom endelause åkrar, må ein sanna at «det land er endnu skønt, og løvet står så grønt». Men ein må minnast på dimensjonane for kva som er bakkar, berg og dalar. Himmelbjerget ved Silkeborg (147,3 meter over havet), lokalt kalla «Kollen», er alltid ein fotofest for norskingar.

DET DANSKE ER GEMYTTLEG, hjelpsamt og vennleg, bortsett frå når syklistane står på sin rett. For Spaltisten, som er ein slags sørlending med blaude konsonantar og kort veg til vårt næraste utland med ferja til Hirtshals, og som meiner seg å forstå og tala forståeleg dansk, er det ei pine å få svar på engelsk – i den norske komikarvarianten.

Det norske merkevaresporet i Danmark er Rema 1000, etter at Statoil er blitt Sirsle Kå. Bensinen kostar 17,50, og det er lett å tru at det ikkje berre er mat og øl som er billig i Danmark. Men ei krone er ikkje lenger ei krone, sånn som den svenske: 100 danske kroner står i 140 norske.

EIN MÅ TA INN over seg det forferdelege «skyderiet» på kjøpesenteret Field’s og heller ikkje lukka auga for at dansk høgrepopulisme har kasta fotlekkene. Men for den som er forført av det danske lynnet, er det stadig dejligt at være norsk i Danmark.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis