JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Storfamiliar med innvandrarbakgrunn står bak grov kriminalitet i nabolanda våre.

Politiet vil ikkje utdjupe kor omfattande problemet er i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Størsteparten av den grove kriminaliteten i Sverige er knytt til slektsbaserte kriminelle nettverk, ifølgje boka «Klanerna». Biletet viser politiet i aksjon etter at to personar vart skotne i Hässleholm i Skåne i 2019.

Foto: Johan Nilsson / TT NYHETSBYRÅN / NTB

13057
20241025

Dette er saka:

I både Sverige og Danmark har politiet fokus på kriminelle familienettverk.

Norsk politi stadfester at slektsbaserte nettverk opererer i Noreg, men vil ikkje utdjupe omfanget.

Johannes Wahlström og Jan Persson skriv om fenomenet i boka Klanerna – den systemhotande brottsligheten (Mondial 2023).

KRIMINALITET

christiane@dagogtid.no

I nabolanda våre Sverige og Danmark har både journalistar og politi den siste tida retta auga mot eit fenomen som i Noreg har vore lite omtala: kriminalitet utført av familienettverk med innvandrarbakgrunn.

«Familjen sprider skräck i Uppsala – dömda för grova brott», skriv svenske Aftonbladet 10. oktober.

Ifølgje avisa har «Gränby-familien» skapt ein frykt- og teiekultur i Uppsala-bydelen med same namn. Familien, som innvandra til Sverige kring tusenårsskiftet, skal ha stått bak utpressing, narkotikahandel, velferdskriminalitet og valdelege metodar for å skremme vitne frå å melde frå. Fleire familiemedlemmer er straffedømde for ulike former for brotsverk. Uppsala-politiet opplyser at dei kjenner til tre familienettverk med ein ganske stor valdskapital i området.

«Interne dokumenter afslører ‘ekstremt fenomen’. Fire dybt kriminelle storfamilier sigtet tusindvis av gange», skriv danske Berlingske 11. oktober. Avisa skriv med grunnlag i ein politirapport om fire familiar i Aarhus som svært hyppig er involverte i kriminalitet. Ifølgje avisa er det danske Rigspolitiet i ferd med å skaffe seg oversikt over kriminelle familiar i Danmark, inspirert av eit forskingsprosjekt om kriminelle familiar i Østjyllands Politi.

Stort omfang

I Sverige vart kriminelle familienettverk, eller klankriminalitet, som det også vert kalla, sett på dagsordenen i 2020, då den dåverande viserikspolitisjefen Mats Löfving sa til Sveriges Radio at minst 40 slektsbaserte kriminelle nettverk opererte i landet. Han sa vidare at desse familiane var komne til Sverige med ein klar plan om å organisere og systematisere kriminalitet.

I fjor kom boka Klanerna – den systemhotande brottsligheten med oppsiktsvekkjande påstandar om omfanget av kriminalitet utført av familienettverk i Sverige. Boka er no omsett til dansk, og ho har ført til at journalistar og kommentatorar i Danmark har fått auga opp for problemet også der. Fleire av dei ser likskapar mellom boka og den danske dokumentarserien Den sorte svane, som også fekk stor merksemd då han vart send på NRK.

Både boka og TV-serien viser korleis kriminalitet kan gjennomsyre samfunnet når personar som er villige til å utføre grov vald, allierer seg med kvitsnippforbrytarar tilsette i lovlege selskap.

Det forfattarane av Klanerna har undersøkt og skriv om, er altså kor mange kriminelle handlingar som kan verte spora tilbake til kriminelle familienettverk. Ja, ifølgje forfattarane gjeld det faktisk storparten av alvorleg kriminalitet i Sverige.

Som globale selskap

– Den absolutt største delen av den alvorlege kriminaliteten i Sverige er slektsbasert, og skriv seg frå store og velorganiserte klanar som arbeider som internasjonale konsern, seier den eine av forfattarane, Johannes Wahlström.

Wahlström er kjend som prisløna gravejournalist og har vore talsperson for Wikileaks i Norden. Klanerna har han skrive i lag med tryggingsekspert Jan Persson, som har bakgrunn frå Säkerhetspolisen (Säpo).

Konklusjonen har forfattarane trekt etter å ha gått gjennom eit omfattande kjeldemateriale – fleire tusen etterforskingsdokument, som i Sverige er opne for innsyn. Her har dei analysert informasjon om alt frå politiavhøyr til banktransaksjonar, telefonavlyttingar, e-post- og SMS-korrespondanse.

– Vi har sett på all alvorleg kriminalitet i Sverige i ein femårsperiode, som sprengingar, utpressing, skyting og så vidare. Når vi ser på det samla kjeldematerialet, får vi eit overgripande bilete av den svenske kriminaliteten, seier Wahlström.

Forfattarane bruker også ein hemmeleg politirapport som kjelde. Her er det lista opp 36 kriminelle familienettverk som politiet i 2020 oppfatta som maktfaktorar i samfunnet. Familienettverka har bakgrunn i land som Tyrkia, Afghanistan, Palestina, Libanon og Irak.

Brotsverk på bestilling

– I Noreg høyrer vi mykje om kriminelle nettverk og ungdomskriminalitet. Korleis heng denne kriminaliteten saman med den slektsbaserte?

– Når vi snakkar om gjengkriminalitet og ungdomskriminalitet, ser vi i materialet at det kan vere barn, flyktningar, ungdommar eller andre utsette personar som utfører brotsverk på oppdrag frå dei velorganiserte, selskapsliknande strukturane. Det kan vere 13-, 14- eller 15-åringar som skyt eller sel narkotika. Vi ser at dei gjengane som finst i Sverige, i det store og heile er slektsbaserte.

Til dømes, seier Wahlström, viser det seg at ein motorsykkelklubb ofte ikkje er ein motorsykkelklubb, men berre ein kjøpt logo, som gjev kjøparane valdskapital. Bak klubben står dei same klanstrukturane.

– Det finst sjølvsagt også kriminalitet utført av enkeltindivid som driv med utpressing og bestiller drap. Men når desse enkeltpersonane kjem i konflikt med organiserte kriminelle på den kriminelle marknaden, vert dei utkonkurrerte. På grunnlag av kjeldematerialet vårt kan vi seie at klanstrukturen er ekstremt konkurransedyktig i den kriminelle verda. Men ikkje berre i den kriminelle verda. Vi ser at klanane også kjem inn i den lovlege marknaden og skaffar seg konkurransefordelar, om det er i bankvesenet eller i restaurant- og kasinobransjen.

Rawa  Majid, også kjend som den «kurdiske reven», og Ismail Abdo, kjend som «jordbæret» er blant leiarfigurane i den svenske gjengkriminaliteten.

Foto: Svensk politi, TT Nyhetsbyrån / NTB

Problematisk omgrep?

– Kvifor har de valt å kalle dei kriminelle nettverka «kriminelle klanar»? Ein familie i seg sjølv kan jo ikkje vere kriminell, og alle familiemedlemmene er neppe kriminelle. Kan ikkje omgrepet føre til at ein som har vore uheldig og vorte fødd inn i ein familie med mange kriminelle, sjølv vert sett på som kriminell?

– Det som har vore relevant når vi har diskutert kva ord vi skulle nytte i boka, er kva som best skildrar det vi har funne i kjeldematerialet. Vi såg at ulike slektningar i den same klanen samarbeidde økonomisk, politisk og sosialt for å oppnå felles framgang. Vi såg at dei aller fleste klanmedlemmene ikkje trong å selje narkotika på gata, men derimot bidrog på andre måtar, til dømes ved å gje juridisk bistand eller ved å gje byggjeløyve og kvitvaske pengar frå kriminell verksemd. Det er korrekt at alle i klanen sjølvsagt ikkje utfører kriminelle handlingar. Men dei kriminelle handlingane kjem heile klanen til gode. Vi ser til dømes at klanoverhovudet kjøper eigedom for millionar av kroner eller opnar heile kjeder med restaurantar.

– Er du ikkje redd for at omgrepet kan føre til førehandsdømming av personar med eit visst etternamn?

– Det vil sjølvsagt verte feil om ein nyttar omgrepet på den måten. Det vi gjer i boka, er å sjå på praksisen. Vi argumenterer ikkje for korleis ein bør sjå på klankriminalitet, men skildrar kva vi har sett. Og det vi ser, er at til dømes hundre personar på ein viss stad kan samarbeide ved å kjøpe eigedommar og bustader til kvarandre og ha ein felles bilpark. Når fellesskapet deler verdiar, vert det ikkje så relevant om den enkelte utfører kriminelle handlingar eller ikkje.

Johannes Wahlström har skrive om korleis kriminelle familienettverk står bak grov valdskriminalitet og systematisk infiltrerer ulike delar av det svenske samfunnet.

– Klanstrukturen er ekstremt konkurransedyktig i den ­kriminelle verda.

Johannes Wahlström, journalist og forfattar

Foxtrot

– Kva skil til dømes Foxtrot-nettverket frå eit kriminelt familienettverk?

– Vi har sett på vårt eige kjeldemateriale og ikkje interessert oss for det politiet kallar nettverk, så eg veit faktisk ikkje heilt kva Foxtrot-nettverket er. Eg kan gjette meg til kva det er, ut frå kva hendingar vi har sett, og kva avisene har skrive. Og eg trur at eg med ganske stor tryggleik kan seie at dette nettverket heng saman med kjeldematerialet vårt. Ut frå det er mitt svar at størsteparten av den organiserte kriminaliteten vi har sett på, er klanbasert. Så om Foxtrot finst, er Foxtrot ein av dei klanane vi har sett på.

– Meiner du at politiet skildrar Foxtrot-nettverket på ein feilaktig måte?

– Det kan hende at politiet kategoriserer nettverk på ein måte som er relevant for dei. Det vi har sett, er at vi har å gjere med ein familiestruktur, etablert på ein viss geografisk stad, som driv ei viss verksemd, som har eit sterkt hierarki og som også har ulike mogleggjerarar som del av klanen. I tillegg outsourcar dei dei farlegaste oppdraga med størst risiko til barn og flyktningar, heimlause og personar som er avhengige av narkotika. Og det er vel dei som utgjer det politiet kallar eit nettverk. Men då set politiet ein heimlaus eller eit barn på linje med den kjernen som utgjer sjølve avgjerdsorganet, og som utgjer strukturen som tener på verksemda.

– Kva veit du om situasjonen i Noreg?

– Vi ser ofte at det går band til Noreg. Det kan vere ein telefonsamtale som opplyser om ein leveranse til Oslo eller Bergen. Men i materialet vårt ser vi berre banda, ikkje det som skjer der. Vi veit ikkje kor etablerte nettverka er i Noreg, men vi ser at hovudpersonane opplever seg sjølve som del av ein breiare geografi. Banda til Noreg, Danmark og Tyskland ser ut til å vere dei sterkaste.

Etterlyser debatt

Ein som lenge har etterlyst større merksemd om kriminelle familienettverk, er journalist, forfattar og Dag og Tid-skribent Einar Haakaas. «(...) det synlege biletet av vald i gatene er berre toppen av isfjellet. Det sentrale spørsmålet handlar om noko anna, kriminelle nettverk tufta på klanar. Her har vi noko å lære av røynslene frå Sverige», skreiv han i eit debattinnlegg i Dag og Tid i mai.

Haakaas har i fleire år skrive om korleis kriminelle familienettverk har infiltrert ulike næringar. I arbeidet med boka Svartmaling (2017) kartla han fleire kriminelle albanske familienettverk som har drive storstilt svindel i målar- og byggjebransjen.

Haakaas ser ein klar samanheng mellom kriminelle familienettverk og auken i gjeng- og ungdomskriminalitet som vi har sett i Noreg den siste tida.

– Heilt klart. Bak kvar ungdomsgjeng står det kriminelle nettverk, som regel knytte til ein familie eller klan. Det er altfor mykje fokus på ungdommane. Kjernen i kriminaliteten er i desse nettverka, familiane og klanane, seier han.

– Ein vert ikkje kriminell av å verte fødd inn i ein familie. Kan det også vere problematisk å snakke om kriminelle familienettverk eller klanar?

– Det er klart problematisk, men det er ein debatt vi må ta, slik dei er i ferd med i Sverige og Danmark. Det er vanskeleg å bryte ut av klanen, for han er så rotfesta i ein del kulturar. I klansamfunnet erstattar klanen velferdssamfunnet og tilbyr tryggleiken. Klanen betyr meir enn individet, og bryt ein ut, står ein åleine.

Journalist og forfattar Einar Haakaas er uroa for korleis organisert kriminalitet utviklar seg i Noreg.

– Bak kvar ungdomsgjeng står det kriminelle nettverk, som regel knytte til ein familie eller klan.

Einar Haakaas, journalist og forfattar

– Kva skal debatten føre til, utover at politiet må motarbeide kriminaliteten med dei verktøya dei rår over?

– For det første ei realitetsorientering. Vi må sjå kva vi står overfor, seier Haakaas.

Han meiner vi må ta inn over oss korleis kriminaliteten har utvikla seg i Sverige – og lære av det.

– Vi må forstå at situasjonen er kommen ganske langt, også i Noreg.

Høg kriminalitet

Dei kriminelle familienettverka går inn i eit dystert internasjonalt bilete. I den nasjonale trugsmålsvurderinga frå politiet om kriminelle nettverk kan vi lese at trugsmålet frå organisert kriminalitet aldri har vore høgare, ifølgje Europol. Interpol vurderer nivået på vald, korrupsjon og kvitvasking i Europa som historisk høgt. Kripos ser ulike former for trugsmål frå marokkanske, albanskspråklege, svenske, litauiske og søramerikanske kriminelle nettverk.

Dag og Tid har spurt Kripos om norsk politi oppfattar at kriminelle familienettverk er ei utfordring i Noreg, og eventuelt på kva måte. Vi har også spurt om politiet har ei oversikt, slik svensk politi har, over kven og kor mange dei eventuelt er.

Avsnittsleiar ved seksjon for organisert kriminalitet, Trond Bruen Olsen, svarar via e-post at Kripos ser at det er fleire kriminelle nettverk som er bygde opp kring familie- og klantilhøyrsel. Det gjeld til dømes internasjonale albanskspråklege og marokkanske nettverk som har delar av verksemda si i Noreg.

«Vi ser at tilliten og lojaliteten innad i slike grupper ofte er høy, og at den indre justisen kan være sterk. Det kan også gjøre det ressurskrevende for politiet å sette slike nettverk ut av spill. Norsk politi og påtalemyndighet har siden 2019 hatt en særskilt nasjonal innsats rettet mot kriminelle nettverk, der arbeidet har vært rettet mot informasjonsinnhenting og etterretningsproduksjon. Over 70 kriminelle nettverk er kartlagt i Norge. Mange av disse driver med grov narkotikakriminalitet, men det er også hvitvasking, bedragerier, menneskehandel, voldskriminalitet, og fiskeri- og arbeidslivskriminalitet.»

Olsen vil ikkje utdjupe i kva grad dei kriminelle nettverka er slektsbaserte.

«Vi har ikke anledning til å gå nærmere inn på strukturene i de enkelte nettverkene», skriv han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Foto: Ukrainsk forsvar

KrigSamfunn

Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.

Andrej Kurkov
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Foto: Ukrainsk forsvar

KrigSamfunn

Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.

Andrej Kurkov
Størsteparten av den grove kriminaliteten i Sverige er knytt til slektsbaserte kriminelle nettverk, ifølgje boka «Klanerna». Biletet viser politiet i aksjon etter at to personar vart skotne i Hässleholm i Skåne i 2019.

Størsteparten av den grove kriminaliteten i Sverige er knytt til slektsbaserte kriminelle nettverk, ifølgje boka «Klanerna». Biletet viser politiet i aksjon etter at to personar vart skotne i Hässleholm i Skåne i 2019.

Foto: Johan Nilsson / TT NYHETSBYRÅN / NTB

Samfunn

Storfamiliar med innvandrarbakgrunn står bak grov kriminalitet i nabolanda våre.

Politiet vil ikkje utdjupe kor omfattande problemet er i Noreg.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis