JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Knausgård: – Eg er vel ein slags ekstremmaterialist.

Karl Ove Knausgård seier at han treng svært lang tid på å fortelje noko.

Foto: Nina E. Rangoy / Forlaget Oktober

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10489
20241025
10489
20241025

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Hovudpersonen i romanen, Syvert Løyning, er utdanna ingeniør og realist i alt han tenkjer og gjer. Men gjennom boka møter han stadig det irrasjonelle og lever i kryssingspunktet mellom det rasjonelle og det irrasjonelle. Samstundes er han riven mellom livet han lever, og livet han veit at han kan få leve.

– Dette er den femte boka i serien om Morgenstjernen. Kva er det som gjer at seriar synest å ha blitt di føretrekte form for romanskriving?

– Eg treng svært lang tid på å fortelje noko, pluss at eg liker godt ting som kontrasterer kvarandre. Så liker eg at ein tekst eller ei forteljing eller roman kan vere på ulike plassar på ulike tider. I Min kamp, til dømes, fanst mange svært ulike nivå, frå å vere seksten til å vere førti, frå å vere småbarnsfar til å vere åleine og så vidare. I årstidsserien gav inndelinga seg sjølv, og denne serien er rett og slett ei lengre forteljing.

Hans tanke om skriving er at ein kan skrive om kva som helst.

– Same kva ein skriv om, nærmar ein seg før eller sidan det som er viktig for ein sjølv. Ingmar Bergman sa ein gong at ein scene er god når han skaper ein ny scene. Slik er det med desse bøkene òg. Hadde dei ikkje vore ein serie, ville dei aldri ha blitt skrivne. Dei har teke meg til stader eg aldri ville tenkt. Som Arendal; den romanen ville eg aldri ha skrive om han ikkje hadde komme i nettopp denne samanhengen.

– Oppfattar du då heile serien som éin roman?

– Heilt klart, eg tenkjer på serien som ein samanhengande roman. Årets bok er eit kapittel i den romanen. Bøkene kan fint lesast uavhengig av kvarandre, eller i motsett rekkefølgje, men for meg utgjer dei ein lang roman.

Den store forandringa

– Kva ser du som den overordna tanken eller ideen for denne romanserien?

– Det veit eg faktisk ikkje. Men om eg hadde kunna setje meg ned og skrive om det, ville du fått eit langt svar.

– Det hadde blitt ein ny roman, det, då?

– Ja, det hadde det kanskje. For det er gjennom skrivinga eg tenkjer. Det eg er interessert i, er den store forandringa som skjer i samfunnet akkurat no, og som har skjedd dei siste ti åra. Det har med teknologi å gjere og ei ganske radikal endring som fører til at biologien og teknologien nærmar seg kvarandre. Då KI kom, var eg overraska eit par veker, og så blei eg vant til det. Men det er jo ei utruleg stor forandring som finn stad. Eg prøver berre å skrive i den forandringa og vonar at det eg skriv, på eit eller anna vis har kontakt med tida eg lever i.

Han seier at det nettopp er ved ikkje å tenkje på det eller skrive essay om det – som han har freista, men ikkje heilt klart – at han lykkast best i dette.

– For forandringane skjer på eit vis som vi ikkje kan overskode, og romanen kan kanskje vere ein måte å få tak i det på. Nøkkelen for heile romanserien er rett og slett nærværet vårt, det å vere til stades, vere her og no, vere i sin eigen kropp. Dette er noko som går gjennom alle romanane, men som har forsvunne meir og meir i livet vårt. For no har vi merksemda vår alle andre stader. Livet er jo blant folk, ingen andre stader. Det er vanskeleg å snakke om dette, for det blir lett abstrakt. Og poenget med bøkene er at dei ikkje skal vere abstrakte, dei skal vere enkle.

– Er det krevjande å ikkje bli for intellektuell i skrivinga?

– Eg les svært mykje, men gløymer det meste. Så kan det komme opp att i skrivinga. Noko av poenget med det eg skriv, er at alt er lokalisert på ein bestemt stad, i ein bestemt karakter, og der føregår det mykje banalt og kvardagsleg. Det er jo der livet blir levd. Ein stor tanke finst ikkje i seg sjølv, alle tankar og alt som skjer, er knytte til konkrete situasjonar. Forteljinga er botnlaus; du kan aldri vite kva som følgjer straks noko tek til å skje.

Meining

– Det som er gøy for meg i denne serien, er å kunne pøse ulike tankar inn i fiktive personar som har andre avgrensingar enn eg sjølv. Då kjem også andre ting ut på andre sida.

– Det høyrest ut som du har det kjekt når du skriv?

– Det var ikkje så hyggeleg med denne romanen, men mange av dei andre har det vore veldig gøy å skrive. Arendal var ganske vanskeleg å jobbe fram, for eg hadde så lite i utgangspunktet. Berre byen, at det var uvanleg kaldt, at året var 1976 og hovudpersonen var den han var. At historia skulle bli så klaustrofobisk, gav meg inga glede.

– Forholdet mellom det tilsynelatande og det eigentlege er eit sentralt tema i Arendal?

– Det er viktig i alt eg skriv. Det har vel å gjere med korleis ting kjennest, kjensla av verda, og med verda slik vi nyttar henne. Det eigentlege er noko som desse romanane også kjempar imot. Men kva skulle det vere? Dei leitar etter meining, og der er det heile tida ei kryssing mellom verda slik ho ser ut, og verda som ho kan opplevast, dei kreftene som finst i henne, som kanskje ikkje eingong er synlege, men som vi likevel merkar. Bøkene mine, og eg, er konstant på utkikk etter meining. Min måte å leite etter meining på er å skrive.

– Hjelper det?

– I alle høve i stunda, i augeblikket. Men ikkje etterpå. Det er derfor eg les. Alt eg les, handlar jo om å sjå etter meining. Ofte kan det eg les, gi retning for skrivinga.

Knausgård har sjølv sagt at serien skulle bli på fem bøker. Men Arendal, som er den femte, ser ikkje ut som eit siste band. Det stadfestar forfattaren. Årets roman kallar han ein avstikkar, neste bok vil komme inn i hovudstraumen igjen. Om serien sluttar der, tør han ikkje spå.

– Kan vi kalle desse fem romanane ei utforsking av det oversanselege?

– Kanskje meir at eg utfordrar det rasjonelle. Det kjem av ei kjensle av at vi trur vi veit absolutt alt, har namn på alt, har dissekert alt, forstår alt ned til det minste rørlege element i universet og opp til det største, at vi skjønar alt frå byrjinga med The Big Bang og fram til universet går under. Men dette stemmer jo ikkje med slik eg trur det eigentleg er. Vi har fanga røyndommen i eit nett, som vi må ha for å kunne handtere og leve i han. Men eg trur at røyndommen er heilt annleis og kan sjå heilt annleis ut. For 500 eller 1000 år sidan såg han òg heilt annleis ut, for då levde folk i ein annan røyndom.

Han seier at det han prøver på, er å flytte det verkelege bitte litt.

– Då skjer det ting, mellom levande og døde, til dømes, der det opnar seg litt og døde byrjar sive inn. Det er berre for å skape litt ubalanse i reknestykket. Eg tenkjer fortida fyller meir og meir av notida. No gjer teknologien at vi kan hente fram det som ikkje finst lenger. Det er noko slikt eg har tenkt på i desse bøkene; at dei døde vil bli kraftigare og kraftigare nærverande her. Det er tale om dei døde som individ, men ikkje kroppen deira. Noko slikt har ikkje skjedd enno, men tanken er at det rommet skal opne seg, meir og meir.

– Du skriv om røyndommen og biletet av han som inkongruente storleikar?

– Reint fysiologisk er det slik at når vi ser noko, kjem det meir informasjon innanfrå enn utanfrå. Det som skjer, er at vi justerer eit bilete som alt finst, som vi er øvde opp til å ha. Vi ser det vi veit at vi ser. Eg trur at all litteratur, all kunst handlar om å utfordre måten vi ser på, prøve å finne nye vegar inn.

Kjenslevare Knausgård

Knausgård har lenge vore oppteken av sagafiguren Gisle Sursson, han som kunne sjå inn i framtida. Han tenkte å skrive bok om han, men såg at han kunne nytte historia hans i denne romanen. For Syvert har draumar om framtida, men han skjønar ikkje kva som skjer med han, og han strittar imot, vil helst beherske det. I den naturvitskaplege tenkjemåten hans passar ikkje dette inn. Dessutan slit han med eit heilt umogeleg val, mellom det livet han lever, og det livet han ønskjer å leve og veit at han kan få leve.

– Om han aldri så mykje er realist, trur Syvert at han har ei sjel?

– Då er vi vel midt i røyndommen.

– Han synest vere uvanleg kjenslevar. Er det noko han har frå deg?

– Der har eg nok brukt meg sjølv. Eg sleit med det i oppveksten, var utruleg kjenslevar. Og det blei jo ikkje særleg verdsett. Men hans måte å løyse det på, ved drikking, har aldri vore min måte. Mitt eigentlege utgangspunkt, sidan romanen skulle spele seg ut i 1976, var at eg kanskje kunne få skrive inn far min her. Eg har aldri skrive om han som ein romanfigur, berre om han som far min i Min kamp. Av utsjånad er Syvert som far min, men straks eg tok til å skrive, blei han ein annan.

Der Syvert Løyning tumlar steg for steg gjennom Arendal i natta og oppsøkjer miljø som er framande for han, ser det ut som om han opplever ei identitetskrise, kanskje til og med at han er to personar, ein om dagen og ein annan om natta. Knausgård fortel at han visste så lite om han før skrivinga tok til.  

– Så har eg tenkt at han truleg har halde det indre dilemmaet sitt unna. Men når han er kommen til Arendal (og boka skulle først ha tittelen «Nesten hjemme»), der han blir sett ut av det vanlege livet sitt, kjem alt det som er vanskeleg for han, for han har ikkje lenger noko forsvar. Ikkje nokon stad å gå, ingen å snakke med. Det han truleg har halde unna ganske lenge, klarer han ikkje lenger å dempe. Fordi han er på ein annan stad og kjenner seg litt forsvarslaus, losnar noko i han. Slik er heile romanen skriven; tilfelle utløyser nye tilfelle, som utløyser endå nye tilfelle…

Ekstremmaterialist

– Kva trur du på?

– Eg trur ikkje på Gud i kristen meining. Men eg er heller ikkje så dum at eg ikkje trur på noko. Eg liker svært godt å skrive innafor ein religiøs tenkemåte, og eg liker godt tanken på at det guddommelege har blitt kjøt og blod. Og at mysteriet eigentleg er oss, ikkje noko anna. Det er der det stoppar for meg. Ingen veit jo kva medvitet er for noko, trass i at det er det einaste vi har til å sjå verda gjennom, seier han.

– Eigentleg er eg vel ein slags ekstremmaterialist, men ein som på eit vis ser det heilage i det. Det er vel så langt eg kan strekkje meg.

– Nærmar du deg Septologien til Jon Fosse?

– Eg ser på det Jon Fosse driv med, som kunst; eg les bøkene hans på same måte som eg ser på kunst, som formidlar noko ordlaust, noko vi alle kjenner til, kall det gjerne mysterium eller eksistens. Dette har han alltid halde på med, men ganske annleis no enn då han byrja. Då var han enklare, mykje meir klaustrofobisk og mindre i kontakt med det vi kunne kalle «Det store». I samanlikning kjennest ikkje det eg held på med, som kunst, men heller noko som ligg nær underhaldningslitteraturen. Eg har ei kjensle av at Fosse og eg står på kvar vår side av ein stor avstand.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Foto: Ukrainsk forsvar

KrigSamfunn

Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.

Andrej Kurkov

Størsteparten av den grove kriminaliteten i Sverige er knytt til slektsbaserte kriminelle nettverk, ifølgje boka «Klanerna». Biletet viser politiet i aksjon etter at to personar vart skotne i Hässleholm i Skåne i 2019.

Foto: Johan Nilsson / TT NYHETSBYRÅN / NTB

Samfunn

Storfamiliar med innvandrarbakgrunn står bak grov kriminalitet i nabolanda våre.

Politiet vil ikkje utdjupe kor omfattande problemet er i Noreg.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis