Svertar Dei kvite hjelmane
The Guardian skal ha avdekt ein kampanje for å sverte Dei kvite hjelmane. Russland står truleg bak.
Medlemer av Dei kvite hjelmane ber kameraten Ilias Mahmoud al-Taweel i gravfedra hans i Damaskus.
Foto: Feras Domy / AP / NTB scanpix
Russland
mone@dagogtid.no
Framgangsmåten i kampanjen viser korleis konspirasjonsteoriar får grobotn, skriv den britiske avisa The Guardian måndag.
Desinformasjonskampanjen hevdar Dei kvite hjelmane er ein terroristorganisasjon lenka til Al-Quaida. Han tek form som nyhendeartiklar og videoar som hamnar øvst i søkjealgoritmane til fleire av dei største søkjemotorane på nettet. Fil Menczer, ein datavitskapsprofessor ved Indiana-universitetet, er ein av forskarane som skal ha funne prov på kampanjen. Han har utvikla Hoaxy, eit verkty som kartlegg spreiinga av desinformasjon på nettet.
Dokumentasjon
Svertekampanjen skal ha teke til på same tid som Russland sette i gang eit militært inngrep i Syria i september 2015. Russland støtta hæren til president Bashar al-Assad med luftåtak på område som opposisjonen rådde over. Og nesten med éin gong sette russiske riksmedia, som Sputnik, i gang med å hevde at IS var det einaste målet, og med å så tvil kring bombinga av infrastruktur og sivile område. Dei kvite hjelmane vert utpeikte fordi dei speler to avgjerande roller i Syria, ifølgje avisa: Den eine er redningsarbeidet dei driv, og den andre er dokumentasjonen av det som skjer i Syria, gjennom kamera, både handhaldne og på hjelmar.
– Dette har irritert ikkje berre Assad-regimet og Russiske styresmakter, men mange av propagandistane som jobbar rundt dei, seier krisehandteringssjef Kristyan Benedict i Amnesty International til The Guardian.
Russisk propaganda
«Måten den russiske propagandamaskina har retta seg inn mot Dei kvite hjelmane på, er ein ryddig saksstudie i dei rådande informasjonskrigane. Han avslører nett korleis rykte, konspirasjonsteoriar og halvsanningar boblar opp i toppen av søkjealgoritmane til Youtube, Google og Twitter», skriv den britiske avisa.
– Dette er hjartet av russisk propaganda. Tidlegare forsøkte dei å framstille Sovjetunionen som eit samfunnsførebilete. No handlar det om å forvirre menneske med så mange ulike alternative forteljingar at folk ikkje kjenner att sanninga, seier David Patrikarakos, forfattar av boka War in 140 Characters: How Social Media is Reshaping Conflict in the 21st Century.
Dei kvite hjelmane har fått mediemerksemd dei siste åra. Ikkje minst grunna dokumentarfilmen De hvite hjelmene, som vann Oscar. Organisasjonen er offisielt kjend som Det syriske sivilforsvaret, ein humanitær organisasjon med 3400 frivillige som har redda tusenvis av syriske sivile ut av bombeåtak. Arbeidet deira har gjeve dei to nobelprisnominasjonar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei kvite hjelmane speler to avgjerande roller i Syria.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.