Uroa av aggressiv ungdom
Autoriteten til politiet er på eit minimum, meiner politileiar i Stor-Bergen Morten Ørn. Bråket kring Sian-demonstrasjonen sist helg var eit illustrerande døme.
Politiet var ikkje førebudd på aggresjonen dei møtte frå motdemonstrantar under Sian-markeringa på Festplassen i Bergen førre laurdag. Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix
Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix
SAMTALEN
Morten Ørn
Politileiar i Stor-Bergen
AKTUELT
Politiet i Bergen mista tidvis kontrollen over ungdommar som demonstrerte mot ein Sian-demonstrasjon i Bergen førre laurdag.

christiane@dagogtid.no
Førre laurdag vart leiaren av Sian (Stopp islamiseringen av Norge), Lars Thorsen, angripen av motdemonstrantar under ein lovleg demonstrasjon på Festplassen i Bergen sentrum. Motdemonstrantane retta òg aggresjonen sin mot politiet, som var til stades for å sikre ytringsfridommen og tryggleiken på staden. Til tider var situasjonen ute av kontroll.
– Kvifor var det nødvendig å bruk tåregass når mange av motdemonstrantane var ungdommar?
– Det var for skape både tid og rom. På dette tidspunktet vart sperringane dytta mot scena. Det hagla med stein og gjenstandar mot dei som jobba der. Vi skulle ivareta Sian-personen som vart skadd og få dei andre Sian-medlemmane og utstyret inn i bilar. Samstundes måtte vi omrokere personale på ein ordentleg måte. Det mest hensiktsmessige då var å bruke tåregass. Det ga effekt, slik at vi fekk den arbeidsroa vi ønska. Vi hadde heller ikkje tid til å sjekke legitimasjon og alder på ungdommane.
– Det høyrest ut som om mykje skjedde på ein gong. Unge folk demonstrerte også utanfor politihuset i Bergen. Trur du at angrepa var planlagde og koordinerte, eller er det snakk om ei rekkje sjølvstendige hendingar?
– Vi har ein arbeidshypotese om at det som skjedde på Festplassen er koordinert. Alt skjedde så fort og på same tid. Dette må vi undersøkje og avkrefte eller stadfeste. Det som skjedde kring politihuset, var at barn og ungdommar opptredde i flokk. Vi veit at det vart sendt meldingar og bilete i sosiale medium til folk som ikkje var der, som ein kan oppfatte som oppfordring om at dei må komme seg til byen. Det ser ut som om dei meiner dette var ein slags leik, og at dei var under massesuggesjon. Våre mannskap nådde ikkje fram til dei. Om det var ein eller fleire leiarar, har eg ikkje nokon oppfatning om, men vi såg at enkelte personar var veldig aktive. Dei tok vi hand om.
– Bergensavisa (BA) skriv at elleve arresterte var i alderen 13 til 17, og at nokre av dei fekk hendene stripsa. Kvifor skjedde det?
– Fordi dei var utanfor kontroll og vi måtte pasifisere dei. Dette var knytte til situasjonen utanfor politihuset i Bergen. Då våre mannskap kom til politihuset, hadde 70 til 100 demonstrantar sprunge opp til politihuset, og stod der og kasta stein og flasker. Vi måtte sette ut politifolk for å tryggje huset. Politiet prøvde å spreie ungdommane og få dei til å trekkje seg vekk – noko dei ikkje etterkom. Då prøvde vi å opphalde dei unge så lenge at de vart leie, samstundes som vi ønska å ta ut personane som var mest aktive og eggje opp andre. Då vi telte dei opp i arresten, såg vi at dei aktive var nede i denne aldersgruppa. Det uroar oss at enkelte i den alderen hamnar i ein slik situasjon. Vi vil følgje opp desse ungdommane saman med Bergen kommune i ettertid. Også med tanke på at dei fekk eit negativt møte med politiet.
– Du har sagt til VG at autoriteten til politiet er på eit minimum no. Korleis merkar du det?
– Det merker vi heile tida, når vi anten skal gje pålegg eller må rydde opp i ein situasjon i Bergen sentrum eller omegn. Det held ikkje med ein politibil lenger. Ved oppdrag må ein tryggje kvarandre mot personar i nærområdet som i større grad enn tidlegare blandar seg i politiarbeidet og ikkje etterfølgjer pålegga våre. Vi høyrer oftare «fuck the police», vi hamnar ofte i mindretal og det vert oftare ein aggressiv stemning mot politiet. Dette såg vi tydeleg på laurdag, ved at barn ned i 12-13-årsalderen ikkje bryr seg om det vi seier.
– Kva trur du er årsakene?
– Vi meiner det er ein tidsspesifikk endring knytt til Black lives matter-episoden og alt som har skjedd i kjølvatnet. Det er mykje greie ungdommar, men Ungdata-undersøkjinga viser at terskelen for å bruke vald blant ungdom er lågare no enn tidlegare. Den skildrar og mangel på håp for framtida. Det gjer grunn til uro. Eg trur dette er samansett. Tiltrua til styresmaktane er kanskje ikkje så sterk, med tanke på måten styresmaktene handterar klimautfordringane og andre faktorar.
– Kva kan politiet gjere for å gjenvinne tillit og autoritet?
– Politiet vil aldri kunne klare det aleine. Her må alle kreftar på banen, også media. No er det berre politiet som ansvarleggjerast, men også ungdommar og foreldre må ansvarleggjerast. Det må også dei som har hevda at politiet har gitt løyve til demonstrasjonen i Bergen. Det er ikkje søknadsplikt til politiet om å demonstrere – dette er noko politiet får melding om. Vi legg til rette for at demonstrasjonar kan skje mest mogleg uforstyrra og på ein måte som gjer at offentleg ro og orden vert forstyrra minst mogleg. Dette er det lite kunnskap om blant enkelte vaksne, som kritiserer politiet for at Sian er i Bergen. Det har unge fått med seg, og dei rettar sinnet sitt mot politiet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Også ungdommar og foreldre
må ansvarleggjerast.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.