Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

VitskapSamfunn

Farvel til det gamle klyngetunet

Ole Arve Misund, direktør for Polarinstituttet, er «rimeleg sikker» på at ein ny Troll-stasjon blir godt utnytta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ole Arve Misund.

Ole Arve Misund.

Foto: Jan Roald

Ole Arve Misund.

Ole Arve Misund.

Foto: Jan Roald

3713
20230203
3713
20230203

peranders@dagogtid.no

Norsk Polarinstitutt har ansvaret for Troll-stasjonen, og direktør Ole Arve Misund er ein ivrig pådrivar for å få bygd ein ny stasjon. Prosjektet er «ikke noe ekstravagant. Det vi holder på med her er svært nøkterne greier», sa han nyleg til Khrono.

– Er det fagleg grunnlag for å bruke mellom to og tre milliardar på Troll-stasjonen ?

–?Det er det. Vi skal drive stasjonen på ein sikker måte som utgangspunkt for forsking. Og ei rekkje forskingsaktivitetar på klima, økosystem, glasiologi og andre felt nyttar Troll som tilhaldsstad, seier Ole Arve Misund.

– Men kapasiteten til den eksisterande stasjonen har langt frå vore fullt utnytta?

– Det er heilt rett, og det heng saman med at forholda ved stasjonen ikkje er lagde til rette for forskarar. Slik stasjonen er i dag, har vi ikkje dei kontorfasilitetane og laboratorieplassane forskarar krev.

– Er det interesse nok i forskarmiljøa til å utnytte ein slik kapasitet som de no planlegg?

– Det er vi rimeleg sikre på. Polarinstituttet har 20 forskarar som er engasjerte i Antarktis-forsking. I tillegg vil folk frå Norsk institutt for luftforsking, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og andre fagmiljø vere interesserte i å bruke stasjonen. Og utbygginga av Troll Observing Network, med støtte frå Forskingsrådet, kjem òg til å auke behovet for fasilitetar.

–?I kva grad er ei ny investering i Troll motivert av at Noreg skal styrkje gamle territoriale krav og vise nærvær i Dronning Maud Land?

– Oppgraderinga handlar først og fremst om å utvide Troll til ein forskingsstasjon. I tillegg er nærværet vårt viktig for at Noreg skal halde fram med å bidra til utviklinga av rammeverket i Antarktis.

–?Stortingsmeldinga om antarktispolitikken frå 2015 er klar på at den norske forskinga i Antarktis har samanheng med dei territoriale krava.

– Ja, det legg heller ikkje vi skjul på.

–?Er det rett å bruke forskingsmidlar til å drive utanrikspolitikk?

– Polarinstituttet er ikkje berre ein forskingsinstitusjon. Vi er òg eit direktorat med ansvar for norsk myndigheitsutøving i Antarktis. Driftsmidlane våre går altså ikkje berre til forsking.

–?Noreg er eit lite land med store ambisjonar for polarforskinga. Er det klokt å spreie ressursane på både Arktis og Antarktis?

– Noreg er verdas femte største polarforskingsnasjon. Vi er rangerte som nummer tre på Arktis-forsking og nummer 21 på Antarktis-forsking. Mange store spørsmål om klimautviklinga kan vi finne svar på i Antarktis. Da er det rett å gjere ein forskingsinnsats også i sør.

– Er det rett å satse mykje meir i Antarktis, om det går på kostnad om forskinga i nord?

– Ein del meir, vil eg seie. I dag brukar Noreg litt over halvannan milliard årleg på polarforsking. Av dette går kring sju prosent til forsking i Antarktis. Berre ein liten auke vil bidra til å lyfte oss frå 21. plassen i rangeringa.

– Sett opp mot halvannan milliard årleg til polarforsking er to–tre milliardar kroner til ny Troll-stasjon formidabelt.

– Ja. Men vi får ikkje til dette på ein billeg måte. Sidan 2005 har vi drive og klatta på dette klyngetunet. No må vi få ein forskingsstasjon som har framtida for seg.

– Er det ikkje fare for at dette blir nok ei statleg kjempeinvestering som blir brukt langt mindre enn planlagd?

– Om vi endar opp med konseptet til 2,3 milliardar, med plass til 65 personar og 20 forskarplassar, er vi rimeleg sikre på at det vil bli godt utnytta. Kanskje er det litt i knappaste laget, seier Ole Arve Misund.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi får ikkje til dette på ein billeg måte.

Ole Arve Misund,
Norsk Polarinstitutt

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis