🎧 Sædløyse på tinget
Kva skjer når barnet vert eit velferdsgode?
?Det var full sal då Stortinget behandla endringar i bioteknologilova tysdag 26. mai 2020. I sak etter sak vann alliansen mellom Frp, Ap og SV fram.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Kommentar
Tysdag 26. mai vart ei rekkje endringar i bioteknologilova banka gjennom i Stortinget. I sak etter sak vann alliansen mellom Frp, Ap og SV fram: eggdonasjon, assistert befruktning til einslege kvinner, tilbod om fosterdiagnostikk til alle gravide og rett til befruktning med sæd frå avdød mann. Kva seier desse lovendringane om synet på barnet? Det er verdt å leggje merke til når framtidas reproduksjon vert staka ut.
Barnet har vorte eit velferdsgode. Dette kjem klårast fram i vedtaket om tilbod om assistert befruktning til einslege kvinner. Opphavleg var dette tilbodet, her forstått som inseminasjon med sæd frå ein donor, organisert for å hjelpe barnlause ektepar. Hensikta var å fullbyrde ein seksuell relasjon som naturleg skulle vore fruktbar, og tilbodet kvalifiserte difor som helsehjelp. I 2009 vart tilbodet utvida til å gjelde lesbiske par. Debatten gjekk om ein framleis kunne kalle det eit helsetilbod når det var friske, fruktbare kvinner som vart inseminerte.
Vel, her trumfa likestilling for lesbiske par behovet for ein far, og no vert tilbodet utvida til å gjelde alle kvinner som ikkje har nokon mann å få barn med. Den friske einslege kvinna har krav på helsetilbod for å få barn. Premissen for tilbodet ligg ikkje i ein sjukdom, og korkje i ein kjønna relasjon eller i ein juridisk relasjon. Kor ligg det då? Svaret er omsorgsevna.
Kortslutning
I grunngjevinga til lovendringa vert det slege fast at det er «egnethet og ikke sivil status som er avgjørende for om foreldre er gode omsorgspersoner». Det er slett ikkje vanskeleg å være einig i dette. Problemet er berre at slutninga ikkje er gyldig: «Det bør derfor åpnes for assistert befruktning for enslige». At nokon er gode omsorgspersonar og har eit sterkt ønske om barn, tyder etter mitt skjønn ikkje at staten pliktar å hjelpe dei med befrukting. Men ettersom premissen for foreldre-barn-relasjonen ikkje lenger ligg i biologi, men i omsorgsevne, vert dette logisk.
Den same logikken vart tydeleg i stortingsdebatten, der Frp viste til at når einslege fekk adoptere, måtte dei òg kunne få tilbod om sæd. Dette er ei kortslutning. At menneske får barn og gir omsorg på ulikt vis, er ein anna sak. At alle barn er like verdifulle uansett korleis dei kjem til, er og ei anna sak. Det dette dreier seg om, er kva slags tenester staten skal tilby, og på kva slags premisser.
I det nye tilbodet til einslege kvinner er kvinnas velferd det høgste målet. Velferd var også argumentet på 50-talet, då sæddonasjon vart nytta for å hjelpe barnlause hustruer, og på 80-talet, då Gro Harlem Brundtland kjempa mot oppheving av sæddonors anonymitet. Anonymitet sikra mot «sædtørke», og spørsmålet om oppheving kunne ifølgje Brundtland stillast så enkelt: «Er det i va°rt land behov for a° innføre lovforbud mot a° hjelpe en del barnløse par til a° fa° sitt høyeste ønske oppfylt?» Denne vekas oppdatering av bioteknologilova er ei vidareføring av same politikk, men på nye premissar der korkje biologi eller sivil status set grenser.
Urettvisa ligg sjølvsagt rett rundt hjørnet. For når barnet vert eit helsetilbod til alle eigna kvinner, vert det hårreisande urettvist overfor kvinner som ikkje har eigne brukbare egg, og som difor treng meir enn sæd. Kvifor skal ikkje dei få oppfylt sitt høgste ønske når alle andre kvinner kan få det? Frp stogga førebels Ap og SV i mogelegheita for dobbeltdonasjon.
Verst går likevel urettvisa ut over menn, som ikkje er utstyrte med livmor. For det er vel «egnethet og ikke kjønn» som er avgjerande for om foreldre er gode omsorgspersonar? Logikken i lovendringa burde tilseie at også menn bør kunne få barn med statens hjelp dersom dei har god omsorgsevne og eit sterkt ønske om barn. Skranken mot dette forslaget er berre forbodet mot surrogati.
Denne skranken er alt riven ned, slik blant anna Hanne Skartveit i VG lenge har peika på. Når både eggdonasjon og befrukting til einslege vert godkjend, er det berre ei frivillig kvinne med råderett over sin eigen kropp som trengst. Med barnet som velferdsgode vil Ap, SV og Frp ganske sikkert snart møte seg sjølv i døra.
Mest alvorleg
Den kanskje mest alvorlege følgja av barnet som velferdsgode er den omfattande fosterdiagnostikken som no vert tilbydd alle gravide. Ein interessant premiss kom her fram i Ap, SV og Frp sin kommentar til preimplantasjonsdiagnostikk (PGD). Før tysdag var PGD tillate når éin eller begge foreldre er bærarar av alvorleg arveleg sjukdom der ein genfeil er kjend og når det er stor fare for at denne kan overførast til komande barn.
Befruktinga vert forretta i eit prøverør utanfor livmora, og embryoet vert sjekka for genfeil før det eventuelt vert sett inn og utviklar seg til eit barn. Ap, Frp og SV utvida kriteria for å få PDG. I innstillinga til lovendringa forklarte dei kva dette innebar, og dei nemnde blant anna genetisk disposisjon for brystkreft og eggstokkreft, i tillegg til eit overordna blikk på «lidelse og tapt livskvalitet».
Då eg las dette tenkte, eg på venninna mi som nyleg fekk brystkreft. Ein gong var ho eit jenteembryo med høg risiko for desse tilstandane, og ifølgje den nye lova vil slike embryo verte klassifiserte med «tapt livskvalitet». Kva veit vi eigentleg om det?
Når dette no er vedteke, tyder det ikkje berre ein ny premiss for PGD, men ei ny haldning til fosterdiagnostikk. Det som likevel er mest påfallande i fleirtalets grunngjeving, er at diagnostikk vert eit «moralsk ansvar»: «Flertallet ser det også som et moralsk ansvar å bidra til at mennesker kan bli født uten kjent fare for alvorlige diagnoser som ofte også medfører korte livsløp.»
Men slik må det sjølvsagt vere. Viss barnet vert eit velferdsgode, og staten tilbyr reproduksjon, må staten òg tilby kvalitetssikring. At det fort kan verte umoralsk å bære fram barn som har «tapt livskvalitet», ligg diverre i korta.
Eivor Andersen Oftestad
Eivor Andersen Oftestad er forfattar, forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når barnet vert eit helsetilbod til alle eigna kvinner, vert det hårreisande urettvist overfor kvinner som ikkje har eigne brukbare egg.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.