Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.
Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.
Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og
skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er
oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn
på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og
økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima
og miljø nedanfor.
I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.
DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.
På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.
DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.
Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.
Ketil Rismark viste prins Sverre Magnus råvarene då kongefamilien var på besøk i 2016.
Foto: Ole Martin Wold / NTB
Den siste fiskehandlaren
I mange hundre år er det vorte handla med fisk i Ravnkloa. No er det slutt for den tradisjonsrike fiskehandelen.

Homofile og lesbiske har kunna gifte seg i kyrkja sidan 2017, men prestar kan reservere seg mot å vie dei.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dårleg samvit i Kyrkja
Norske biskopar erkjenner at Den norske kyrkja har påført homofile smerte opp gjennom åra. Men framleis kan prestar seie nei til å vie kjærastar av same kjønn.

Krig i Ukraina
Krig i Ukraina
Krig i Ukraina
Taras Sjevtsjenko (1814–1861) var diktar, kunstnar og humanist. Mange ser på han som Ukrainas nasjonalskald.
Foto: Wikipedia
Ikkje eit eige språk

Krisa har samla ukrainarane
Krisa har samla ukrainarane
Krisa har samla ukrainarane
Våpentrening for sivilistar i Lviv i Ukraina 25. januar.
Foto: Roman Baluk / Reuters / NTB
Alt vert heitare – badstova òg
Trass i det konstante trugsmålet om krig, må det gå ganske bra i dette landet. Korleis kunne president Zelenskyj elles ha lova kvar einaste vaksinerte person over 60 år ein smarttelefon?

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og statsminister Jonas Gahr Støre i ein munnleg spørjetime i november i fjor.
Foto: Javad Parsa / NTB
– Raudt har mykje å takke AKP for
Ytre venstre er i medvind om dagen. Det er eit resultat av mange år med hardt arbeid lokalt, meiner valforskar Tor Bjørklund.

Respekt for språkkulturen
Respekt for språkkulturen
Respekt for språkkulturen
Jurij Averbakh (100) var alt i sovjetisk sjakk. Og han lever framleis. Foto frå 80-årsdagen i 2002, der Vasilij Smyslov (t.v.) gratulerer.
Foto: Jurgen Stigter / Wikimedia Commons
Ein russisk bauta

Demonstrasjonen for Ullevål sjukehus sist tysdag samla kring 2000 menneske i Oslo. Jan Bøhler framførte sin eigen kampsong for sjukehuset framfor Stortinget.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Eit seigliva sjukehus
Trass i vonbrotet i Hurdal: Sp-politikar Jan Bøhler nektar å gje opp kampen for Ullevål sjukehus.