Hint for hint veke 1
Kva institusjon?
5 POENG: Eit av dei viktigaste historiske døma på ein slik institusjon er Bayt al-Hikmah, som låg i Bagdad og vart øydelagt i 1258. I Noreg har me mange slike, inkludert eit tilrettelagt. Sistnemnde skifta namn i 2024 til Tibi.
4 POENG: Svaret inngår i tittelen som Aslak Sira Myhre har hatt sidan 2014. Då er me på nasjonalt nivå.
3 POENG: Institusjonen finst òg på fylkesnivå. Dessutan skal alle kommunar ha dette. Det same gjeld grunnskular, men kvaliteten varierer. Bayt al-Hikmah tyder Visdommens hus.
2 POENG: Det mest kjende dømet i antikken låg i Alexandria.
1 POENG: Ordet kjem frå gresk for «forråd av bøker».
Kva film?
5 POENG: Lorentz N. Kvam (1891–1947) er best kjend som forfattaren av boka bak denne filmen. Han gav ut boka i 1919 under pseudonymet Rocambole Pedersen. Kvam levde enno då filmen hadde premiere.
4 POENG: Andre verdskrigen var ei blømingstid for norsk underhaldning på kino. Til dømes denne komedien frå 1941. Joachim Holst-Jensen spelte tittelfiguren, som heiter H. Brand. Dette er ikkje hovudrolla.
3 POENG: Hovudrollene var ved Leif Juster og Ernst Diesen.
2 POENG: Etterforskarane Stein Rask og Simon Gløgg er på leiting.
1 POENG: Handlinga i eit nøtteskal: Ein som lagar ulike kjøtprodukt, har blitt borte. Han vert funnen etter mykje hurlumhei.
Kva sport?
5 POENG: I 2001 skulle verdsforbundet for denne sporten kåre hundreårets beste utøvar. På kvinnesida vann cubanske Regla Torres. På herresida vart sigeren delt mellom amerikanske Karch Kiraly og italienske Lorenzo Bernardi.
4 POENG: Sporten kom på OL-programmet i 1964. Det øvste nivået i Noreg, både for kvinner og for menn, heiter Mizunoligaen.
3 POENG: Kvart lag har seks spelarar på banen om gongen. Verdsforbundet vert forkorta til FIVB.
2 POENG: Det første leddet i namnet tyder «slag eller spark på ballen før han når bakken».
1 POENG: Ein liknande ballsport har førsteleddet sand-.
Kva person?
5 POENG: Denne personen (1820–1910) er nær knytt til ein merkedag 12. mai. I arbeidet sitt vart personen òg ein statistikkpioner, til dømes med coxcomb-diagrammet (ein type kakediagram).
4 POENG: Briten var omsorgsfull, kunnskapsrik og handlekraftig, også når det gjaldt å skaffe pengestøtte. Den best kjende innsatsen var i Istanbul i 1850-åra.
3 POENG: Coxcomb-diagrammet viste at soldatane i Krimkrigen døydde oftare av sjukdom enn av krig. Hygiene og psykososiale tiltak fekk dimed større merksemd.
2 POENG: Ho vert rekna som grunnleggjaren av moderne sjukepleie.
1 POENG: Ho gjekk nattlege inspeksjonsrundar. Soldatane var fulle av respekt for The Lady with the Lamp.
Svar på hinta
Kva institusjon: Bibliotek (Tibi er det nye namnet på Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek. Aslak Sira Myhre er nasjonalbibliotekar.)
Kva film: Den forsvundne pølsemaker
Kva sport: Volleyball
Kva person: Florence Nightingale (Fødselsdagen 12. mai er den internasjonale sjukepleiardagen.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.