Dylan Thomas:
Den handa som
skreiv under
Den handa som skreiv under felte byen,
fem fyrstefingrar rekna pust i tal,
dobla kloden av døde, halverte riket,
desse kongar fem vart ein konges fall.
Ei mektig hand får krampe i fingerledda,
eit stykke kritt gjer aksla slakk;
ei gåsefjør fekk sett ein strek for morda,
som sette ein strek for snakk.
Den handa som skreiv under på traktaten
avla feber, svolt og ramn;
stor er den hand som veldig held i maten
folk, med eit rabla namn.
Fem kongar tel dei døde, men lindrar ikkje
eit skorpa sår, gjer panna god;
ei hand rår for medynk, ei hand rår himmelriket,
men utan tåreflod.
Gjendikting ved Åsmund Bjørnstad,
Frå Dikt på min gebursdag
Bokvennen 2014
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dylan Thomas:
Den handa som
skreiv under
Den handa som skreiv under felte byen,
fem fyrstefingrar rekna pust i tal,
dobla kloden av døde, halverte riket,
desse kongar fem vart ein konges fall.
Ei mektig hand får krampe i fingerledda,
eit stykke kritt gjer aksla slakk;
ei gåsefjør fekk sett ein strek for morda,
som sette ein strek for snakk.
Den handa som skreiv under på traktaten
avla feber, svolt og ramn;
stor er den hand som veldig held i maten
folk, med eit rabla namn.
Fem kongar tel dei døde, men lindrar ikkje
eit skorpa sår, gjer panna god;
ei hand rår for medynk, ei hand rår himmelriket,
men utan tåreflod.
Gjendikting ved Åsmund Bjørnstad,
Frå Dikt på min gebursdag
Bokvennen 2014
Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.