Frå Medisinsk museum
1. Maren i myra: Som å velja millom pest og kolera, er enno eit ordtak. På 1800-talet var koleraen ein hard røyndom i Noreg. Takk vere karantene slapp me undan den fyrste bylgja i 1831, men året etter kom han til Drammen, og sidan til Kristiania. Truleg var det ein bøddel som bar smitta med seg til hovudstaden. Næringslivet ville ha fri flyt, og det var uvisst korleis koleraen spreidde seg. Maren i myra er eit tagalt vitnemål om koleraen kring 1850. Ho vart graven opp etter 1900, mesta like heil som dei spadde henne ned.
2. Finsen-apparatet: Tuberkulose, eller tæring, var ei fæl sykje, som diverre ikkje er utrudd i dag heller. Tæringa sette seg i ymse luter av lekamen, jamvel i hud og bein. Den færøyske vitskapsmannen Niels Rydberg Finsen laga eit apparat med ljosstrålar som skulle hjelpa mot tæring. Museet eig eit slikt Finsen-apparat som har vore nytta på Rikshospitalet i si tid. Finsen kan vera ein av fåe nobelprisvinnarar frå Færøyane. Hovudgata i Torshavn er oppkalla etter han.
3. Jarnlunga: Poliomyelitt, stutt sagt polio, råka mange born og unge. Difor kalla somme det barnelamming. Det kom heile farangar. Etter kvart fekk me vaksinar som hindra spreiing av sjukdomen. Dei som ikkje greidde å pusta, kunne liggja inne i ein respiratortank som vart kalla jarnlunga. Det var ikkje mange slike dyre jarnlunger, og dei vart frakta omkring i landet med fly til dei som trong det mest. Jarnlunga på museet kjem frå Massachusetts i Sambandsstatane.
Håvard Tangen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Maren i myra: Som å velja millom pest og kolera, er enno eit ordtak. På 1800-talet var koleraen ein hard røyndom i Noreg. Takk vere karantene slapp me undan den fyrste bylgja i 1831, men året etter kom han til Drammen, og sidan til Kristiania. Truleg var det ein bøddel som bar smitta med seg til hovudstaden. Næringslivet ville ha fri flyt, og det var uvisst korleis koleraen spreidde seg. Maren i myra er eit tagalt vitnemål om koleraen kring 1850. Ho vart graven opp etter 1900, mesta like heil som dei spadde henne ned.
2. Finsen-apparatet: Tuberkulose, eller tæring, var ei fæl sykje, som diverre ikkje er utrudd i dag heller. Tæringa sette seg i ymse luter av lekamen, jamvel i hud og bein. Den færøyske vitskapsmannen Niels Rydberg Finsen laga eit apparat med ljosstrålar som skulle hjelpa mot tæring. Museet eig eit slikt Finsen-apparat som har vore nytta på Rikshospitalet i si tid. Finsen kan vera ein av fåe nobelprisvinnarar frå Færøyane. Hovudgata i Torshavn er oppkalla etter han.
3. Jarnlunga: Poliomyelitt, stutt sagt polio, råka mange born og unge. Difor kalla somme det barnelamming. Det kom heile farangar. Etter kvart fekk me vaksinar som hindra spreiing av sjukdomen. Dei som ikkje greidde å pusta, kunne liggja inne i ein respiratortank som vart kalla jarnlunga. Det var ikkje mange slike dyre jarnlunger, og dei vart frakta omkring i landet med fly til dei som trong det mest. Jarnlunga på museet kjem frå Massachusetts i Sambandsstatane.
Håvard Tangen
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida