Hans H. Steinsund
Vent ved mi strand
Du lysande måne på kvelven så klår
stogg over stova i kveld
Skin gjennom bjørka som skjelvande står
Fortel om den vegen du går
Du stillslege stjerne som blinkar så nær
stogg over stova i kveld
Sei så kva veg gjennom rømda du ser
Lys opp mi tungsame verd
Du farande fuglen som leitar deg ly
kvil her på tunet i kveld
Syng så di vise og gjer du meg ny
og ver her til morgon vil gry
Du leikande bølgje så vilter og våt
vent ved mi strand litt i kveld
lat meg få lære din lindrande låt
vis lende og lei for min båt
Du solgode kveldsvind som kjæler med strå
ver litt i tunet i kveld
Spinn av din varme og tvinn meg ein tråd
som viser kva veg eg må gå
Frå Laksevind
Publica Bok, 2017
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hans H. Steinsund
Vent ved mi strand
Du lysande måne på kvelven så klår
stogg over stova i kveld
Skin gjennom bjørka som skjelvande står
Fortel om den vegen du går
Du stillslege stjerne som blinkar så nær
stogg over stova i kveld
Sei så kva veg gjennom rømda du ser
Lys opp mi tungsame verd
Du farande fuglen som leitar deg ly
kvil her på tunet i kveld
Syng så di vise og gjer du meg ny
og ver her til morgon vil gry
Du leikande bølgje så vilter og våt
vent ved mi strand litt i kveld
lat meg få lære din lindrande låt
vis lende og lei for min båt
Du solgode kveldsvind som kjæler med strå
ver litt i tunet i kveld
Spinn av din varme og tvinn meg ein tråd
som viser kva veg eg må gå
Frå Laksevind
Publica Bok, 2017
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida