Pølser frå sjøen
Alle foto: Arne Hassel
1. Rattpølsa: I huda til sjøpølsene finst mikroskopiske kalklekamar, fantastisk utforma som små ornament. Kalklekamane sit rett under hudoverflata og fortel straks kva dyr det er. Alle veit korleis styrerattet på gamle seglskip såg ut, men kven var først ute med oppfinninga? Det var den 10 millimeter store sjøpølsa Acanthotrochus mirabilis. Hjula har eiker, akkurat som sykkelhjul, i tillegg til spilene som går ut frå «felgen».
2. Rubinpølsa: Den neste sjøpølsevennen min har det velklingande namnet Mesothuria borealis, og han ser verkeleg ut som ei pølse, med kroppslengd opptil 20 centimeter. Også ho har mikroskopiske løyndomar. Kalklekamane har to eller tre løkker med utvekstar til sida. I tillegg har naturen skapt små ankerornament samanknytte med noko som liknar på tennisracketar. Som prikk over i-en inneheld huda massevis av små, illraude rubinar – fosfatlekamar.
3. Ankerpølsa: Til sist ei lita sjøpølse som heiter Labidoplax buskii. Til armering av kroppsveggen har ho valt små gjennomhola plater med handtak. I handtaket er det festa eit anker, og ankerkrokane stikk ut gjennom huda. Ganske fantasifullt, spør du meg. Sjøpølsa er ikkje stor, kanskje 30 millimeter. Rundt svelget er ho også forsterka, med ti kvitglansa
kalkplater som heng saman i ein ring. Stilig!
Arne Hassel
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Rattpølsa: I huda til sjøpølsene finst mikroskopiske kalklekamar, fantastisk utforma som små ornament. Kalklekamane sit rett under hudoverflata og fortel straks kva dyr det er. Alle veit korleis styrerattet på gamle seglskip såg ut, men kven var først ute med oppfinninga? Det var den 10 millimeter store sjøpølsa Acanthotrochus mirabilis. Hjula har eiker, akkurat som sykkelhjul, i tillegg til spilene som går ut frå «felgen».
2. Rubinpølsa: Den neste sjøpølsevennen min har det velklingande namnet Mesothuria borealis, og han ser verkeleg ut som ei pølse, med kroppslengd opptil 20 centimeter. Også ho har mikroskopiske løyndomar. Kalklekamane har to eller tre løkker med utvekstar til sida. I tillegg har naturen skapt små ankerornament samanknytte med noko som liknar på tennisracketar. Som prikk over i-en inneheld huda massevis av små, illraude rubinar – fosfatlekamar.
3. Ankerpølsa: Til sist ei lita sjøpølse som heiter Labidoplax buskii. Til armering av kroppsveggen har ho valt små gjennomhola plater med handtak. I handtaket er det festa eit anker, og ankerkrokane stikk ut gjennom huda. Ganske fantasifullt, spør du meg. Sjøpølsa er ikkje stor, kanskje 30 millimeter. Rundt svelget er ho også forsterka, med ti kvitglansa
kalkplater som heng saman i ein ring. Stilig!
Arne Hassel
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida