Postapokalyptiske forteljingar
Foto: Wikipedia
1. The Last of Us: Den legendariske filmkritikaren Roger Ebert sa at «video games can never be art». The Last of Us (2013) er provet på at han tok feil. I dette spelet stemmer alt; den dystopiske settingen, stemmeskodespelet og musikken. Ikkje minst historia og rollefigurane, som skura og gjekk i både bakhovud og hjarte i dagevis (eller som dette syner; årevis) etter at rulleteksten gjekk over skjermen.
2. The Road: Ein ting er sikkert; bøkene til Cormac McCarthy vil prege deg. Ikkje minst The Road (2006). Etter ei uforklart kataklysme er verda lagt aude. Vi fylgjer ein mann og sonen hans på ei vandring i ei tidvis grufull og primal verd. For underteikna som er småbarnsfar, får historia om mannen med eitt mål – å lære sonen å ta vare på seg sjølv – ein ekstra dimensjon som skaper sterke inntrykk.
3. The Stand: Stephen King er skrekkmeister, og det er gode dosar skrekk i The Stand (1978). Men det mellommenneskelege – på godt og vondt – gir størst resonans. Korleis vil vi samle oss og skape nytt liv når samfunnet bryt saman? Kva reglar skal gjelde, og kven avgjer? Miks dette inn i ei episk fantasyforteljing om godt og vondt. Og nyt.
Ante K. Lundberg
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. The Last of Us: Den legendariske filmkritikaren Roger Ebert sa at «video games can never be art». The Last of Us (2013) er provet på at han tok feil. I dette spelet stemmer alt; den dystopiske settingen, stemmeskodespelet og musikken. Ikkje minst historia og rollefigurane, som skura og gjekk i både bakhovud og hjarte i dagevis (eller som dette syner; årevis) etter at rulleteksten gjekk over skjermen.
2. The Road: Ein ting er sikkert; bøkene til Cormac McCarthy vil prege deg. Ikkje minst The Road (2006). Etter ei uforklart kataklysme er verda lagt aude. Vi fylgjer ein mann og sonen hans på ei vandring i ei tidvis grufull og primal verd. For underteikna som er småbarnsfar, får historia om mannen med eitt mål – å lære sonen å ta vare på seg sjølv – ein ekstra dimensjon som skaper sterke inntrykk.
3. The Stand: Stephen King er skrekkmeister, og det er gode dosar skrekk i The Stand (1978). Men det mellommenneskelege – på godt og vondt – gir størst resonans. Korleis vil vi samle oss og skape nytt liv når samfunnet bryt saman? Kva reglar skal gjelde, og kven avgjer? Miks dette inn i ei episk fantasyforteljing om godt og vondt. Og nyt.
Ante K. Lundberg
Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.