Svisker du treng i kvardagen
1. Andy Williams: «Music to watch girls by». På eit lurvete og kakerlakkprega hostel i Portugal høyrde eg denne for første gong. I ein rus blanda av vodka, sjømat og fullmåne forstod eg at denne songen er ein del av det å vere lukkeleg. Rett nok hadde eg den gongen hår og meinte at eg utan vanskar kunne bli ein legendarisk beatpoet. Ei rekkje usende manus seinare ser eg tydeleg at ein treng songar som ikkje har ambisjonar om litterære nobelprisar.
2. Hans Petter Hansen: «Jeg kommer snart igjen». På eit mørkt etterspel i Stavanger sette nokon på ei slitt LP-plate med Hans Petter Hansen. Saman song vi at vi snart kjem heim. Vi var fulle og fulle i optimisme og drøymde lett om å forvandle oss frå tvilsame unge menn til tvilsame vaksne menn. Det siste klarte eg med glans. Plata gjekk på repeat den natta, og morgonen etter dette famøse etterspelet var eg blakk på grunn av dårlege val og elendig kortspel.
3. Brian Hyland: «Sealed with a kiss». To minutt og førtito sekund med rein smerte. Nokon gonger har du ikkje noko ønske om å bli mindre deppa, heller meir. Då søkjer du fram denne songen og lullar deg djupt inn i eit mollstemt mørke som berre Brian Hyland klarer å skape. Det finst ikkje ei einaste lukkepille i verda som verkar mot amerikansk, sørgeleg popmusikk. Prøv sjølv, meir mismotig blir du knapt, og det er berre deilig depressivt.
Geir Bjarte Hjetland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Andy Williams: «Music to watch girls by». På eit lurvete og kakerlakkprega hostel i Portugal høyrde eg denne for første gong. I ein rus blanda av vodka, sjømat og fullmåne forstod eg at denne songen er ein del av det å vere lukkeleg. Rett nok hadde eg den gongen hår og meinte at eg utan vanskar kunne bli ein legendarisk beatpoet. Ei rekkje usende manus seinare ser eg tydeleg at ein treng songar som ikkje har ambisjonar om litterære nobelprisar.
2. Hans Petter Hansen: «Jeg kommer snart igjen». På eit mørkt etterspel i Stavanger sette nokon på ei slitt LP-plate med Hans Petter Hansen. Saman song vi at vi snart kjem heim. Vi var fulle og fulle i optimisme og drøymde lett om å forvandle oss frå tvilsame unge menn til tvilsame vaksne menn. Det siste klarte eg med glans. Plata gjekk på repeat den natta, og morgonen etter dette famøse etterspelet var eg blakk på grunn av dårlege val og elendig kortspel.
3. Brian Hyland: «Sealed with a kiss». To minutt og førtito sekund med rein smerte. Nokon gonger har du ikkje noko ønske om å bli mindre deppa, heller meir. Då søkjer du fram denne songen og lullar deg djupt inn i eit mollstemt mørke som berre Brian Hyland klarer å skape. Det finst ikkje ei einaste lukkepille i verda som verkar mot amerikansk, sørgeleg popmusikk. Prøv sjølv, meir mismotig blir du knapt, og det er berre deilig depressivt.
Geir Bjarte Hjetland
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida