🎧 Svein Ellingsen (1929–2020)
Foto: NTB scanpix
Svein Ellingsen
I de sene timers stillhet
I de sene timers stillhet
kjenner jeg en indre uro
som jeg ikke kan fortrenge.
Midt i gleden som jeg føler
over alt som dagen gav meg,
er en understrøm av smerte.
Mine nederlag står for meg:
Slik mitt hjerte kjenner dagen,
er den knust i mange deler.
Men i dagens siste time
får jeg overgi min uro
til en Annen ved min side.
Gud er større enn vårt hjerte!
Han som ser min maktesløshet,
frigjør meg fra skyldens tyngde.
Mine tanker finner hvile:
Slik jeg er, i all min svakhet,
er jeg elsket, er jeg godtatt!
Kristi eget ord og løfte
rekkes til meg som en gave:
Dine synder er deg tilgitt.
Så skal alt som gikk i stykker
også denne dag bli løftet
inn i Kjærlighetens helhet.
Skriven i 1971–72. Prenta i debutsamlinga
Det skjulte nærvær, 1978. Salme 823 i
Norsk salmebok, 1985. Salme 825 i
Norsk salmebok 2013, 2013.
Melodi: Harald Herresthal, 1977.

Lytt til artikkelen:
Palmesundag døydde salmediktaren, hymnologen og biletkunstnaren Svein Ellingsen, 90 år gamal. Han har skrive og attdikta nær seksti av salmane i Norsk salmebok 2013 og er sjølv attdikta til mange europeiske språk. Frå kring 1970 fornya han norsk salmekunst på eit vis som gjev han ein synleg plass i den ålmenne litteraturhistoria.
Etter artium i heimbyen Kongsberg i 1948 vurderte Ellingsen å studera teologi, men utdanna seg til biletkunstnar. I 1950-åra markerte han seg med kunstkritikk i Vårt Land og kronikkar i Morgenbladet. Den ressurssterke ungdomen song i mannskor, der han synte talent som solist. Dessutan skreiv og attdikta han salmar – utan særpreget han seinare fekk som vaksen diktar. Frå 1952 til 1955 studerte han ved Statens kunstakademi under professorane Jean Heiberg og Aage Storstein. Ellingsen sleit med depresjonar, og lækjarane rådde han frå ein kunstnarleg laupebane. I fyrste helvta av 1960-åra arbeidde han som redaksjonssekretær i avis og forlag.
I 1965 – ti år før han vart statsstipendiat –?fekk han eit stipend til «hymnologisk arbeid» frå Landsfondet til Den norske kyrkja, og året etter stadfesta han salmekunna si som redaktør for ei framifrå bokutgjeving på Det Norske Samlaget, Med hyllings ljod. Salmar frå andre land og kyrkjer i nynorsk omsetjing. I føreordet gjer han greie for korleis nynorsk salme(att)dikting hadde fornya salmespråket i Noreg – uvitande om at han sjølv skulle koma med ei fornying dei neste tiåra.
Nynorsk salmedikting var eit stoff han arbeidde med seinare òg. I 2007 heldt han foredraget «’Du er Gud over år og tider’. Nynorsk salmedikting i det tjuande hundreåret – med særleg vekt på Alfred Hauge og Bjarne Norheim». I Norsk salmebok (1985) medverkar Ellingsen som (att)diktar av fire nynorsksalmar: «Gud skapte jorda med blomar og strå» (294), «Lat nye tankar tolke Kristi ord» (522), «Vi syng med takk og glede» (611) og «For alle born som ikkje har ei seng» (732).
I 1966, same år som utgjevinga av Med hyllings ljod, byrja tobarnsfaren på eit årsstudium ved Statens lærarskule i forming, for å få undervisingskompetanse og eit yrkesliv som faglærar. Han vart tilsett ved Moland ungdomsskule ved industribygda Eydehavn, dit han og kona flytta med dei to døtrene i 1968. Ved Eydehavn tok han opp att biletkunstnarleg arbeid på fritida. Der var han formingslæraren min frå 1972 til 1975.
Ei biografisk lesing av salmekunsten hans har vore vanleg, uvanleg nok for ein samtidig salmist. Hausten 1969 omkom eldstedottera i ei brutal ulukke. Leksikonartiklar, reportasjar og biografiar tek føre seg tapsopplevinga som var med på å endra diktinga hans og salmespråket i Noreg.
Eit drygt år seinare, i januar 1971, kom ein son til verda – i lag med ein av dei mest kjende og nytta tekstane hans, dåpssalmen «Fylt av glede over livets under».
I 1978 gav Svein Ellingsen ut si fyrste samling med eigne salmar og dikt, Det skjulte nærvær, tileigna dottera Margrethe (1963–69).
Ellingsens fornying av norsk salmekunst kan ein sjå i ljos av utviklinga av norsk lyrikk i etterkrigstida. Han var påverka av den saklege og knappe stilen til Arnulf Øverland, av det mørke og medlidande uttrykket til Gunvor Hofmo, og av den kvardagslege, rimlause syntaksen til modernistane.
Han dempa og forenkla det høgtidsame salmespråket, og nærma seg stundom ein heimsleg prosastil, som i «I de sene timers stillhet» (1971/72, sjå eigen boks). Han dempa dei kristne mantraa òg, utan å utfordra luthersk ortodoksi. I tråd med ei økosofisk livshaldning supplerte han faderen og sonen med mora: jorda. Som eit alternativ til kjende adressatar som Jesus, Kristus, Herre og Gud nytta han tiltalar som noen og en Annen – i tråd med både modernistar og mystikarar. Ein av dei mest kjende salmane hans opnar slik: «Noen må våke i verdens natt/ Noen må tro i mørket/ Noen må være de svakes bror.»
Men han gjekk lenger. Han braut ein tusenårig tradisjon ved å sløyfa vokalrimet som hadde kome inn i nordisk dikting med kristendomen.
Kvifor vert salmane rima i hel, undra litteraturhistorikaren Hallvard Lie i 1967 – uvitande om at Ellingsen berre tre år seinare braut tradisjonen. I Norsk verslære, eit storverk på tusen sider med Carl von Linné-ambisjonar, raljerer Lie: «Det er i det hele tatt forbausende at salmister og andre fromme versifikatorer ikke har falt på den tanke at Gud og Vorherre med fordel måtte kunne stå uten rimmakker.»
Grepet Svein Ellingsen tok tidleg i 1970-åra er unikt. Med rimlause salmar fekk han fram ein ny tone, eit nytt språk, som kyrkjelyden ikkje hadde høyrt i kyrkja, berre utanfor og inni seg. Rimet er meir enn ein teknikalitet. Det er ein poesihistorisk markør, men ein idéhistorisk markør òg, frå stavrimet i førkristen tid, via vokalrimet i det kristne tusenåret, til rimløysa i etterkristen tid.
Men samstundes gjorde Ellingsen det alle dei no rimlause lyrikarane ikkje gjorde: Han heldt fast på fast metrikk. Dimed tok han ikkje berre vare på dei songlege eigenskapane i teksten, men allsong-eigenskapane òg. Som allsong har dei rimlause salmane hans vorte ein del av det kollektive minnet – på eit vis som moderne skriftlyrikk ikkje vert, heller ikkje lesesalmar (eit omgrep Ellingsen introduserer i Med hyllings ljod).
Då allsong av salmar på 1600-talet vart ein del av den lutherske gudstenesta, fyrst for karane i kyrkja, snart for kvinnene òg, var fast metrum ein føresetnad. Steving og messing er ikkje allsongvenleg. Det var salmediktaren og Nidaros-bispen Anders Arrebo som for 400 år sidan knekte den metriske koden og gjorde allsong mogeleg på skandinaviske språk, fyrst i kyrkjene, dinest i lyrikken, og etter kvart i dei framveksande folkerørslene av dissidentar og arbeidarar.
Ellingsens kombinasjon av rimløyse og fast metrum var ikkje ny i poesihistoria; til dømes vart han dyrka som blankvers av ein samtidig av Arrebo, William Shakespeare. I si tid nytta Ellingsen på eineståande vis kombinasjonen til å opna salmekunsten for ei moderne livskjensle.
«Han har skapt ei gjennomgripande endring i måten ein salme kan formulerast på», summerer litteraturvitaren Jan Inge Sørbø opp i det kloke etterordet til Ellingsen-utvalet I lyset fra Guds fremtid (1999). Det var ikkje skrive i stjernene eller nokon annan stad at fornyinga av norsk salmespråk skulle koma frå ein kulturkonservativ, riksmålskrivande kongsberggut. Men noko hende undervegs. Eit tap tvinga han til å bryta ut av hundreårige rammer og retoriske grep.
HÅVARD REM
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida