Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

Ulven frå Rimini

RIMINI: Den kunstelskande krigsherren Sigismondo Malatesta myrda dei to fyrste konene sine. Til den tredje bygde han eit tempel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Malatestatempelet i Rimini var opphavleg ei gotisk mellomalderkyrkje, før renessansefyrsten Sigismondo Malatesta kring 1450 bygde henne om til eit personleg minnesmerke over seg sjølv og elskarinna Isotta degli Atti.

Alle foto: Sjur Haga Bringeland

12458
20180629

Bakgrunn

Rimini:

Norditaliensk by ved Adriahavet med 150.000 innbyggjarar

Blei i 268 f.Kr. den romerske kolonien Ariminum

Styrt av adelsslekta Malatesta frå 1239 til 1503, kom under Kyrkjestaten i 1528 og blei del av kongeriket Italia i 1860

Er i dag ein av Italias mest populære badebyar

SERIE: Sjur Haga Bringeland vitjar italienske byar på jakt etter kunst og arkitektur som representerer det ypparste innan sin epoke.

Utanfor, i aust, bryt havet på mot ei 16 mil lang, låg sandstrand. Det er sjølve havet, Adriahavet, breitt og fritt, ukløyvt og utømt, endelaust – og uskjøneleg grunt. Mellom meg og Balkans knausete kyst på hi sida er det faktisk ingenstad djupare enn 20 meter.

Men ulikt jærstrendene strekkjer det seg på stranda utanfor hotellbalkongen min uendelege rekkjer av blå og kvite solsenger, alle arrangerte parvis kring eit lite, rundt bord som òg fungerer som parasollfeste. Men dei er alle tomme og ikkje éin parasoll er oppslått, for no i mai er badesongen enno ikkje byrja.

Lite er meir trøysteslaust enn slike badebyar utanom sesongen, kan hende med unntak av vintersportsstader om sommaren. Men eg er ikkje komen til Rimini for å bada. Eg er her for å sjå restane av det som på keisar Augustus’ tid var den blømande romerske provinsbyen Ariminum, og for å oppleva det vakre tempelet den fremste renessansefyrsten i bystaten, den store humanisten og tyrannen Sigismondo Malatesta, laga til minne om seg og yndlingselskarinna si.

Turistifiseringa

Rimini er hovudstaden i provinsen med same namn og lever mest berre av turisme. Sjølv om provinsen ikkje hyser stort fleire innbyggjarar enn Bergen kommune og har halvannan gong så stort areal, blir han vitja av 16 millionar turistar årleg, og han har over 3000 hotell. Badeanlegget, som blei reist her i 1843, var det aller fyrste langs heile adriakysten. Den gongen var turistane overklassefolk. I fascisttida blei slike badeferiar, som òg hadde terapeutiske mål, overtekne av middelklassen, medan dagens masseturisme byrja i 1960-åra.

Antikk hamneby

Rimini har ei stolt historie. Det som i dag er gamlebyen, det antikke Ariminum, blei grunnlagt som romersk colonia i 268 f.Kr. Kring 88 f.Kr. blei byen så opphøgd til municipium, noko som innebar at innbyggjarane fekk fulle romerske borgarrettar. Han var på denne tida ein viktig hamneby, både militært og merkantilt, men ligg i dag éin kilometer inn i landet. Grunnen er slamavsetninga frå elvene kringom, som i løpet av mellomalderen gjorde at Rimini hamna på det tørre.

Det fyrste monumentet eg møter på min veg frå stranda, er dei skrøpelege restane av det romerske amfiteatret som keisar Hadrian – han som bygde Hadrian-muren i England og Pantheon i Roma – lét reisa på byrjinga av 100-talet e.Kr.

Augustusbogen

Meir klasse er det over monumentet som ligg nokre hundre meter lenger oppe i gata. Her står nemleg byens fremste kjennemerke, som òg figurerer i byvåpenet: Arco di Augusto, Augustusbogen, som blei reist for å heidra keisar Augustus i 27 f.Kr. og er den eldste triumfbogen i Nord-Italia som framleis står.

Å oppleva antikke fortidsminne på museum eller i arkeologiske utgravingsfelt er éin ting. Men det å sjå dei i dagleg bruk, gjer eit heilt anna, levande inntrykk. Augustusbogen markerer nemleg, den gongen som no, inngangen til ei av dei travlaste gatene i Riminis bykjerne. Denne laurdagsføremiddagen hastar folk gjennom han på veg til jobb, og unggutar har lent syklane sine mot han for å slå seg ned på plenen framføre, der dei røykjer og flørtar med jentene. Ingen ser ut til å ensa bogen, for han er ein del av dagleglivet deira. Slik sett skil eg meg ut, der eg blir ståande å nistira.

Underlege hybridar

Kva var det som fekk romarane til å byggja bogen, og korleis skal me skildra han? Dei er nokre underlege hybridar, desse triumfbogane, som blei sette opp over heile Romarriket, for dei er halvt arkitektur og halvt skulptur. Opphavet deira er usikkert, men dei fyrste me veit om, blei reiste i Roma kring 200 f.Kr. Nemninga «triumfboge» er elles noko unøyaktig, for romarane reiste ikkje slike bogar berre for å minnast militære triumfar. I høve Augustusbogen var det ein samferdsletriumf som skulle minnast, nemleg Augustus restaurering av Via Flaminia i 27. f.Kr. Dette var den romerske hovudvegen mot nord, som byrja i Roma og enda her ved inngangen til Rimini.

Svevande gavl

Er det eit vakkert monument? Monumentalt er det, på sin lågmælte måte, og temmeleg ujålete om me samanliknar med yngre og meir kjende triumfbogar som Titusbogen (etter 81 e.Kr.) eller den veldige Konstantinbogen (315 e.Kr.) i Roma. Der er få, men fine ornamentale detaljar. Med min vesle handkikkert i 8x22, som er like god å ha på kunstreiser i Nord-Italia som på hjortejakt i Hardanger, studerer eg biletutsmykkinga oppe på bogen. I vinklane innanfor dei korintiske søylehovuda (som har form som runde kurvar omslutta av akantusblad), er der medaljongar med gudehovud. På sida som peikar ut frå byen, ser eg den skjeggete Jupiter til venstre, og i medaljongen til høgre er der ein yndig, nesten jentete Apollon.

Når eg legg frå meg kikkerten og studerer det strukturelle, blir eg merksam på noko merkverdig: Sjå på dei to søylene som flankerer den rundboga gjennomgangen i midten, og korleis desse står i høve til trekantgavlen over. Søylene er del av veggen, såkalla halvsøyler, og er såleis reint dekorative, for ulikt frittståande søyler har dei ingen berande funksjon. Halvsøylene skal likevel illudera frittståande søyler, så burde dei ikkje då støtta opp under trekantgavlen? Slik det er her, svever gavlen liksom mellom søylene, for dei er plasserte for langt frå kvarandre til at dei tangerer sjølve gavlen.

Merkeleg frisyre

Den kring ti meter høge Augustusbogen ser sjølvsagt annleis ut i dag enn då han blei bygd. Grunnen til at han overlevde mellomalderen og nytida, då slike bygg av kostesame steinsortar gjerne blei nytta som steinbrot, er at han blei innlemma som port i bymuren. Antikke er difor berre dei delane som er av kvit marmor. Det taggete teglsteinsbrystvernet på toppen, som gjev bygningen ein merkeleg frisyre, er mellomaldersk.

Bogen skulle setja varige spor etter seg i arkitektursoga: Femten hundre år etter at han blei reist, skulle renessansearkitekten Alberti sitera motivet då han skapte ein av dei mest nyskapande bygningsfasadane i renessansen: den til Tempio Malatestiano, Malatestatempelet, som ligg i sentrum av Riminis gamleby. For å koma dit går eg gjennom bogen og opp den snorrette gata Corso d’Augusto.

Romerske provinsbyar blei planlagde kring to hovudgater, cardo og decumanus, som la°g vinkelrett pa° kvarandre, slik at gatestrukturen likna kvadratiske nett. I Rimini er dette sjakkbrettaktige gatenettet meir attkjenneleg enn i nokon annan by eg har vitja. Dagens handlegate Corso d’Augusto utgjorde decumanus, og der denne kryssa cardo, låg det romerske forum, som òg i dag er midtpunktet i Rimini og heiter Piazza Tre Martini. Det er ein sjarmerande plass, avlang og romsleg, og i dag blir her halde marknad.

Terningen er kasta

Av det romerske forum finn eg få spor, bortsett frå ein del av den gamle brulegginga, som er graven fram og ligg fleire meter under dagens bakkenivå. I det nordvestlege hjørnet står ein moderne kopi av ein bronsestatue av Julius Caesar, keisar Augustus’ adoptivfar, som minner oss om ei avgjerande hending i romarsoga:

I 49 f.Kr. tok hærføraren Caesar den lagnadstunge avgjersla å kryssa den vesle elva Rubicon nord for Rimini. Etter romersk lov var det nemleg ulovleg for ein general å kryssa denne elva frå nord med hæren sin, og når han gjorde det, var det i praksis ei krigserklæring mot det romerske senatet. Etter elvekryssinga, då Caesar visste at det ikkje var nokon veg attende, ytra han det som er blitt eit ordtak: Alea jacta est, «terningen er kasta». Hendinga er òg opphavet til uttrykket «å kryssa Rubicon» om det å treffa ei ugjenkalleleg avgjerd. Det var her på Riminis forum han ifylgje tradisjonen skal ha halde den flammane talen til legionærane sine om å marsjera mot Roma.

Konedrap

Eitt kvartal nordaust frå piazzaen ligg Riminis mest populære attraksjon, Malatestatempelet, som eit minnesmerke over byens blømingsperiode på 1400-talet, då han blei eit kulturelt sentrum for den framveksande humanismen i Italia. Det vil seia: Minnesmerket er i grunnen heilt personleg. For etter militære triumfar bestemte den alt nemnde fyrsten Sigismondo Malatesta seg kring 1450 for å omskapa den gotiske fransiskanarkyrkja frå 1200-talet, San Francesco, til eit monument i romersk stil over seg sjølv og elskarinna Isotta degli Atti.

Rett skal likevel vera rett: Isotta blei til sist kona hans, den tredje i rekkja, etter at han rydda dei to førre av vegen – den fyrste forgifta han, den andre kvelte han. Det hevda i alle fall Sigismondos store nemesis, pave Pius II, som ekskommuniserte han for mellom anna mord, valdtekt, blasfemi, ateisme og heidenskap.

Det finst ikkje prov på at Sigismondo faktisk myrda konene sine. Men dette med kone-, broder- og sonedrap var uansett noko malatestaane var kjende for. Vanvyrd blei han i alle høve – sjølv om han var ein lærd renessansefyrste som kunne resitera store diktepos frå antikken utanboks, var framferda hans andsynes undersåttar og fiendar så tyrannisk at han fekk aukenamnet «Ulven frå Rimini».

Heidensk tempel

Men kva var det paven meinte med heidenskap? Dette får eg svar på når eg trer inn i bygget, som nett er opna att etter den tre timar lange middagspausen. Hovudskipet er i seg sjølv ikkje særleg spanande, det er dekorasjonane i dei seks sidekapella som her tek pusten frå ein: Alt er kledd med kvit og rosa marmor, som gjer lyset frå dei spissboga vindauga mjukt og varmt. Pilastrane, dei flate halvsøylene langs kantane av kapella, er kledde med marmorrelieff. Og på balustradane, rekkverka som skil kapella frå hovudskipet, står små statuar av smellfeite erotar (gudar i barneskapnad med pil og boge) i yndefulle posisjonar. To motiv går att: Elefantar, som var dyret Malatesta-familien hadde på våpenskjoldet sitt, og bokstavane «IS», som er initialane til Isotta og Sigismondo.

Her er mykje, men éin ting lyt ein leita lenge etter i desse sidekapella, nemleg kristne symbol. Slik sett hadde han rett, pave Pius II, då han hevda at denne kyrkja «er så full av heidenske bilete at det liknar meir på eit tempel for folk som tilber demonar, enn noko for kristne».

Lenge får eg diverre ikkje studera heidenskapen, for sidan det er messetid, jagar ein ivrig kyrkjetenar meg på dør. Men fasaden på kyrkja er like interessant som innsida, og minst like heidensk. I lys marmor kler han den gotiske kyrkja i eit renessanseskal, ein kledning som diverre aldri blei ferdig før Sigismondo blei styrta i 1462.

Triumfbogemotivet

Kva er det som gjer denne fasaden så spesiell? Han blei teikna av Leon Battista Alberti (1404–1472), som blir rekna som den fyrste fullblods renessansearkitekten i Italia, og her freista han for fyrste gong å smelta saman element frå kyrkje, tempel og triumfboge til ære for ein fyrste. Prosjektet blei skilsetjande, for aldri før hadde nokon bygd noko som etterliknar antikke monument på ein meir arkeologisk korrekt måte. Og Augustusbogen, som Alberti studerte i Rimini, var altså eitt av førebileta. Umiskjenneleg likskap syner detaljane i området kring inngangsportalen, som er forma som den storfelte, runde gjennomgangen i triumfbogar, flankert av halvsøyler. Desse halvsøylene er – slik me kjenner det frå Augustusbogen – òg korintiske, og i vinkelen på innsida av søylehovuda finn me same typen medaljongar, her forma som sigerskransar. Kva var vel meir høvande for å æra den klassisk skolerte Rimini-fyrstens militære triumfar enn antikke sitat som dette?

Alberti skal eg få oppleva meir av dei neste dagane. For i Mantova, der ei anna antikkelskande og despotisk fyrsteslekt regjerte, teikna han sitt mest fullendte verk: kyrkja Sant’Andrea. «Triumfbogemotivet» me kjenner frå Malatesta-tempelet, med tre bogar mellom fire søyler, syner seg her i den mogne forma som skulle prega kyrkjearkitekturen i fleire hundreår framover.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar
og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Éin ting lyt ein leita lenge etter i sidekapella i kyrkja, nemleg kristne symbol.

Sigismondo Malatesta (1417–1468). Utsnitt av freske av Piero della Francesca frå 1451.

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis